
Stiller ingen IMF-krav
Lørdag 30. mai, 2009
Den økonomiske krisa i verda har ført til auka etterspurnad etter lån frå Det internasjonale pengefondet, og utlånskapasiteten kan bli for knapp. Ei rekkje land har varsla at dei vil hjelpa til med pengar. Den norske regjeringa vedtok i går å gå inn for å stilla 30 milliardar kroner til rådvelde for IMF for ein periode på fem år.
Kritikk av IMF
Det internasjonale pengefondet har møtt mykje kritikk for si rolle overfor dei fattige landa i verda. I Soria Moria-erklæringa lovte den raudgrønne regjeringa mellom anna å arbeida for demokratisering av Verdsbanken og IMF.
I USA har 33 kongressmedlemmer formulert krav dei meiner USA bør stilla til IMF (sjå eiga sak), mellom anna for å sikra løyvingar til helse, utdanning og sosial tryggleik i land som mottar støtte frå IMF, og for å hindra hemmeleghald omkring IMF sine disposisjonar.
Noreg utan vilkår
Den avtalen mellom IMF og Norges bank som regjeringa ber Stortinget slutta seg til, stiller ingen slike vilkår.
Norske bistandsorganisasjonar reagerer på at den norske regjeringa er meir tilbakehalden med å stilla krav enn dei 33 kongressmedlemmene i USA.
Kirkens Nødhjelp (KN) er ein av dei organisasjonane som reagerer.
- Vi er svært kritisk til at Noreg har stilt desse 30 milliardane til disposisjon for den generelle låneverksemda IMF driv. Og vi er skuffa over at dei ikkje bruker dette høvet til å stilla krav om reform, seier Jostein Hole Kobbeltvedt, rådgivar i KN.
Han minner om at regjeringa i Kredittmeldinga har kritiske merknader om dei vilkåra IMF stiller overfor sårbare låginntektsland, men ingenting av dette kjem til uttrykk i avtalen om dei 30 milliardane som no skal stillast til rådvelde for IMF.
Norsk innverknad
- Det norske tilbodet om ein bilateral låneavtale har markert Noreg positivt og vist at vi legg vekt på dei multinasjonale institusjonane si rolle i arbeidet med å dempa problema som følgjer av finanskrisa. Dette bidrar til å styrkja Noreg sin innverknad i IMF, seier finansminister Kristin Halvorsen i ei pressemelding.
Statssekretær Bernt Sverre Mehammer (SV) i Finansdepartementet legg vekt på at Noreg har sagt nei til å støtta den såkalla PRGF-ordninga (Poverty Reduction and Growth Facility), etter råd frå norske frivillige organisasjonar, mellom dei Kirkens Nødhjelp.
- Men ville det ikkje også vera mogeleg å stilla krav direkte knytt til låneavtalen?
- Slik vi ser det, ville det vera vanskeleg å forsvara internasjonalt å seia nei til ei låneordning som kan bidra til å hjelpa land som har store økonomiske problem. Skulle vi seia nei til å hjelpa fordi vi ikkje får fullt gjennomslag for våre prinsipp, spør statssekretæren.
- Det nye no er at vi vil bidra til at IMF får på plass ei ordning med kortsiktige lånemidlar til låginntektsland med betalingsbalanseproblem, med subsidiert rente. Vi vil bruka vår innverknad i IMF til at den får ei utforming i tråd med råd frå norske frivillige organisasjonar, legg han til.
Demokratisering
- Det er positivt at regjeringa seiner nei til PRGF og vil støtta låginntektsland med betalingsproblem, Men vi meiner også det må stillast vilkår om demokratisering av IMF, og meir innverknad for låginntektslanda. Etter den siste reforma har låginntektslanda ei stemmevekt på ti prosent. Dei utgjer mange land, og er dei landa der IMF har størst innverknad. Utan fundamentale reformer av IMF, vil ikkje pengane ha den verknaden ein ønskjer dei skal ha, seier Kobbeltvedt.
Han peiker på at nettopp det at ein så stor sum blir stilt til rådvelde burde vera eit godt høve til å klargjera vilkår frå norsk hald.
- Overraskande og pinleg
Også Utviklingsfondet er kritisk til regjeringa si handtering av denne saka.
- Det er både overraskande og pinleg om den norske regjeringa ikkje nyttar høvet til å stilla krav til IMF. Dei krava dei 33 kongressmedlemmene i USA har formulert, burde vera eit minimum, seier Aksel Nærstad, utviklingspolitisk seniorrådgivar i Utviklingsfondet.
- Det er bra å stilla pengar til disposisjon for land i økonomisk krise, det er ikkje tvil om at det trengst finansiell støtte. Men det burde ikkje gjerast gjennom IMF. Det kan gjerast på andre måtar, til dømes gjennom regionale bankar, seier Nærstad til Klassekampen.
- Å stilla milliardar til rådvelde for IMF utan å stilla strenge vilkår, er berre å støtta ein institusjon som har ført ein feilslått politikk, og har bidratt til den krisa som har auka fattigdommen, legg han til.
- I kva monn kan det hjelpa om eit land som Noreg knytter vilkår til slike lånemidlar?
- Dersom ein først stiller vilkår, må det overvakast at dei blir innfridd. Blir ikkje vilkåra følgt opp, må ein stansa all vidare utbetaling, og straks krevja tilbake det som er lånt ut, seier Nærstad.
Han minner om at Noreg ved andre høve har markert standpunkt internasjonalt som har gjort det lettare for andre land å følgja etter. Det er gjort både ved å nekta støtte til privatisering gjennom Verdsbanken, å trekkja krav om liberalisering i WTO, og ved å sletta u-landsgjeld.
- Med bakgrunn i det regjeringa har uttrykt i Soria Moria-erklæringa burde dette vera eit godt høve til å stilla krav til IMF som kunne få støtte frå fleire land, seier Nærstad.
Gull til gjeldsslette
På ei tid da IMF sin økonomi var særleg vanskeleg vart det bestemt å selja ein del gull, i utgangspunktet til ein verdi av fem milliardar dollar. Med stigande gullprisar ventar ein no at dette salet kan gi ein gevinst på ti milliardar. Frå G20-landa er det stilt krav om at minst ein milliard av denne summen må gå til gjeldsslette for låginntektslanda.
Kobbeltvedt minner på at dei nordisk-baltiske landa ikkje har vore klare på dette, dei har berre uttalt seg om generell styrking av IMF sin økonomi.
- KN har bede Noreg krevja at minst fem milliardar av gevinsten av gullsalet går til gjeldssletting for låginntektslanda, men vi kan ikkje sjå at dette har vore følgt opp så langt, seier KN-rådgivaren.










