
Leste meir enn vi trudde
Fredag 28. desember, 2007
Historikar og bibliotekar Lis Byberg disputerte nyleg til doktorgraden på ei avhandling om boklesing i Noreg på 1700-talet. Meir presist har Byberg studert katalogane frå 145 bokauksjonar i perioden 1750 til 1815 og sett på kva bøker som var tilgjengelege. Dessutan har ho gått gjennom protokollane frå 11 utvalde auksjonar og sett på kven som faktisk handla.
Og oppteljinga syner at bokkjøparane var ei mykje meir samansett og mangfaldig gruppe enn ein tidlegare har trudd. Også fattige bønder og tenarar brukte pengar på bøker:
- Sjølvsagt var det primært overklassa som kjøpte bøker. Embetsstanden kjøpte 35 prosent av bøkene, medan borgarskapet stod for 25 prosent. Men utover det har eg oppretta ei gruppe som eg kallar lærarar og studentar, og dei ligg på 12-13 prosent. Og det er ei samansett gruppe, ho inkluderer alt frå rektorar til omgangsskulelærarar med bondebakgrunn. Og gruppa av dei som er i teneste hos andre, som er ei anna gruppe med stor sosial spreiing, ligg òg på 12-13 prosent, medan bøndene står for tre til fem prosent av bokkjøpa, fortel Byberg.
Og om ein utelukkar auksjonane som føregjekk i byane, og konsentrerer seg om prestegardsauksjonane i bygdene, står bøndene plutseleg for radikalt høgare andelar:
- På prestegardsauksjonane rundt Trondheim stod bøndene for 17 prosent av kjøpa. Og det var ikkje slik at bøkene som blei selde på desse auksjonane hadde ein annan profil, men auksjonane blei haldne nærare bøndene. Og eg fann ikkje berre rike bønder mellom dei som kjøpte bøker. Både tenarar og fattige småbønder kjøpte bøker. Det synest eg er fascinerande.
Språkmektige
- Var bruktmarknaden viktigare den gongen?
- Ja, i alle fall i Noreg. Eg har prøvd å danne meg eit bilete av korleis bokmarknaden såg ut, og det ser ut til at bruktmarknaden må ha vore veldig viktig. Eg har registrert 140.000 bøker i materiale mitt, og det at ein trykte eigne auksjonskatalogar for å få seld bøkene må bety at ein rekna med å tene pengar på det. I mange byar fanst det folk som selde bøker, men det var veldig få reine bokhandlarar. Ofte var det bokbindarar og boktrykkarar som selde bøker.
- Kva slags bøker blei omsett?
- Det var sjølvsagt mykje religiøs litteratur, men òg mykje opplysningslitteratur og praktiske handbøker, til dømes bøker om korleis ein skulle handsame sjukdom dersom det var langt til lege, korleis ein skulle handsama dyresjukdomar, bygge steinmurar, oppdra barn og liknande. Det var ei blomstringstid for slike bøker. Og så blei det omsett gamle aviser. Det er morosamt i dag, vi bruker jo berre gamle aviser til å pakke inn fisk. Men her blei det seld heile årgangar eller berre ein «bunt» med aviser, som det gjerne stod i katalogen.
- Det var dessutan bøker om etikette, altså korleis ein skulle oppføre seg, og det i seg sjølv syner at den sosiale mobiliteten må ha meldt seg, seier Byberg.
Det språklege mangfaldet er elles imponerande for notidige lesarar:
- Eg blir slått av kor internasjonal den norske bokmarknaden var. Dei fleste bøkene var på dansk sjølvsagt og tysk og latin, men utover det fann eg bøker på fransk, italiensk, nederlandsk, gresk, spansk og til og med litt svensk. Det gjev eit bilete av eit mykje meir internasjonalt lesande miljø i Noreg på den tida enn det vi har i dag.
- Kva gjer desse funna med det vi tidlegare har trudd om lesekunna mellom vanlege folk på 1700-talet?
- Dette bidreg til å avlive mytane om at folk ikkje kunne lese på slutten av 1700-talet. Det er mange som har bidrege til det, Jostein Fet og hans «Lesande bønder» ikkje minst, men òg forskarar i Danmark og Sverige. Alt tyder på at det er rimeleg å tru at folk kunne lese trykt ukjend tekst på slutten av 1700-talet. Men det treng ikkje å bety at dette heldt seg ved like utover heile 1800-talet under industrialiseringa og tilflyttinga til byane. Eg vil ikkje utelukke at dette har gått i bølgjer.
Bokhistorie
Bybergs avhandling er formelt levert som ei historisk avhandling, men inngår tematisk i det tverrfaglege feltet «bokhistorie», eit studiefelt som undersøker forholdet mellom bøker og samfunn og den faktiske lesinga, med vekt på sosiologiske og kvantitative tilnærmingar:
- Ved å oppdage nytt kjeldemateriale, og ved å gå inn i det kvantitativt, kan ein stille andre spørsmål enn det ein har gjort tidlegare. Og ein får svar som de facto avlivar mytar, til dømes myten om at den litterære offentlegheita fyrst oppstod på 1800-talet.
- Via trykt materiale fekk folk på 1700-talet tilgang til nye idear og tankar som dei diskuterte seg i mellom, meir eller mindre kvalifisert sjølvsagt. Eg meiner at det nye materiale syner at langt fleire var involverte i denne samtalen enn ein tidlegare har trudd.
- Endrar dette noko i historia om 1800-talet òg?
- Som historikar skal eg trø varsamt her, men eg meiner det er naturleg å trekkje nokre trådar. Til dømes til det at bønder var representerte under Eidsvoll-forhandlingane i 1814. Eller vi kan gå vidare til 1833, og det såkalla bondestortinget, der det nesten var fleirtal av bønder på Stortinget. Desse hendingane blir mykje meir forklarlege i lys av det eg og andre har funne.
- Har to-kultur-læra og ideen om den dominerande danskprega embetsmannskulturen og den undertrykte norske bondekulturen, underkommunisert det intellektuelle livet mellom bøndene?
- Ja, det trur eg nok, ikkje minst har elende-skildringa av denne perioden bidrege til det. Dette er blitt nyansert ved at ein har byrja å bruke andre kjelder.
- Blir heile bondereisinga på 1800-talet meir forståeleg, i lys av det du har funne ut om lesande bønder allereie på 1700-talet?
- Ja, det vil eg meine. Bondereisinga var ikkje noko som berre dukka opp som eit «poff» fordi Noreg blei sjølvstendig.










