Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524

Etter Bali

Etter Bali

Mandag 17. desember, 2007

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut

    *SVs miljøvernminister Erik Solheim, Cicero-direktør Pål Prestrud og Bellona-leiar Frederic Hauge er blant dei som uttrykker glede over utfallet av klimakonferansen på Bali. Dette fortel mest om kor små forventningane var, og kor nær prosessen var ein total kollaps. Når Portugals miljøminister på vegne av EUs presidentskap kallar det skrøpelege kompromisset «eit gjennombrot for klimavern», er det ein ordbruk som ikkje står i forhold til det konferansen kom fram til. Det viktigaste var å halde prosessen i gang i påvente av ein ny administrasjon i USA. Ingen konkrete mål er sett.

    *Norge fekk heider på grunn av vedtaket om å bruke tre milliardar kroner i året for å motverke rasering av regnskog. Dette er viktig, men medaljen har sin bakside. Når statsministeren og dei parlamentariske leiarane denne veka skal freiste å hale i land eit klimapolitisk forlik i Stortinget, skjer det utan at det viktigaste norske bidraget til global oppvarming er tema: Utvinningstakta i olje- og gassverksemda. For Norge er tre milliardar til regnskogvern som vekslepengar å rekne, fordi landet er steinrikt på grunn av vårt klimafiendtlege utvinningstempo og miljøfiendtlege prosjekt rundt i verda for å gjera StatoilHydro-aksjonærane endå rikare. I ein slik situasjon er det mest komfortabelt å leggje pengar i potten for å redusere klimautsleppa i andre delar av verda.

    *Då Kevin Spacey skulle leie nobelkonserten i Oslo, vart han kryssforhøyrt av NRK om kva han personleg gjorde for å berge klimaet, og kva meir han kunne gjera. Han svarte med å spørre journalisten kva ho gjorde. Laurdag kunne vi saman med Dagsrevyen la oss forskrekke av ignoransen til unge rånarar, der dei let motoren gå på tomgang saman med hjernen. Men eigentleg er ikkje desse ungdommane verre enn oss andre fly- og biltrafikantar, og reaksjonen er forståeleg. Miljøstiftinga Zero har kartlagt dei 25 norske største utsleppskjeldene. Dei fem største står for like store utslepp som heile bilparken. Så lenge dette får ture fram med stadig nye utsleppsbombar, som vi ser på Melkøya, er den individuelle moralismen nyttelaus. Kampanjen for personleg atferdsendring vil først bli effektiv når folk ser at dei store aktørane endrar kurs så klimaet merkar det.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT