Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 23. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120223
Innenriks
Lørdag 21. februar, 2009
Har fått eit lettare liv
ENGLAR: - No kan eg laga englar i snøen, før ville eg vera livredd for ikkje å komma meg på beina igjen, seier Marit Haug, på luftetur i lunsjpausen i lag med Kristine Martinsen.

Har fått eit lettare liv

LIVSSTIL: Bedriftshelsetenesta tilbaud overvektige Tine-tilsette hjelp til å leggja om livsstilen. Dei som takka ja, har kvitta seg med mange kilo og fått energien tilbake.

Fellesskap, oppfølging, konkurranseinstinkt og galgenhumor er stikkord for eit prosjekt som har endra livet for fleire tilsette ved Tine Meieriet Øst på Kalbakken i Oslo.

Det starta med ein modig bedriftssjukepleiar som spurde om å få måla blodtrykket hos staute karar på køyrekontoret.

«Meiner du vi er for feite?» var kommentaren frå den største av dei, han vog 175 kilo.

- Vi var ikkje akkurat smågutar, seier Morten Sjølie (57). Han fekk konstatert at blodtrykket var 190/127.

- Eg hadde ikkje noko forhold til desse tala, men da eg ringde fastlegen min, skjønte eg at det var alvor. Eg fekk time i løpet av ein halvtime, fortel han.

I dag kan Sjølie konstatera at han og to kollegaer på køyrekontoret tilsaman har blitt 120 kilo lettare. Arbeidsgenseren i XXXXL er kasta, no får han god plass i vanleg L.

Høgt blodtrykk og diabetes

Marit Haug (46), som arbeider med telefonsal, hadde også eit farleg høgt blodtrykk, hadde fått diagnosen diabetes II, og tok medisin for begge delar.

Slik var det for snart to år sia. Etter ferien i 2007 vart Haug og fire mannlege kollegaer med på eit prosjekt for å leggja om livsstilen.

I dag kan dei konstatera at det både var mogeleg, og at det var verd det.

- Eg har gått frå å eksistera til å leva, seier Haug. Medisinane for blodtrykket og diabetesen har ho ikkje bruk for lenger.

- Men kva synest du om at arbeidsgivaren brydde seg med blodtrykket ditt, var ikkje dette innblanding i privatlivet?

- Eg vart innkalt av sjefen til ein samtale. Eg merka at ho grudde seg, men eg var kjempeglad for at ho våga å ta opp dette. Overvekt er eit sårbart tema, seier Haug.

Tenkjepause

Ho trong likevel tid før ho kunne seia ja til å bli med på livsstilprosjektet. Frå orienteringssamtalen med bedriftssjukepleiaren i juni nemnde ho ikkje dette til andre, men vurderte fram og tilbake, kva ho måtte gi avkall på, og kva ho kunne vinna med å leggja om?

- Dess tyngre du er, dess større lerret er det å bleika om du skal kvitta deg med dei kiloane du ikkje vil ha, seier ho.

Men 22. august var ho klar.

Det viktigaste var å forandra både kva dei åt og når dei åt. I tillegg var det viktig å røra seg meir. Hovudoppskrifta var fem måltider om dagen, tre hovudmåltid og to mellommåltid, og eit minimum av karbohydratar. Vekk med potet, sukker og brød.

- For meg var den største endringa å kutta ut alle søtsaker mellom måltida. No saknar eg korkje sjokolade eller kaker, og har erfart at det er lettare å seia konsekvent nei enn å ta «berre ein bit», seier ho.

Fleire måltid

Sjølie måtte leggja om til fleire måltid enn før, han fann ut at han hadde hatt feil kostvanar heile livet.

- Eg startar på jobb kl 4.30. Det går mykje i kaffe, og det hende ofte at sjåførane kom innom med ein pose wienerbrød, men det vart sjeldan noko skikkeleg måltid før eg åt middag etter jobben. Eg åt gjerne mykje til middag, og så orka eg ikkje meir. Eg sov gjerne til eg skulle på jobb neste dag, fortel han.

For å klara overgangen til regelmessige måltid, sette han mobiltelefonen til å ringja kvar tredje time.

I starten av prosjektperioden sponsa arbeidsgivaren ferdiglaga matporsjonar nesten utan karbohydratar, laga av eit firma som er ekspertar på sånt. Etter kvart har dei tatt over sjølve, og lært kva som skal til. Tynt rugknekkebrød, også omtalt som «sponplater» har erstatta brødet, og brokkoli er ei god erstatning for poteten.

- Har endringane i kosthaldet gjort det vanskeleg i familien?

- Sambuaren min har gått ned tjue kilo, og det er absolutt ikkje noko problem, seier Haug.

- Dei andre et sin mat, medan eg et min, det er ikkje problematisk. Men det er godt ungane er så store at eg kan forklara dei kvifor eg et meir pålegg enn brød, seier Sjølie.

- Vi kosar oss i helgene. Skilnaden er at før hadde eg laurdag heile veka, seier Haug, 72 kilo lettare enn da prosjektet starta.

Går tur i lunsjen

Meir fysisk aktivitet har også vore ein viktig del av endringa. Fram til nyleg har dei hatt eit organisert tilbod på jobben, i arbeidstida på måndag og etter arbeidstid på onsdag, med mellom anna intervalltrening og stavgang.

Haug har vent seg til å bruka lunsjpausen til å gå. Sjølie merkar at han har glede av å gå tur. Før hadde han ikkje pust til å gå opp ein bakke og prata på same tid.

- Ikkje «slanking»

- Før orka eg knapt å røra meg for å henta ein kaffekopp heime, no kjem eg ikkje på at eg skal be nokon andre om slike tenester, seier Haug.

Ho har levert bunaden til omsying.

- No var det plass til både meg og mor mi i den, ler ho, og viser oss allianseringen som har vore hos gullsmeden og blitt krympa seks nummer.

- Kva har gjort at dette har lykkast?

- For det første må ein ikkje kalla det slanking, det blir så negativt. Det vi har gjort, er ei varig endring av livsstilen, seier Haug.

Og dei er samde om at det at dette er noko dei har gjort i lag med andre, har vore viktig. Oppfølgingssamtalar med bedriftssjukepleiaren kvar veke, og samling av alle prosjektdeltakarane, som etter kvart har blitt nærare tjue, har vore avgjerande.

- Vi hadde bruk for å få inn med teskei kva som er rett og gale av kostvanar, det var mykje å læra, og det har vore mykje humor, for ikkje å seia galgenhumor, seier Sjølie.

Dei oppmodar gjerne til liknande tiltak på andre arbeidsplassar.

- Bedriftshelsetenestene burde ta tak i sånt overalt, seier Haug.

Kultur & medier
Torsdag 23. februar, 2012
Hindres av islamfrykt

Hindres av islamfrykt

Norske intellektuelle frykter islam. Det står i veien for demokratiets framvekst i Midtøsten, mener forsker ­Henrik Thune.
Utenriks
Torsdag 23. februar, 2012
Portugal er neste offer

Portugal er neste offer

MARKEDSSLAKT: Økonomien krymper og gjelden stiger. Markedet har Portugal midt i siktet.
Innenriks
Torsdag 23. februar, 2012
Får skattesmell av KrF

Får skattesmell av KrF

NIDKJÆR: Mens de andre opposisjonspartiene vil gi store skatteletter til de aller rikeste, går KrF motsatt vei. Nå håper Knut Arild Hareide på skatte­forlik med de rødgrønne.
Dagens leder
Torsdag 23. februar, 2012
Mari Skurdal
Monsteret

Monsteret

Dagens leder
Powered by eonBIT