Rekordsal i Samlaget
Tirsdag 18. desember, 2007
Det er ikkje berre dei tre store forlaga som opplever gode salstal for 2007.
- Dette blir eit bra år. Vi går ut av 2007 med ei klar kjensle av at dette er eit av dei betre åra for oss, seier Anne Gaathaug, sals- og marknadsdirektør i Samlaget.
Som så mange av konkurrentane har Samlaget éi bok, som dreg lasset. Anna Gavaldas «Saman er ein mindre aleine» har vore på den nasjonale bestseljarlista i 40 veker førebels, og ligg denne veka på andreplass på pocketlista.
- Anne Gavalda er heilt i særklasse her. Det er rekord, det er den mestseljande skjønnlitterære boka nokon sinne i forlaget. Sjølv utan bokklubbsalet ligg boka på 50.000, og totalt omlag 60.000, seier Gaathaug.
Elles er det sakprosabøker som dominerer Samlagets bestseljarliste, med tre sakprosabøker som bikkar 10.000 i opplagstal: Are Kalvøs «Våre venner kinesarane», Olav Vesaas' biografi om mora Halldis Moren Vesaas og Kjell Snerte si bok med og om Arthur Arntzen.
- Det er dessutan hyggeleg at skjønnlitteraturen elles har gått så bra. Både Frode Grytten og Jon Fosse sel godt, og sjølv om Fosse er ein stor mann, er han ikkje nokon kioskveltar vanlegvis. Men «Andvake» har seld usannsynleg godt.
- Er det noko som er tyngre å selje enn du skulle ynskje?
- Vi driv framleis å skulle ynskje at vi kunne knekke barnekoden. Særleg i gåvesesongen merker ein at barna får mykje anna enn bøker til jul. Det er nok mykje plastic fantastic under trea til ungane.
- Aschehoug har tre barnebøker på topp ti?
- Ja, dei er flinke, men det er bøker for litt større barn, og det er der vi òg lukkast best. Linn T. Sunnes «Happy» går no i tredje opplag, og Lene Kaaberbøls «Skuggeporten» går bra. I alderen elleve til fjorten år går det ofte fint om bøkene er gode nok, men det er vanskelegare med dei mindre.
Ragde åleine
Forlaget Oktober sit på ein av dei største bestseljarforfattaren av dei alle, Anne B. Ragde:
- Ragde sel mykje ja. «Ligge i grønne enger» har seld i snitt oppunder 1000 eksemplar om dagen, og det har ho gjort lenge. Opplaget er framleis 170.000 og det held nok til jul, seier Elisabeth Steen, marknadssjef i Oktober.
- Men korleis er det bak henne?
- Hoems biografi om Peder Bjørnson sel godt, ho har nesten seld 5000. Den boka kom dessutan seint og vil selje mykje til neste år òg. Vidare har Jon Michelet seld 3500, og Mattis Øybø 2700.
- Det er eit enormt gap mellom Ragde og resten?
- Ja, det er det, men vi må ikkje bli fartsblinde. Når romanar sel mellom 3000 og 5000 må det reknast som godt sal av ein roman i dag. Ragde er i ei anna verd, ho kan samanliknast med Stieg Larsson og Harry Potter.
- Men er det eit mellomår for Oktober når de ikkje har nokon 10.000-bøker?
- Ja, vi gler oss sjølvsagt til Linn Ullmann, Per Petterson og Dag Solstad kjem med nye romanar. Men Hoem blei ein bestseljar i fjor med «Mors og fars historie», og den boka ligg enno på bestseljarlistene i pocket. Og Peder Bjørnson-biografien ville ha lege høgare om han hadde kom tidlegare.









