«Det er ein veldig, veldig god haust.» Even Høegh Kaalstad, Aschehoug
BESTSELJAR: Jo Nesbø, Aschehoug, med eit opplag på 135.000 på «Snømannen». [håkon mosvold larsen, scanpix] |
Den norske bokmarknaden er inne i si mest hektiske veke. Og alt tyder på at det blir mange harde pakkar under juletrea i 2007. Nesten alle forlaga kan i Klassekampens ringerunde rapportere om ein eller fleire bestseljarsuksessar, og generelt gode overskot for 2007.
- Det er ein veldig, veldig god haust. Vi har 20 titlar som har seld meir enn 7000, seier sals- og marknadssjef i Aschehoug, Even Høegh Kaalstad.
- Korleis er det samanlikna med 2006?
- Det er eit hakk opp.
- Korleis blir omsetninga for 2007?
- Det er for tidleg å seie, men det blir eit godt år. Vi var nøgde i fjor, men det ser ut som det kan bli endå betre i år.
Jo Nesbø er salsvinnar hos Aschehoug med eit opplag på 135.000 på «Snømannen» pluss eit opplag på 35.000 på barneboka «Doktor Proktors prompepulver». Unni Lindell ligg på 60.000 for «Honningfellen» og på 50.000 for boka ho har gjeve ut i lag med partyveninna, Anne B. Ragde, «To fruer i én smekk - rir igjen!»
- Nesbø er sjølvsagt i ein eigen klasse, men han har mange med seg. Breidda er god, og det er det eg er mest opptatt av, seier Høegh Kaalstad, som både har Bokhandlarprisen, Brageprisen for skjønnlitteratur og nominering til Nordisk Råds litteraturpris på forlags-CVen i haust.
- Det er krim og barnebøker som dominerer?
- Ja, det er tre barnebøker på ti på topp. Det er veldig bra at barnebøkene gjer det godt i ei tid der mange er urolege for om barna skal slutte å lese. Vi ser dessutan at ein aldri blir ferdig med krigen. «Rinnans testamente» er no oppe i 14.000, det er kjempebra.
Larsson-år
På andre sida av Sehesteds plass, hos hovudkonkurrenten Gyldendal, er ikkje stemninga mykje dårlegare:
- Det er eit svært godt år, med mange titlar som gjer det bra. Ein ting er at bestseljarane sel mykje, men det er mange andre titlar som òg gjer det bra, seier marknadssjef i Gyldendal, Trude Kleven.
- Vi har ein soleklar bestseljar i Stieg Larsson-trilogien. Han ligg på andre, tredje og fjerde plass på bestseljarlista denne veka. Førre veke var det fyrste, andre og tredje plass. Dette er heilt unike titlar, opplagstalet på den tredje boka er no oppe i 140.000. Dei to fyrste har gått i endå mykje meir.
- Elles har vi morosamt nok eit opplag på 19.000 på Turboneger-boka. At ein bandbiografi kan tråkke til med 19.000, altså meir enn ei gullplate, det gler oss. Og Sigrid Undset-biografien til Slapgard er oppe på 15.000. Og vi må ikkje gløyme Ingrid Espelid Hovig som har 20.000 i opplag på si nye bok.
- Men det er Larsson som dreg lasset?
- Av bestseljarane er det ingen tvil om det. 2007 blir eit veldig godt år for Gyldendal, takka vere han. Men det er òg mange fleire titlar i feltet 10.000 til 20.000, som er med å breie ut.
- Blir det julegratiale i Gyldendal i år?
- Det burde vi nesten gjeninnføre, hehe. Nei, det blir nok ikkje det. Vi har jo bøkene å gle oss over.
Sakprosarush
Cappelen som i haust har fusjonert med Damm, kan gle seg over tre sakprosasuksessar frå høvesvis Carl I. Hagen, Gerd-Liv Valla og Åsne Seierstad.
- Forutan Hagen, Valla og Seierstad, sel òg Roy Jacobsen, Ingvar Ambjørnsen og Karin Fossum bra. Dei som normalt er storseljarar hos oss, ligg godt an i år òg. Og at det er Carl I. Hagen som sel mest av alle, er ikkje overraskande, seier Ingunn Lindborg, informasjonssjef i Cappelen.
Fusjonskollega Tom Dahl, som ut 2007 er direktør i Damm, representerer eitt av forlaga som ikkje har mange norske bestseljarar å vise til.
- Damm har hatt ein haust på budsjett, men vi hadde eit ambisiøst budsjett. Vi har satsa mykje på å bygge oss opp på norsk skjønnlitteratur for vaksne, og har hatt mange debutantar i haust som har fått gode meldingar, seier Dahl.
- Men dei sel kanskje ikkje så mykje?
- Nei, men dei er viktige i arbeidet med å profilere forlaget.
Endå eit år er det ein liten engelsk trollmann som dreg salslasset for Damm:
- På bestseljarlista har vi éi bok som skil seg ut, og det er sjølvsagt «Harry Potter og Dødstalismanene». Opplaget er på 120.000 og den tronar heilt åleine på salstoppen.
- Kva bok er nummer to i Damm-systemet?
- Det er Rhonda Byrnes «Hemmeligheten». Den boka er no på 36.000.
- Unnskyld meg, men kva slags bok er det?
- Det er ei bok om å finne seg sjølv, og å finne ut av tilveret og kva ein skal satse på. Vi har elles ein del bøker på mellom 5000 og 10.000, men ingen skjønnlitterære bestseljarar på vaksensida. Der er vi som sagt i ein oppbyggingsfase, seier Dahl, som meiner 2007 er eit heilt spesielt godt skjønnlitterært år for den norske bokbransjen:
- Det har vore eit eksepsjonelt skjønnlitterært år med mange bestseljarar fordelte på mange forlag, som til dømes Ragde, Nesbø og Larsson. Eg trur det blir vanskeleg for bokbransjen å følgje opp eit slikt år. Det gjenstår å sjå om denne veksten kjem til å halde fram, eller om det berre var spesielle einskildtilfelle som det var mange av i år.