Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Kultur & medier
Lørdag 15. desember, 2007
Skandalanes historie avslørt!
KLASSIKAREN: - Overtramp, avsløring, mediejag, politiske reaksjonar og gjerne ein politisk avgang til slutt, er den klassiske prosessen. Watergate har alle desse elementa, men elles finn vi det sjeldan, seier professor Tor Midtbø, som har skrive bok om politiske skandalar. Her president Richard Nixon (t.v.) som gjekk av i 1974 og blei etterfølgd av Gerald Ford (t.h.).

Skandalanes historie avslørt!

Lørdag 15. desember, 2007

FAKTA

Skandaler i norsk politikk

  • Skriven av professor i samanliknande politikk ved UiB, Tor Midtbø.
  • Dei viktigaste skandalane i norsk historie er ifølgje Midtbø Per Bortens lekkasje av materiale til Arne Haugestad, Jan P. Syses mangelfulle rekneskap, Terje Rød-Larsen skatterot, Terje Søviknes' sex-historie, Tore Tønnes pengerot og Victor Normans høye representasjonsutgifter.
«Den måten desse politikarane blir handsama på, strir med grunnleggjande rettstryggleiksprinsipp» Tor Midtbø, forfattar
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Politiske skandaler fører sjeldan til sviktande veljaroppslutnad, seier Tor Midtbø som har skrive bok om politiske skandalar.

«Skandaler i norsk politikk» er den pirrande tittelen på boka som professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, Tor Midtbø, lanserer no. Boka analyserer politiske skandalar vitskapleg, eit hittil underbelyst emne i faglitteraturen.

Og det openberre spørsmålet reiser seg:

- Kva er ein politisk skandale?

- Det er faktisk eit godt spørsmål. Eg har brukt mykje tid på å identifisere det. Eg ser på skandalen som ein prosess, som går gjennom fleire distinkte stadium. Det viktigaste elementet er ikkje overtrampet i seg sjølv, men om du får dette mediejaget. Eit anna viktig kriterium er at det må skape reaksjonar i det politiske miljøet. Overtramp, avsløring, mediejag, politiske reaksjonar og gjerne ein politisk avgang til slutt, er den klassiske prosessen. Watergate har alle desse elementa, men elles finn vi det sjeldan. Sjølv ikkje Clinton-Lewinsky-saka hadde alle elementa, i og med at det ikkje førte til at Clinton måtte gå.

- Kva komponentar er viktige for at ein skandale skal bli stor?

- Brot mellom liv og lære er viktig, og når det er overtramp av typen ein miljøvernminister gjer miljøsynder eller ein LO-leiar mobbar sine eigne tilsette, blir det alltid meir suspekt. Men det som verkeleg gjer skandalar store, er det eg kallar andrerangs overtramp, altså ikkje overtrampet i seg sjølv, men når dei nektar for det dei har gjort.

Eit klassisk døme her er Per Bortens lekkasjar av fortruleg informasjon til leiar av Folkebevegelsen mot EEC, Arne Haugestad, ei sak som til slutt førte til Bortens avgang:

- Per Borten gjekk ut og sa at det var heilt fantastisk å mistenke landets statsminister for noko slikt. Og då det kom fram at han hadde gjort det, var det desse utsegnene som bles opp saka.

Per Bortens barnebarn, Ola Borten Moe, hadde kanskje lært av bestefarens feil då han sjølv ringte VG og melde frå om at han hadde mista lappen, med grunngjevinga: «de finn det vel ut før eller seinare likevel»:

- Det var perfekt krisehandtering. Han la alle kort på bordet og VG framstilte saka som ein kuriositet. Og dette strategiske aspektet ved skandalane er spennande. Ein kan anten leggje seg flat, nekte for alt eller velje ein mellomposisjon der ein prøver å rettferdiggjere det ein har gjort. Og det interessante er at alle politikarar seier at det beste er å leggje seg flat. Men når dei sjølv hamnar i slike situasjonar, gjer dei ikkje det.

Taktikk

Taktikk er generelt viktig når ein skandale er under opprulling. Då Hanna Kvanmo blei stortingsrepresentant for SF, byrja fleire aviser å grave i rolla hennar som frontsøster for tyske Raude Krossen under krigen. Men idet saka var under oppsegling, starta SF si eiga private etterforsking av alle stortingsrepresentantars fortid, og fann så mykje snusk at dei andre partia ikkje torde å gå vidare med saka.

SF-nestor Finn Gustavsen viste dessutan ein uvanleg sikker medieteft, då han på slutten av 1960-talet hamna i søkjeljoset for eit påstått seksuelt forhold til ei kjend skodespelarinne.

«Finn Gustavsen dementerer sengehistorie» blei Dagbladets overskrift på saka der Gustavsen fortalde at han var «meget smigret og kan bare beklage at jeg aldri har truffet henne». Delryktet om at ein naken Gustavsen skal ha blitt jaga rundt i Bergensgatene av den forsmådde ektemannen, avviste Gustavsen med politimeisteren i Bergen som sanningsvitne, «hvis kvalifikasjoner i overvåkning av sosialister neppe kan trekkes i tvil».

- Gustavsen var heilt fantastisk, så tidleg som 1968. Dette er den fyrste sexhistoria i materialet mitt frå Noreg, og veldig artig lesnad.

Nedverdigande

- Men det paradoksale er at det uansett kan gå bra. Clinton laug heile vegen under Lewinsky-saka, men forblei like populær heile tida?

- Ja, eg har forsøkt å finne ut om skandalane har ein effekt mellom veljarane, og har sett nærmare på dei seks norske politiske skandalane som eg oppfattar som dei største: Borten, Syse, Rød-Larsen, Søviknes, Tønne og Norman (sjå faktaboks). Og eg finn ingen merkbare utslag i veljaroppslutning. Det kan anten bety at det er ein effekt, men at dei som får sympati med politikarane er like mange som dei som får avsky. Eller det kan bety at veljarane ikkje bryr seg. Og det er dette siste eg trur er tilfellet. Det kan verke som forholdet mellom media og politikarane fungerer som eit lukka kretsløp, det når ikkje ut til veljarane.

- Du skriv kritisk om det mediejaget som oppstår i skandaleprosessen, men er det ikkje litt sunt at vi har høge moralske krav til leiarane våre?

- Jo, det er det. Det at vi skal late pressa fungere som ei fjerde statsmakt og at politikarane har gått inn i dette med viten og vilje og difor må tåle å bli saumfara, er argument for denne journalistikken. Men samstundes finn ein mange motargument, som avsporingsargumentet: at ein blir meir opptatt av desse sakene enn dei viktige politiske sakene. Eller rekrutteringsargumentet: at når ein ser korleis desse politikarane blir handsama, vil det fungere slik at det hindrar dei rette typane frå å ynskje seg inn i politikken.

- Men det argumentet som er viktigast for meg, er det humanistiske argumentet. Den måten desse politikarane blir handsama på, strir med grunnleggjande rettstryggleiksprinsipp. Nokre har samanlikna dette med fysisk tortur, dei blir avkledde og nedverdiga offentleg.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT