Human?

Onsdag 11. mars, 2009
- Regjeringa forplikta seg på Soria Moria til å «føre en human, solidarisk og rettssikker flyktning- og asylpolitikk». Hadde arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen meint alvor med at han ikkje har nokon politisk prestisje knytta til dei såkalla Muf-arane (dei kurdiske flyktningane som fekk mellombels opphaldsløyve utan rett til familiegjenforeining i 1999-2000), kunne han - til ei forandring - følgt ånda frå regjeringsfråsegna og gitt Muf-arane opphaldsløyve på humanitært grunnlag. I staden tyder alt på at Andersen og regjeringa vil søkje dekning bak sjølvproduserte formalitetar og ta rettane frå dei rundt 130 kurdarane som denne saka no gjeld. Mange av desse har lenge vore i jobb og er etablerte i lokalsamfunn, og lever opp til dei mykje omtalte krava til integrering.
- Det er lettare å slå om seg med uforpliktande svada, slik Andersen seinast gjorde med si helsing til innvandrarkvinnene i Norge 8. mars, enn å vise politisk ryggrad i ei sak der Framstegspartiet også får konkurranse frå Høgre. Presset i regjeringas rekkjer byggjer seg opp, frå SV, AUF og delar av fagrørsla. SVs Akhtar Chaudhry er blant dei som peikar på at ei politisk og human løysing i denne saka ikkje vil danne presedens eller oppmuntre dei som utnyttar systemet til å trenere sine saker.
- Tidlegare direktør i Utlendingsdirektoratet, Trygve Nordby, tek sterkare i når han til NRK seier at Norge aldri har behandla ei asylsøkjargruppe så dårleg. Det er lett for etablissementet å avfeie Nordbys kritikk som eit personleg korstog fordi han fekk hovudansvaret for den såkalla «UDI-skandalen», der regjeringa i 2006 overprøvde UDIs vedtak om å gje 197 Muf-arar opphald. Men det som med VGs spesielle definisjonsmakt vart stempla som ein skandale, var i røynda ei praktisering av dei politiske signala frå Soria Moria. Og det er spesiell grunn til å lytte til Nordby når han forklarer regjeringas firkanta innstilling med frykta for å framstå som liberal i innvandringspolitikken. Dette har spesiell adresse til Arbeidarpartiet, som ikkje kan vinne kampen mot Frp på Frps banehalvdel.










