Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524

Ny test?

Ny test?

Fredag 17. juli, 2009

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
  • Gode regelverk skal verna mot skjønnsmessige og tilfeldige avgjerder i vanskelege spørsmål. Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) legg ned eit stort arbeid i å laga lov- og forskriftsendringar som skal gjera asyl- og flyktningpolitikken førutseieleg og stadig meir restriktiv. Innstrammingane som vart varsla sist haust skal nedfellast i regelverket. Men kor går grensa for kva som kan og skal fastsetjast i lover og forskrifter? Takk til Datatilsynet som har formulert ei høyringsfråsegn så tydeleg at vi no får vita at tidspunktet for når eit barn blir unnfanga kan vera avgjerande i ei sak om familiegjenforeining! Departementet sitt framlegg til lovendring er diverre ikkje ein forseinka aprilspøk. Kravet om fire års arbeid eller utdanning for menneske med flyktningbakgrunn som skal få familiegjenforeining med ektefelle/sambuar eller barn, er utforma for å hindra at familieforhold skal bli «utnytta» til å gje fleire menneske med utalandsk bakgrunn opphald i Noreg. Ein refleks av eit menneskesyn fleire av oss ikkje ønskjer å bli tillagt. Vi nektar å tru at det er mange som ser det å laga barn eller inngå ekteskap som ein grei «metode» for å få opphald i Noreg.
  • Men det stansar ikkje ved fireårskravet. AID har laga utkast til reglar for unntak, og det er der Datatilsynet åtvarar mot statleg dyneløfting. Fireårskravet skal ikkje gjelda dersom partane har «inngått ekteskap eller unnfanget barn i Norge medan begge har hatt oppholdstillatelse». Unntaket skal også gjelda dersom barnet er unnfanga før referansepersonen reiste inn i Noreg. Tilsvarande unntak skal gjelda dersom søkjaren er barn og «barnet ble unnfanget før tidspunktet for referansepersonens innreise i riket».
  • Ser lovgjevarane for seg at dette skal ha stor førebyggjande effekt, og påverka kor og når folk lagar barn? Er det ikkje også eit poeng for dei som lagar lover å ha i tankane korleis lovene skal kunna handhevast? Korleis skal det dokumenterast når og kor eit barn vart unnfanga? Graviditetstest ved innreise til Noreg er berre ei del-løysing, så lenge menn ikkje kan testast på same vis.
Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT