Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Kultur & medier
Lørdag 22. desember, 2007

Gjer gull av traumatisk fortid

Lørdag 22. desember, 2007

FAKTA

Cristian Mungiu

  • Rumensk manusforfattar, regissør og produsent
  • Født i byen Lasi i 1968.
  • Studerte engelsk litteratur og film. Har arbeidd som lærar og journalist.
  • Har regissert fleire kortfilmar.
  • Langfilmdebuterte med «Occident» under filmfestivalen i Cannes i 2002. Filmen vann ei rad prisar.
  • «Fire måneder, tre uker og to dager» vann Gullpalmen i Cannes i år. Mungiu fekk også prisen som beste regissør under European * Film Awards for denne filmen, i tillegg til at den er Romanias bidrag til Oscar.
  • Filmen går inn i ein serie med tittelen «Forteljingar frå gullalderen», med historier basert på «urbane legender» frå Ceauscescu-tida.
«Nicolae Ceauscescu og diktaturet er eit ikkje-tema i Romania» Cristian Mungiu, filmskapar
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
«Gullalderen» kalla Nicolae Ceauscescu si eiga styringstid. Cristian Mungius ironiske bruk av nemninga har skapt filmatisk gull.

Heilt på tampen av 2007 er den filmen som kanskje har fått aller mest merksemd i år endeleg kinoklar i Noreg.

Avdekkingane av det sosiale elendet i Romania under diktatoren Nicolae Ceauscescu sette ein støkk i dei fleste i tida kring 1989, då han vart styrta og avretta. Cristian Mungius «Fire måneder, tre uker og to dager» fortel nok ei opprivande historie frå Ceauscescu-tida, også denne gongen er det ei historie som var ukjent for dei fleste utanfor Romania: Forbodet mot abort og dei enorme konsekvensane illegale abortar fekk for rumenske kvinner frå slutten av 1960-talet fram til 1989.

- Ein reknar med at ein halv million kvinner mista livet som følgje av illegale abortar i desse åra, fortalte Mungiu til Klassekampen, då han var på lynvisitt i Oslo for å lansera filmen tidlegare i haust.

Same sprøyta

Kring 1990 vart også norske media fylde av sjokkerande bilete av einslege rumenske barn som levde på gata, i kloakken eller på barneheimar under hårreisande tilhøve.

- Har di historie om abortforbodet noko med desse forteljingane om vanskjøtta barneheimsbarn og gatebarn å gjera?

- Ja, dels. Styresmaktene oppfordra folk til å få mange barn, men ingen hadde i praksis råd til å fostra meir enn eitt barn. For det offentlege var ikkje det noko problem. Staten var glad for å kunne overta barna for å gjera dei til «sosialistiske menneske». Styresmaktene gjekk gjerne i tillegg inn i familiar på eige initiativ og tok frå folk foreldreretten, gjerne berre med moralisering over foreldra sin livsførsel som grunngjeving. Men det vanta både på kompetanse og pengar i dei offentlege barneinstitusjonane. Dette førte mellom anna med seg eit grufullt Aids-problem blant barn som var innlagde på sjukehus. Det den same vaksinesprøyta vart brukt på mange barn.

- I dag byrjar Romania å få bukt med desse problema, seier Mungiu, som sjølv har laga ein dokumentar om temaet.

Men desse sakene er likevel ikkje kjenslemessig løyste enno, medgjev han.

Pris viktigare enn sak

Korleis blir ein film som «Fire måneder…», som nok ein gong rotar opp i ei nær traumatisk fortid, motteke i Romania?

- Året 1989 er eit vasskilje i den rumenske historia. Alt starta opp på nytt. Det som hende før dette tidspunktet, er det ingen som kjenner ansvar for i dag. Nicolae Ceauscescu og diktaturet er eit ikkje-tema i Romania. Det er berre 20 år sidan det var ein realitet, men det kunne like godt ha vore 100 år sidan. Ungdommar som har vakse opp etter dette, har ikkje noko forhold til Ceauscescu-tida i det heile tatt.

Den kollektive ansvarsfråskrivinga gjer også at det er lett å laga sterkt kritiske filmar om historia. Bakdelen er at kritikken ikkje blir lagt særleg merke til. «Fire måneder…» vart kjend i heimlandet då Cristian Mungiu kom heim med Gullpalmen frå Cannes. Den fyrste i sitt slag som landet har fått.

- Det alle fokuserte på var prisen, kor bra dette var for rumensk kulturliv og profileringa av Romania i utlandet. Ingen var oppteken av tematikken. Gullpalmen «forureina» filmen, slår Mungiu fast. Jamvel om han også er glad for prisen.

Viste filmen sjølv

For Cristian Mungiu var dette heilt feil.

- Eg vil at rumenske politikarar skal investera i sjølve landet, ikkje i «imaget» til landet. Og eg ynskte at det rumenske publikummet skulle få sjå og få høve til å drøfta temaet i filmen.

Det var lettare sagt enn gjort. Mange institusjonar har stått til nedfalls lenge i Romania. Landet med 20 millionar innbyggjarar har berre 35 fungerande kinoar.

- Eg bestemte meg for å nyta godt av mine 15 minutt i rampeljoset til å skaffa utanlandske investorar, og få i stand ein mobil kino.

Som ei gamaldags karavane reiste Mungiu omkring i landet med framsyningsutstyr og viste filmen for eigen kostnad.

- Totalt var det seld 70.000 billettar til «Fire måneder…». Det var 30.000 fleire enn kva som vart selde til den populære amerikanske animasjonsfilmen «Rottatouille».

Cristian Mungius framsyningar på offentlege plassar omkring i rumenske byar, utvikla seg til reine forsoningsprosessar.

- Det var som ein sosial reinsing. Etter framsyninga kom fleire kvinner fram til lerretet og vitna om liknande opplevingar, som dei aldri før hadde kunne snakka offentleg om. Publikum på min eigen alder, eg er 39, og eldre publikummarar responderte best. Det var vi som levde med det.

Ikkje Ceauscescu

«Fire måneder…» skal gå inn i ein serie filmar, der Mungiu skal produsera dei neste. Han har kalla serien «urbane legender frå gullalderen». Historiene om dei illegale abortane var slikt som gjekk på folkemunne. Det same gjorde forteljingar om folk som i løynd hadde skaffa seg ein gris til jul, men ikkje kunne slakta han i blokka, utan å vekkja uønskt merksemd. Det dilemmaet skal det også bli utgangspunktet for ein film.

Gullalderen var utruleg nok den offisielt brukte nemninga på dei siste 15 åra av Ceauscescu-styret. Men ikkje ein gong i løpet av «Fire måneder…» blir det referert til Ceauscescu, eller diktaturet.

- Kvifor ikkje?

- Eg er meir oppteken av dei menneskelege konsekvensane, enn å dra opp dei store strukturane i diktaturet. Å til dømes nemna kommunismen i filmen ville ha vorte ein klisjé. Folk gjekk ikkje omkring og førte diskusjonar om «diktaturet» medan dei bala seg gjennom kvardagen sin. Eg ynska å gjenskapa atmosfæren i samtida og få fram ei kjensle av korleis denne epoken kjendest frå «innsida». Samstundes var eg svært merksam på ikkje å enda opp med ein nostalgisk rumensk «Goodbye Lenin».

Samtidsdebatt

Noko av det fyrste som skjedde etter at Ceauscescu vart styrta, var at abort vart legalisert att. Men innan då hadde mange rumenarar byrja å sjå på abort som prevensjon og det å gjennomføra abort som ein legitim protest mot styremaktene. Frå Mungiu si side er «Fire måneder…» langt frå berre ein historisk film.

- Eit år hadde vi over ein million abortar i Romania. Framleis er det årleg 300.000. Dei illegale abortane drap kvinner, medan dei legitime abortane i dag er eit misbruk av fridom. Ein må revurdera kva perspektiv og verdiar som er viktigast å fokusera på, alt etter korleis vilkåra endrar seg. Vi lever i eit land som må løysa så mange problem samstundes at etikk ofte blir skyvd sist på dagsorden. Også dette er eit tema for «Fire måneder, tre uker og to dager,» seier Cristian Mungiu.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT