Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 9. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120209
Innenriks
Onsdag 11. mars, 2009
«Ikkje god rollemodell»
UTFORDRANDE: Skoleleiinga reagerte på at bibliotekaren la ut bilete av brytarar «i tettsittende trikoter» på Facebook-profilen sin. Bileta er berre tilgjengeleg for dei som registrerte i Samuelsen sin vennekrets på Facebook. På bileta til venstre og høgre er Kristian sjølv avbilda i raud trikot.

«Ikkje god rollemodell»

Onsdag 11. mars, 2009

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
USAKLEG: Desse private Facebook-

Kristian W. Samuelsen starta som skolebibliotekar ved Oppegård videregående skole i oktober 2008. Etter nokre veker vart han innkalt til møte med rektor og assisterande rektor. Det vart ikkje sagt noko om kva møtet skulle handla om, og han fekk ikkje høve til å få med ein tillitsvald til møtet.

«Utfordrande»

- Eg vart svært overraska da det viste seg at dei ville snakka om bilete eg hadde lagt ut på min Facebook-profil, seier Samuelsen.

Av referatet frå møtet går det fram at to elevar skulle ha sett «utfordrende bilder av bibliotekaren på Face Book». Rektor meinte desse bileta stemte dårleg overeins med det å vera ein god rollemodell for elevane. Bibliotekaren fekk ei sterk oppmoding om å vurdera om det var vel gjennomtenkt å leggja ut slike biletet på nettet.

- Eg stussa på at dei skulle reagera på bilete av unge brytarar, eg stussa enda meir på at arbeidsgivaren skulle vera oppteken av kva eg la ut for mine eigne venner på Facebook, eg har ikkje gjort dette tilgjengeleg for elevane på skolen, og ser dette som ein del av privatlivet mitt, seier bibliotekaren.

Facebook-profilen er ikkje ei nettside som er ope tilgjengeleg. Ein må vera logga inn og registrert i vennekretsen for å kunna gå inn på desse sidene.

Trakassering

Samuelsen opplevde også at det var skremmande å bli møtt på denne måten.

- Dette er den første jobben min, reaksjonen frå skoleleiinga gjorde meg utrygg, seier han.

Han spurde om kritikken kunne ha noko å gjera med at han er homofil, det vart avvist av rektor.

- For meg er det likevel vanskeleg å tolka dette som anna enn trakassering og skjult diskriminering av meg som den eg er, seier han.

Samanblanding

Samuelsen kontakta Bibliotekarforbundet (BF), som er fagforeininga hans, og skreiv innlegg om saka i fagbladet Bibliotekaren. Frå BF fekk han full støtte.

«Dersom denne sammenblandingen (av privatliv og arbeidsliv) blir akseptert, vil alle arbeidstakere - 24 timer i døgnet - i realiteten være underlagt sin arbeidsgivers personlige holdninger om hva som er ‘god holdning’ eller ‘god rollemodell’. Og dermed vil man egentlig aldri være utenfor arbeidsgivers kontroll eller innflytelse,» seier BF-leiar Monica Deildok i Bibliotekaren (1/2009).

Mogeleg oppseiing

Ei større overrasking møtte Samuelsen da han kom tilbake etter juleferien. Da fekk han ei skriftleg åtvaring, overskrifta var «Advarsel (med mulig oppsigelse eller avskjed som følge)». Her var ikkje Facebook-bileta nemnde. Tema var no at han skulle ha komme for seint «en rekke ganger» og at det ikkje var rydda godt nok på biblioteket.

- Desse forholda har eg forklart. At eg av til kom seint, har å gjera med helsemessige forhold eg har informert skolen om, og klagen på at det skulle vera uryddig, stiller eg meg nokså uforståande til, seier bibliotekaren.

- Da eg vart tilsett, vart det sagt at dei ønskte eit levande bibliotek, og eg ønskte å vera ein aktiv bibliotekar. Og så kjem kritikken for at det ikkje er ryddig nok. Det er vanskeleg å ikkje tenkja at det er noko anna som ligg under, seier Samuelsen.

Formelt har det ikkje komme noka oppseiing. Men noka unnskyldning frå skoleleiinga har Samuelsen heller ikkje fått.

Vi har spurt skolen om ein kommentar, men assisterande rektor Svein Magne Sirnes vil ikkje uttala seg om saka på nokon måte.

Sjukemeld

Påkjenninga med det som har skjedd, har ført til at Samuelsen har vore sjukemeld i fleire periodar.

- Dersom saka berre handla om dei bileta det var snakk om, eller korleis det skulle ryddast i biblioteket, kunne det vore løyst med vennlege råd. Måten eg har blitt møtt på, opplever eg som eit så grovt overtramp, at det er vanskeleg å vera på jobb, seier Samuelsen.

Kultur & medier
Torsdag 9. februar, 2012
Vanskelig virkelighet

Vanskelig virkelighet

Sju år gammel møter Margaux Fragoso den femtien år gamle Peter. Da han begikk selvmord skrev hun bok om det hun velger å kalle et 15 år langt forhold.
Utenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Goliat står fjellstøtt

Goliat står fjellstøtt

AVGJORT?: Rick Santorum påfører Mitt Romney pinlige valgsmeller. Men Demokratene er fortsatt sikre på at det er pengesterke Romney de skal kjempe mot i presidentvalget.
Innenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Bestrider ikke diagnosen

Bestrider ikke diagnosen

UKLART: Anders Behring Breivik mener sakkyndigrapporten er full av feil. Men han har ennå ikke gjort seg opp en mening om egen tilregnelighet, sier hans forsvarer Geir Lippestad.
Dagens leder
Torsdag 9. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Modellen

Modellen

Dagens leder
Powered by eonBIT