
Finsk Holocaust
Tirsdag 23. september, 2008
Den historiske påstanden om at Finland unngjekk nazifisering trass i at dei kjempa på tysk side mot Sovjet i 1941-44 står no for fall. Fredag denne veka forsvarer den finske historikaren Oula Silvennoinen doktoravhandlinga «Hemmelege våpenbrør» ved universitetet i Helsinki. I avhandlinga legg Silvennoinen fram heilt ny informasjon om naziorganisasjonen «Einsatzkommando Finnland», som utførte massemord på jødar og kommunistar på den nordlege austfronten. Denne spesialkommandoen var resultat av samarbeid mellom det finske tryggingspolitiet Valpo og nazi-Tysklands Reichssicherheitshaubtamt (RSHA).
- Dette er svært annleis informasjon enn den vi har frå før, fortel Anton Weiss-Wendt. Han er seniorforskar ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret). Weiss-Wendt forskar sjølv mellom anna på Holocaust-samarbeid og krigsbrotsverk i Sovjetsamveldet under 2. verdskrigen.
Godt rykte
- Det vi har hatt kunnskap om før når det gjeld Finland og Holocaust, er at landet i hovudsak verna om sine eigne jødar. Nett som i Noreg var det snakk om ei lita folkegruppe, om lag 1000 folk. Men motsett Noreg nekta den finske regjeringa å utlevera jødane til Tyskland, trass i sterkt press. Dei sendte likevel ut sju personar som ikkje hadde finsk statsborgarskap. Dette var tyske- og austerrikske jødar som hadde kome til Finland like før krigsutbrotet. Dei vart utleverte til tryggingspolitiet i Estland i 1941-42 og straks avretta. Jamført med andre av Tysklands allierte, kom likevel den finske regjeringa relativt godt ut av det vi har vist til no. Finland var interessant nok det einaste av dei tyskallierte landa som let jødar få halda fram som offiserar i hæren. Det var ikkje mange menneske det var snakk om totalt, men fleire av dei tenestegjorde på austfronten. Dei finske avdelingane kjempa ofte side om side med dei tyske, og det at det fanst jødar mellom finnane overraska tyskarane. Tyskarane som deltok i Operasjon Barbarossa [Hitlers åtak på Sovjet] var vande med ei heilt anna handsaming av jødar.
- At det skal ha eksistert ein Einsatzkommando Finnland og at Finland deltok aktivt i Holocaust er heilt ny informasjon, seier Anton Weiss-Wendt, som meiner dette er svært viktig ny forsking.
Den same oppsummeringa gjer finske historikarar. I Finland har avsløringane slege ned som ei bombe.
- Dette er verkeleg eit omveltande forskingsresultat. Vi hadde inga aning om at det fanst noko som heitte Einsatzkommando Finnland, seier Markku Jokisipilä til svenske Dagens Nyheter. Jokisipilä er historikar ve Åbo Universitet og ekspert på sambandet mellom Nazi-Tyskland og Finland under 2. verdskrigen.
Langt samarbeid
Avhandlinga til Oula Silvennoinen er basert på nytt kjeldemateriale frå tidlegare uutforska arkiv. Særleg omfattande studie av arkiva til det finske tryggingspolitiet, men Silvennoinen har også funne ny kunnskap i arkiv i Tyskland, Estland, Latvia, Sverige og USA.
Det finske tryggingspolitiet vart skipa i 1919 for å verna den unge republikken frå kommunistar både i Finland og i Sovjetunionen. Politifagleg samband vart oppretthalde med tyske kollegaer gjennom 1920-talet og raskt reetablert etter at nazistane kom til makta i 1933. Samarbeidet vart konsentrert omkring kommunistjakt både nasjonalt og internasjonalt.
- Den sams fienden viste seg å vera eit mektig sameinande idégrunnlag, skriv Silvennoinen i samandraget av avhandlinga si.
Gjennom 1930-talet utvikla samarbeidsformene seg via regulær og rutinemessig utveksling av informasjon til personlege venskap mellom Valpo og den høgste SS-leiinga.
Den kritiske perioden av det tysk-finske tryggjingspolitisamarbeidet byrja i 1941, då Finland deltok saman med tyskarane i åtaket på Sovjet. Det var no Einsatzkommando Finnland vart oppretta for å utrydda ideologiske fiendar så vel som rasefiendar av Nazi-Tyskland på den nordlege austfronten.
- Sams aksjonar i Nord-Finland førte også til at finsk tryggingspoliti deltok i massemord på kommunistar og jødar, skriv Silvennoinen.
Etter krigen vart etterforsking av krigsbrotsverk utført av Valpo konsekvent forhindra, sidan det vanlegvis korkje var råd å finna dei mistenkte eller prov for brotsverka.
Avhandlinga «Hemmelege våpenbrør» tar for seg finsk-tysk politisamarbeid i heile perioden frå Hitler si maktovertaking i 1933 til alliansen mellom Tyskland og Finland vart broten i 1944.










