Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Kultur & medier
Torsdag 20. desember, 2007
Storslått Linné-feiring
ISSHOW: På laurdag blei det store Linné-året avslutta med eit avslutningsshow i Jukkasjärvi i Kiruna. 100 millionar kroner har svenskane brukt på å heidre taksonomiens far. Foto: Mariethe Larsson

Storslått Linné-feiring

Torsdag 20. desember, 2007

«Sjølv sa han at Gud skapte, Linné ordna. Han var ikkje smålåten akkurat» Åse Berglund, Linné-året
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
- Det har vore eit fantastisk år, seier Åse Berglund, generalsekretær for det ambisiøse svenske Linné-året som i helga blei avslutta med stort show i Kiruna.

Denne helga var det stort avslutningsshow for det svenske jubileumsåret til minne om Carl von Linné i Jukkasjärvi i Kiruna. Tale av kong Carl Gustaf og eit fargesprakande show avrunda eitt års samanhengande feiring av 300-årsdagen til mannen som revolusjonerte naturvitskapane ved sine systematiske klassifiseringar av naturriket. Han er i dag kjend som taksonomiens far.

Og svenskane kan ikkje skuldast for å ha spart på konfekten i Linné-året.

Totalbudsjettet for året er like i underkant av 100 millionar svenske kroner. Av desse har staten gått inn med 31. Det har blitt avvikla 2000 Linné-arrangement i løpet av året, det har kome ut 70 bøker om han, 425 svenske skular er blitt sertifiserte som Linné-skular, meir enn 100.000 elevar har arbeidd med eit Linné-opplegg, jubileumsfilmen «Expedition Linné» er sett av ein million svenskar, det har vore Linné-arrangement i 28 land og Linné-utstillinga ved vitskapsmuseet i Tokyo trekte åleine 255.000 besøkande.

Feira i 28 land

Pressesjef for Linné-året Mariethe Larsson er overvelda over kva dei har fått til:

- Det har blitt mykje større enn vi trudde på førehand, det er det største naturvitskaplege jubileet som er halde i Sverige. Ikkje minst internasjonalt har det vore fantastisk. Det er i alt 28 land som har feira han. Og i vår avslutningspressemelding kallar vi det «eldsjelenes triumf». Det er så mange eldsjeler der ute i landet som har stått på. Det har vore utstillingar, vandringar, teaterstykke og skulebesøk, fortel Larsson entusiastisk.

Linné-jubileet har hatt to overordna mål: For det fyrste å auke interessa for naturvitskap mellom barn og unge, for det andre å gje eit nyansert bilete av Carl von Linné.

- Det er kanskje for tidleg å seie om de har lukkast?

- Ja, det er nok det, men den 28. januar skal vi presentere ei undersøking, som vi har gjort både før og etter Linné-året, om kor mange som kjenner til Linné og kor mange som interesserer seg for naturvitskap, seier Larsson, som allereie no kan røpe at den siste undersøkinga avslører at ni av ti svenskar meiner Linné har hatt svært stor innverknad på vitskapsutviklinga i verda.

- Høgare enn ni av ti er det vel neppe mogleg å kome, ler Larsson.

Hatt flaks

Åse Berglund, som har vore generalsekretær for Linné-året, blei nyleg utnemnd til årets prosjektleiar i Sverige av Svenska Projektakademien. Sjølv meiner Berglund at Linné-året har vore heldig med «timinga»:

- Vi har hatt litt flaks med at vi valde å løfte han fram som økolog, han var jo ein av dei fyrste økologane. For parallelt med Linné-året kom heile den nye miljøinteressa, og medvitet om klimatrugsmålet og Al Gores engasjement. Og det hjelpte på for Linné-interessa.

«Vi har genom att hylla vår store svenske vetenskapsman på 1700-talet också påmint om vikten av att skydda vår natur, hushålla med våra resurser och finna nya lösningar på både gamla och nya problem, idag och i framtiden,» sa kongen då han avslutta Linné-året på laurdag.

- Er du likevel overraska over kor stort året har blitt?

- Ja, absolutt, eg har jobba tidlegare med eit anna nasjonalt jubileum, men dette har vore overveldande. Det er det største vitskaplege jubileet i Sverige, seier Berglund.

Både Danmark og Noreg har hatt storslåtte nasjonale jubileum dei siste åra, for høvesvis H. C. Andersen og Henrik Ibsen.

- Men eit stort vitskapsjubileum er sjeldnare vare?

- Ja, det er nok det, men den store interessa for ein naturvitar kjem nok òg av at vi har løfta han fram som økolog og Mr. Flower Power, og brukt både humor og distanse. Om vi skulle ha halde alt på eit alvorleg vitskapleg nivå, hadde vi ikkje nådd ut. Vi var nøydde til å bruke humor og andre innfallsvinklar.

- Har de fått kritikk for å forenkle Linné for mykje?

- Nei, faktisk ikkje, og det er rart. Av over 10.000 artiklar om Linné-året, har det berre vore to kritiske innlegg, og dei kom båe frå Göteborg, ler den Stockholmsbaserte generalsekretæren.

Ei bru til oss

Carl von Linné som var fødd den 23. mai 1707, og altså ville ha vore 300 år i år om han ikkje hadde døydd frå oss i 1778, klassifiserte samtlege 4400 dyreartar og 7700 planteartar som var kjende for vitskapen på hans tid. Mange av desse artane hadde han studert sjølv på reisene sine, andre hadde han sett i konservert form og andre igjen fekk han skildra frå kollegaer i utlandet.

I og med at ingen før eller seinare hadde klart å klassifisere alle kjende artar, blei det bestemt at Linnés arbeid skulle danne startpunktet for det internasjonale systematiske regelverket. Og med nokre modifikasjonar er det dette systemet som framleis er i bruk.

- Var Linné ein overgangsfigur mellom førmoderne og moderne tid?

- Ja, han var dobbel. Han var presteson og kom altså frå den kyrkjelege verda, men var sjølv ein naturvitar. Og han blei ei bru mellom den gamle og den nye tida. Det viktigaste ved han, slik eg oppfattar han, var at han såg det han såg, og ikkje det han visste at han skulle sjå. Han lærte seg ting gjennom å prøve og feile, han eksperimenterte og såg sjølv. Det er ein utruleg moderne måte å forhalde seg til verda.

- Og sjølv sa han at «Gud skapte, Linné ordna». Han var ikkje smålåten akkurat.

Nettverkar

Linné hadde ein arbeidskapasitet som få andre. Han skreiv 6000 brev og eit femtitals bøker. Han skreiv dessutan eit utal små avhandlingar, eller dissertasjonar som dei blei kalla, og han skreiv jamvel meldingar av desse sjølv. Linné gav alltid svært rosande omtale til sine eigne avhandlingar, og skreiv gjerne at dette var ei bok som fortente å bli lesen av alle, fortel Berglund.

- Han var ein god strateg på eigne vegner med andre ord?

- Å ja, han var ein nettverkar av Guds nåde. Han reiste til Nederland som ung mann og skaffa seg eit nettverk der han umidelbart kom i sentrum. Han hadde heile tida nase for å få nye vener og kontaktar, seier Berglund, som skal halde fram i jobben som generalsekretær i ytterlegare eit halvår for å utarbeide den offisielle evalueringa av Linné-året:

- Den 23. mai, på 301-årsdagen hans, skal vi leggje fram evalueringa, men det har vore eit fantastisk år.

Alt tyder dimed på at Linné-året vil følgje Linnés eigen tradisjon, og gje seg sjølv svært rosande omtale for innsatsen.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT