Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 8. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120208
Innenriks
Torsdag 25. juni, 2009
Frå 1200 til 10.000 årleg
FØDSEL: Stadig fleire barn blir fødde med keisarsnitt i den rike del av verda. - Eit keisarsnitt er ein stor operasjon med fare for komplikasjonar for både mor og barn, seier forskar og lege Mette Christophersen Tollånes. Illustrasjons

Frå 1200 til 10.000 årleg

Torsdag 25. juni, 2009

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
FØDSLAR: Stadig fleire fødslar skjer ved keisarsnitt. Fagfolk åtvarar om risiko for både mor og barn.

Frå om lag 1200 keisarsnitt i heile landet i 1967 har talet blitt nesten tidobla. I 2008 vart om lag 10.000 barn i Noreg fødde med keisarsnitt, ein auke frå 1,8 til 17,1 prosent av alle fødslar.

Både legar og jordmødrer er urolege over denne utviklinga, keisarsnitt kan ha negative verknader for mor og barn både på kort og lang sikt.

Komplikasjonar

I det nyaste nummeret av Tidsskrift for Den norske legeforening gjer lege og forskar Mette Christophersen Tollånes greie for erfaringar med bruk av keisarsnitt både i Noreg og i andre land.

Blant fagfolk er det ulike meiningar både om kvifor bruken av keisarsnitt har auka så mykje og kvifor auken held fram, enda det finst mykje kunnskap om ulemper ved keisarsnitt.

- Ein god norsk studie viser at keisarsnitt kan føra med seg ein risiko for komplikasjonar i eit neste svangerskap, særleg gjeld det komplikasjonar som har å gjera med morkaka. Den kan gro fast og ikkje løsna slik den skal, eller den kan løsna for tidleg. Dette kan få alvorlege følgjer, og i aller verste fall kan både mor og barn døy om dei ikkje får rett behandling i rett tid, seier forskaren.

Ho understrekar at for kvar einskild kvinne er ikkje risikoen stor, men om ein samanlikner ei gruppe med keisarsnitt og ei gruppe med vanleg vaginal fødsel, er det klart større risiko for dei som har tatt keisarsnitt tidlegare.

Astma og allergi

Andre undersøkingar tyder på at barn som er fødde med keisarsnitt, har ein auka risiko for å utvikla astma og allergi. Det er ikkje bevist at keisarsnittet er årsaka, men tydelege teikn på ein samanheng.

- Og så må ein vera klar over at det er ein viss risiko med sjølve inngrepet. Eit keisarsnitt er ein stor operasjon, men risiko for skadar på tarm, blødningar, infeksjonar og allergi som reaksjon på anestesi, seier ho.

- Dessutan skal ein ikkje undervurdera kva det har å seia at det tar lengre tid å komma seg etter eit slikt inngrep enn etter ein ukomplisert vaginal fødsel, og det er viktig for den som skal ta hand om eit nyfødd barn, legg ho til.

Det høyrer også med at det er ein viss risiko for at barnet kan bli skada av skalpellen, skadane kan vera bagatellmessige eller meir alvorlege.

Regionale skilnader

Statistikken viser at det er relativt store regionale skilnader i keisarsnittfrekvensen. Tala for 2008 viser eit landsgjennomsnitt på 17,1 prosent. Fylkesvis varierer det mellom 11,6 prosent i Hordaland (sjå neste side) og 21,2 prosent i Østfold. I seks av fylka skjedde kvar femte fødsel ved keisarsnitt i 2008.

- Det er ingen grunn til å tru at det er så store skilnader mellom kvinnene i dei ulike fylka. Det må vera andre årsaker, og det er nærliggjande å tru at det uviklar seg ulike kulturar for korleis fødslar skal handterast, seier Christophersen Tollånes.

Ho trur heller ikkje at det er «mors ønske» som er avgjerande for kor mange keisarsnitt det blir.

- Dei som ønskjer keisarsnitt, må få god nok informasjon. Fødselsangst er ein viktig årsak til eit ønske om keisarsnitt. Men flerie studier viser at det er svært lite som skal til av tiltak for at dei skal ombestemma seg og bli godt nøgde med det, seier forskaren.

- Kan det vera økonomiske drivkrefter som fremjar keisarsnitt?

- Norske sjukehus har ikkje økonomiske grunnar til å utføra keisarsnitt. Men det finst andre land der legar og sjukehus kan tena på å velja keisarsnitt, seier ho.

Jordmortenesta viktig

Marit Heiberg, leiar i Den norske jordmorforening, meiner også det er all grunn til å arbeida for å hindra ein auke i bruk av keisarsnitt.

- Eit godt jordmortilbod er viktig om ein skal greia det. Jordmødrene er ekspertar på normal fødsel og barseltid. For dei gravide kvinnene er det viktig at førebuinga startar lenge før fødselen. Frykta for det ukjende kan vera verre enn å stå midt oppe i det, seier Heiberg til Klassekampen.

Ho nemner som eit nyttig tiltak, brukt ved fleire fødeavdelingar, at ein sikrar at ei jordmor som er kjend for fødekvinna, er til stades ved fødselen. Det kan gjera mykje for å skapa tryggleik.

For små jordmorstillingar

Sia 2005 har det vore ein rett for kvinna å velja om ho vil ha svangerskapskontroll hos jordmor eller lege, eller ein kombinasjon, og i prinsippet skal svangerskapskontrollen vera gratis.

- Men det er slett ikkje alle kommunar, og heller ikkje alle bydelar i Oslo som har eit godt nok jordmortilbod. Dermed kan dei gravide kvinnene bli nøydde til å bruka eit privat tilbod, seier Heiberg.

Kommunane er forplikta til å ha ei jormorteneste, men det er ikkje talfesta kor omfattande den skal vera, somme er heilt nede i jordmorstillingar på ti prosent.

- Altfor mange kommunar bruker deltidsstillingar. Det kan gjera det vanskeleg å få jordmødrer til kommunane, og det gjer at det finst eit ubrukt potensial av jordmødrer, på same tid som tilbodet til kvinnene ikkje er godt nok, seier jordmorleiaren.

Kultur & medier
Onsdag 8. februar, 2012
Går ut mot distriktene

Går ut mot distriktene

Norsk forskning blir i for stor grad styrt av distriktspolitiske hensyn, mener biologiprofessor Dag O. Hessen.
Utenriks
Onsdag 8. februar, 2012
Obama forspiller

Obama forspiller

SKJEBNEVALG: Da Barack Obama sikret bankene tidenes redningspakke under finanskrisa, gjorde han det klart at den ene rikeste prosenten i USA også var den viktigste, mener økonomen Michael Hudson.
Innenriks
Onsdag 8. februar, 2012
- Handler om mer enn meg

- Handler om mer enn meg

STRID: LO mener firmaet DHL, med NHO i ryggen, driver en fagforeningsfiendtlig praksis. De vil få Arbeidsretten til å kjenne avskjedigelsen av tillitsvalgte Monica Okpe ugyldig.
Dagens leder
Onsdag 8. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Finanspakten

Finanspakten

Dagens leder
Powered by eonBIT