Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Skottland

Dagens leiar:

* Aftenposten og fire store regionaviser nyttar i fellesskap sommaren og sine store ressursar til noko fornuftig: Dei oppsøkjer andre land som løyser vesentlege samfunnsoppgåver betre enn Norge, for å finne ut kva ein kan lære. Resultatet er ein reportasjeserie som vil bli flittig referert i valkampen, frå dei partia som får sine posisjonar styrka og stadfesta. Rapporten frå Bergens Tidendes team om helsevesenet i Skottland gir skarp ammunisjon til kritikarane av føretaks- og marknadsstyringa i sjukehussektoren - altså til SV, Senterpartiet og fagrørsla, medan regjeringssamarbeidets storebror - Ap - nok bladde fort over til sporten.