Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 9. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120209
Innenriks
Mandag 24. august, 2009
Har venta i åtte månader
OPPGITT: - Eg har fylt ut skademelding, sendt sjukmeldingar og gjort alt eg har blitt beden om. Likevel kjem ikkje sjukepengane, seier Tonny Bo Christensen. Foto: privat

Har venta i åtte månader

Mandag 24. august, 2009

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
regt: 23. oktober i fjor vart Tonny Bo Christensen skadd i ei arbeidsulykke. Han ventar enno på sjukepengane sine frå Nav.

Fram til oktober 2008 hadde danske Tonny Bo Christensen jobb i Flekkefjord. Da vart han utsett for ei arbeidsulykke, og fekk ein slik skade at han ikkje kunne halda fram i jobben. Dermed mista han den bustaden som følgde med jobben, og flytta tilbake til Danmark. Det skulle visa seg at det førte med seg ei rekkje problem i tillegg til det som følgde av den fysiske skaden.

- Skaden er slik at eg framleis ikkje kan gå normalt utan smerter. Etter det har eg stått på diverse ventelister. Eg har fylt ut skademelding, sendt sjukemeldingar og gjort alt eg har blitt beden om. Men likevel kjem ikkje sjukepengane, seier Christensen til Klassekampen.

Sivilombodsmannen

Sist veke sende han rapport til Sivilombodsmannen om korleis denne saka har blitt behandla.

Skaden skjedde 23. oktober, og Christensen fekk sjukmelding av norsk lege frå same dag. Da denne sjukmeldinga gjekk ut, var han framleis ikkje arbeidsfør. Den første sjukemeldinga frå dansk lege sende han til Nav Utland (seinare Nav Internasjonalt) 23. mars.

- I mai fekk eg beskjed om at denne sjukmeldinga ikkje var god nok. Den danske lovgivinga forbyr legane å skriva diagnosen i sjukmeldinga. Men eg fekk vita at dersom eg skreiv på eigenerklæringa kva for eit kne som var skada, skulle alt vera i orden, og pengane skulle komma. Denne eigenerklæringa sende eg 27. mai, og har innleveringsattest som dokumenterer at den er send, fortel Christensen.

Brev når ikkje fram

Sjukmelding for ny periode sende han 24. juli, denne gongen rekommandert.

- På telefon har eg fått vita at dette brevet har Nav Internasjonalt ikkje mottatt, seier han.

Christensen har spora brevet, og sporinga viser at brevet er sendt frå Danmark ti timar etter at Postdanmark mottok det, og utlevert til Nav Internasjonalt tre døgn etter at det vart sendt.

Han fortel at til no, snart eitt år etter ulykka, har han berre fått utbetalt om lag 10.000 kroner i sjukepengar. Dei pengane kom for nokre månader sia, og gjeld den perioden som var dekt av den norske sjukemeldinga.

- Eg har framleis sjukepengar frå november 2008 til gode. Eg har fleire gonger bede om innsyn både telefonisk og via e-post, men det har til no vore nyttelaust. Eg vil derfor be den norske Sivilombodsmannen gå inn i saka for å sikra at sjukepengane mine blir utbetalte så snart som berre mogleg, og at eg kan få innsyn i denne ulykkelege saka, seier Christensen.

Komplekse saker

Klassekampen har prøvd å få ei forklaring frå Nav.

Kristian Heyerdahl, seksjonssjef i Nav, forklarer at Nav Internasjonalt (tidlegare Nav Utland) har mange utanlandske samarbeidsland.

- Det kan oppstå vanskar, og det skjer oftare med utanlandssaker enn med norske saker. Når noko tar lang tid, er det som regel fordi det er ekstra komplekse saker, seier Heyerdahl til Klassekampen.

- Ut frå dei opplysningane vi har, ser det ut til at ein som har arbeidd i Noreg, og no er busett i Danmark, har venta sia november 2008 utan å få dei sjukepengane han meiner å ha til gode?

- Eg kan ikkje kommentera ei konkret sak, men dersom noko manglar av dokumentasjon når vi får eit krav om sjukepengar, skriv vi til vedkommande og ber om utfyllande dokumentasjon/opplysningar. Så tar vi stilling til saka, og er ikkje vilkåra oppfylt, må vi vedta eit avslag, seier seksjonssjefen.

Ikkje fast saksbehandlar

- Det er vanskeleg for dei som ventar å få kontakt med saksbehandlar?

- Det forundrar meg. Nav Internasjonalt har ei telefonsvarteneste der den som ringjer, kan få opplysningar om eiga sak. Om det trengst, blir dei kopla vidare til kyndig saksbehandlar som finn fram saka og svarer meir utfyllande. Eg kjenner ikkje til den type svarproblem som du refererer til, seier Heyerdahl.

- Ein kan ikkje rekna med å ha ein fast saksbehandlar i utanlandssaker?

- Nei, sakene blir tatt løpande av den saksbehandlaren som er tilgjengeleg. Nav Internasjonalt har funne det mest praktisk å ikkje ha faste saksbehandlarar, seier han.

- Heilt atypisk

Seksjonssjefen understrekar at han ikkje kan uttala seg om ei einskildsak.

- Så sant saka er korrekt referert, er dette heilt atypisk i forhold til det tilbodet vi ønskjer å gi. Saksbehandlinga tar i slike saker mellom to og åtte veker. Kva som kan ha skjedd i denne saka, veit eg ikkje, det verkar for meg uforståeleg. Eg kan ikkje stadfesta at det finst ein slik person og eit slikt saksforhold, seier seksjonssjefen.

Etter at Klassekampen var i kontakt med seksjonsleiar Kristian Heyerdahl i Nav sist torsdag, vart Christensen oppringd av Nav Internasjonalt, og vart beden om å senda på nytt dei sjukmeldingane han har sendt tidlegare.

- Denne gongen vil eg gå til det norske konsulatet, og be dei om å oversenda sjukmeldingane, i håp om at det vil nå fram på den måten, seier han.

Kultur & medier
Torsdag 9. februar, 2012
Vanskelig virkelighet

Vanskelig virkelighet

Sju år gammel møter Margaux Fragoso den femtien år gamle Peter. Da han begikk selvmord skrev hun bok om det hun velger å kalle et 15 år langt forhold.
Utenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Goliat står fjellstøtt

Goliat står fjellstøtt

AVGJORT?: Rick Santorum påfører Mitt Romney pinlige valgsmeller. Men Demokratene er fortsatt sikre på at det er pengesterke Romney de skal kjempe mot i presidentvalget.
Innenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Bestrider ikke diagnosen

Bestrider ikke diagnosen

UKLART: Anders Behring Breivik mener sakkyndigrapporten er full av feil. Men han har ennå ikke gjort seg opp en mening om egen tilregnelighet, sier hans forsvarer Geir Lippestad.
Dagens leder
Torsdag 9. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Modellen

Modellen

Dagens leder
Powered by eonBIT