Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 8. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120208
Kultur & medier
Tirsdag 7. april, 2009

Ingen ros for endringar

Tirsdag 7. april, 2009

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
- Eg vil helst sleppa Marie Simonsens påskelårbein på framsida av Dagbladet, seier Vinduet-redaktør Audun Vinger. Dagbladets omleggjing fell ikkje i god jord hos konkurrentane.

Laurdag la Dagbladet om profilen. Leiar, redaksjonelle kommentarar, kultur, idé og debattstoffet er samla heilt bak i avisa. Baksida er via politisk redaktør Marie Simonsen - med bylinefoto i heilfigur. Fotoa ser ut til å skifta dagleg, til liks med Simonsens antrekk.

- Den som har gjennomført dette før, er «Vær-Siri», meteorologen Siri M. Kalvigs spalte på baksida av VG. Det er slikt som aukar likskapen til vekeblada, seier medieforskar Aslaug Veum ved Høgskolen i Vestfold. Reaksjonen er sams for alle Klassekampen har snakka med.

Veum har tatt doktorgraden på ein studie av Dagbladet sine framsider på 1900-talet.

- Eg synest nesten det er litt trist. Marie Simonsen er jo ein god kommentator på alle vis. Dette er ein «mismatch» mellom det visuelle og det verbale. Kva er det dei vil kommunisera, spør Veum.

Manglar heilskap

I avhandlinga til Aslaug Veum var layoutendringar eit sentralt poeng.

- Det visuelle har vorte viktigare og viktigare. Det same har personfokuset, seier Veum.

- Dagbladet har vanskar med å koma ut av personfokuset, ein ser det tydeleg i Magasinet og ein ser det på framsidene. Oppslaget om Ingrid Schulerud sist fredag var eit reint vekebladoppslag. Ein går trøytt av dette personfokuset, meiner Veum, som meiner det også demonstrerer at Dagbladet slit med å finna sin funksjon som avis.

Veum meiner papiravisene står framfor store utfordringar i dag.

- Det at Dagbladet no prioriterer kultur på frå fyrstesida, er interessant. Det har eg tru på når det gjeld å skilja seg ut. Det signaliserer til intellektuelle lesarar at dette er ei avis for dei. Det hjelper ikkje med interessant kulturstoff inne i avisa, om du prioriterer heilt annleis på framsida. Ingen nye kulturinteresserte lesarar let seg fengja av då.

Samstundes som kultur blir løfta, skjer også det på den personfokuserte måten, påpeiker Veum.

- Per Petterson på laurdag var kulturstoff, men også det vinkla på det private: «Jeg skriver så kona gråter».

Bra med to inngangar

Heller ikkje dei Dagbladet no vil konkurrera sterkare med, som Morgenbladet og Aftenposten, synest at avisa har vunne mykje med omlegginga.

- Dette er primært nok ei layoutomlegging. Endringane er innbydande i seg sjølve, men vi har sett mange av dei i Dagbladet dei siste åra, diverre utan at dei har auka interessa for avisa, seier Aftenpostens kulturredaktør Knut Olav Åmås.

På den positive sida noterer Åmås at det å gje avisa to ulike inngangar er eit godt og ryddig grep. Han håper også å sjå teikn til at avisa på nyhendeplass gjev mindre rom for det uvesentlege.

Lite nytt

- Som kultur- og debattredaktør merkjer eg meg likevel at Dagbladet no nesten har ei side mindre med debatt enn før omlegginga. Dei har heller ingen nye kommentarformat, med unntak av sistesida, der Marie Simonsen og nokre andre skal skifta på å skriva. Dei har også litt nytt stoff i den daglege halvsides kommentarspalta, men totalt er nyskapingane ikkje meir enn halvanna kommentarspalte. Eg kan heller ikkje sjå at det blir satsa meir på kulturreportasje.

Åmås meiner også det bør uroa Dagbladet at avisa gøymer bort kulturnyhenda sine inne i avisa, blant annonsetunge sider.

- Ein må bla seg både fram og tilbake for å finne kulturnyhenda.

- Det som derimot er eit godt teikn, er at dei så langt har referert til kultur- og debattsaker på framsida kvar dag.

Også kulturredaktør i Morgenbladet, Lena Lindgren reagerer på bylinefotobruken.

- Men dette er kanskje ting som vil gå seg til. Det er alltid litt urettvist å dømma ut frå dei fyrste avisene etter ei omlegging, før ting har sett seg.

Lindgren synest derimot at ideen med å laga to inngangar til avisa er god.

- Det er nok mange som byrjar å lesa avisa bakfrå, og no har du kulturavisa der, medan du har nyhendeavisa fremst. Men om målsetjinga med omlegginga er å framstå som meir highbrow, meir analytisk og tung på bakgrunnsstoff, så mislukkast Dagbladet totalt, seier kulturredaktøren i Morgenbladet.

Ho meiner omlegginga er uryddig og uforløyst, og at det har vorte meir uklåre skilje mellom kultur- og idéstoffet.

- Som konkurrent fann eg korkje interessante grep eller noko eg kunne læra i den nye kultur- og debattseksjonen. Det er trist. På eit tidspunkt byrjar ein å unna Dagbladet å gjera det godt. Avisa har ein tradisjon som er verd å halda i hevd, og det er ikkje bra for norsk allmente at vi ikkje har ei stor tabloidavis som er god på desse stoffområda.

Vinduet-redaktør og tidlegare Natt og Dag-redaktør Audun Vinger er negativ til omlegginga, som han meiner hovudsakleg er visuell.

- Eg kan ikkje sjå at det er meir kulturstoff og å samla kultur og kommentar bak har eg ikkje sans for. Det gjev ein ubalanse i avisa å ikkje få dette først, meiner han, som alltid les avisene forfra.

- Det er viktig å få fram profilar, men desse fotoa av Marie Simonsen er dryge. Det er lett å le av eit Dagbladet som slit i motbakke, men dei har hatt mange høve til å leggja om kursen. Samstundes voner eg Dagbladet vil overleva som kvalitetsavis, Det er godt å ha ei kvalitetsavis som er mindre markant i forma enn både Morgenbladet og Klassekampen, meiner Vinger, som samstundes spør:

- Kor er tv-programmet? Det vil nok mange lura på.

Kultur & medier
Onsdag 8. februar, 2012
Går ut mot distriktene

Går ut mot distriktene

Norsk forskning blir i for stor grad styrt av distriktspolitiske hensyn, mener biologiprofessor Dag O. Hessen.
Utenriks
Onsdag 8. februar, 2012
Obama forspiller

Obama forspiller

SKJEBNEVALG: Da Barack Obama sikret bankene tidenes redningspakke under finanskrisa, gjorde han det klart at den ene rikeste prosenten i USA også var den viktigste, mener økonomen Michael Hudson.
Innenriks
Onsdag 8. februar, 2012
- Handler om mer enn meg

- Handler om mer enn meg

STRID: LO mener firmaet DHL, med NHO i ryggen, driver en fagforeningsfiendtlig praksis. De vil få Arbeidsretten til å kjenne avskjedigelsen av tillitsvalgte Monica Okpe ugyldig.
Dagens leder
Onsdag 8. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Finanspakten

Finanspakten

Dagens leder
Powered by eonBIT