Din veg

Mandag 31. desember, 2007
Din veg
Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.
Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.
Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.
Olav H. Hauge, frå Under bergfallet 1951.










