Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Kultur & medier
Onsdag 31. desember, 2008
Ord som avsporar
omstridd: Otto Jespersen blei politianmeld for å nytta rasistiske jødiske stereotypiar i «Torsdagsklubben». Foto: Bjørgli&Bergersen/Tv 2

Ord som avsporar

Onsdag 31. desember, 2008

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
«Dårleg humor, dårleg kommunikasjon og moralsk problematisk». Det er retorikaren sin dom over det mest kontroversielle utspelet i 2008.

TV2-komikaren Otto Jespersen jamførte i programmet «Torsdagsklubben» mediefokuset på ein død sjiraff i Kristiansand dyrehage med å vera oppteken av lusene som gjekk med i nazistiske gasskammer. Slik utløyste han på tampen av 2008 ein av årets mest oppheita kulturdebattar. Jespersen vart meldt til politiet og høgna innsatsen med vitsar om rasistiske jødiske stereotypiar som «pantelånaren».

Sist ut i ei lang rekke kritikarar - frå HL-senterets Odd-Bjørn Fure til Kåre Willoch - var eit knippe kjende leiarar i Den norske kyrkja. I romjula gjekk mellom andre Oslo-biskop Ole Christian Kvarme ut og åtvara TV2 mot å spreia stoff som kan leia til «jødehat». Anne Sender, Forstandar i Det Mosaiske Trossamfund i Oslo, tolka derimot delvis Jespersens utspel som ap med fordommar, ikkje med jødar.

Kvifor vart det som i utgangspunktet skulle vera ein mediekritikk til ein debatt om antisemittisme? Finst det ord og omgrep som er så ladde med assosiasjonar at alle referansar til dei blokkerer bodskapen i ei kvar ytring som tyr til desse orda? Klassekampen spurte professor i tekstvitskap ved Universitetet i Oslo, Kjell Lars Berge, og leiar for retorikkprogrammet ved Universitetet i Bergen, Jens E. Kjeldsen.

For stor metafor

- Eit ålment problem med kommunikasjon er at du sjølv kan ha ei klar idé i hovudet ditt om kva du meiner, men det er alltid andre som tolkar det du seier, slår retorikar Jens E. Kjeldsen fast.

- For det fyrste er det slik at vi alltid tolkar nye utsegner i ljos av ting vi har høyrt før. Når du seier «lus» og «jøde» i same setning, aktiverer du den kjende den nazistiske språkbruken som seier «lus» er lik «jøde».

- For det andre så veit ikkje mottakarane kva for ein idé Otto Jespersen har i hovudet sitt. Det er mogleg at han freistar å laga ein parallell mellom medias overeksponering av den døde sjiraffungen og det å fokusera på døde lus i staden for døde menneske i gasskammera. Men historia om sjiraffen er noko bitte lite, holocaust er noko svært stort. Parallellen forsvinn i mishøvet mellom den konkrete saka og metaforen han har valt seg. Lidingane er så enorme at dei blir vanskelege å vitsa med. Satiren feilar på tre nivå: Den blir dårleg humor, mishøvet mellom sak og metafor hindrar god kommunikasjon, og ytringa er i tillegg moralsk problematisk.

Liknar karikaturstrid

Kjeldsen tykkjer personleg at Jespersens utspel var både umorosamt og smaklaust, men understrekar at komikaren er i sin fulle rett til å gjera kva han gjer.

- Det er som i karikaturstriden. Det handlar om å ta omsyn til at folk blir støytt. Korleis vi talar til kvarandre offentleg er ein kontinuerleg forhandlingsprosess. Det er ikkje noko vi bør regulera gjennom lov, men gjennom debatt. At Kurt Valner, som sjølv miste ni familiemedlemmer i holocaust, faktisk meldte Jespersen til politiet, viser kor viktig saka er for han sjølv og Valners likesinna. For meg som retorikar er politimeldinga også ei kommunikativ handling. Valner seier: «Dette byr meg slik i mot at eg melder det». Etter det utspelet og annan kritikk kan vi vurdera om Jespersen, Valner og Imre Hertz [ein holocaustoverlevande som har gått ut mot Jespersen] har eit poeng.

Kjell Lars Berge meiner vi bør skilja mellom reaksjonane frå holocaustoverlevande og deira etterkomarar, som har meldt Jespersen til politiet, og reaksjonane frå kyrkja.

- Det finst framleis ting som er «heilage» for folk, og overskridingar av det heilage blir opplevd som svært krenkjande. At holocaust, eller til dømes ein ting som incest, blir brukt i humor, kan vera utoleleg for folk som sjølv har opplevd ekstreme overgrep, Berge.

- Kyrkja sitt utspel må heller sjåast i ljos av karikaturstriden. Men også det fortel noko om at dette er følsame omgrep. Eg meiner som dei fleste at folk må få seia nett kva dei vil, men ytringsfridomen fråtek ikkje folk eit ytringsansvar. Det siste er vel det poenget som er minst synleg i den offentlege debatten. I USA har ein hatt eit litt liknande oppstyr kring satiresongen «Barack the magic negro». Også der var det snakk om nytta stereotypiar ironisk, utan å ta ansvar for orda som vart brukte og korleis orda ville bli tolka i samfunnet. Det var vel også dette Dag Solstad ville få fram med sitt utspel i Samtiden tidlegare i år.

Humor vil vera uklår

Kjell Lars Berge meiner likevel at Otto Jespersens held seg innanfor kva vi må tola, sidan det er så openbert at det er satire han driv med.

- Eg meiner sjanger og samanheng er avgjerande for korleis ein vurderer utsegner. Satire er noko anna enn politiske utspel av den typen sjikane som Georg Apenes kom med mot ein partikollega i haust. Det utspelet meiner eg var uanstendig.

- Men humor er vel ein retorisk ganske uklår sjanger?

- Ja, noko av poenget er jo at det er uklårt kor den autoritative røysta ligg. I eit argumentativt innlegg blir det stilt krav til den som ytrar seg om å identifisera posisjonen sin, men talar du satirisk kan du ikkje bli tatt til inntekt for noko. Det er jo det Kvarme og Bakkevig med fleire er inne på: i utlandet kjenner ikkje folk til Jespersen, og der blir utsegnene lausrivne frå sin satiriske kontekst og kan få ein heilt annan meiningsfunksjon.

Det finst likevel grenser for kva ein kan tøysa med, meiner Kjell Lars Berge, som samstundes minner om at den sjølvironiske jødiske humoren er ganske rå.

- Grensesettinga er heng kanskje saman med om vitsane kjem «innanfrå» eller «utanfrå»?

- Det er klart at ytringsståstanden til dei jødiske komikarane er langt tydelegare.

Jens E. Kjeldsen er oppteken av at humor vanlegvis har to retoriske funksjonar. Den eine av dei er å samla folk, å stadfesta ideologiar og samhald mellom dei alt overtydd om noko.

- Samhaldet støyter også ut nokon i eit «oss» mot «dei». Nett difor kan det også vera farleg å vitsa om jødar, og slik aktivera nazistisk retorikk.

Den andre funksjonen til humor er å røska litt i ting, slik at støv blir virvla opp og vi står att med litt endra syn på ting når støvet har lagt seg att.

- Det som skaper uro i denne saka, er at det er vanskeleg å seia om Jespersen driv med det eine eller det andre, meiner Kjeldsen.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT