Korrupsjon

Fredag 14. desember, 2007
- Ingen i Forsvaret er førebels dømt for korrupsjon, og ingen veit kva Økokrims rassia konkret vil føre til. Ein skal vera varsam med å slå om seg med ordet «korrupsjonskultur» om ein etat med mange tusen heiderlege medarbeidarar. Men sikkert er det at Økokrims aksjon og korrupsjonsmistanken mot dusinvis av forsvarstoppar, inkludert ein av forsvarsministerens nære medarbeidarar, var det siste forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen og forsvarssjef Sverre Diesen ønska seg til jul etter eit år der Forsvaret ustanseleg har komme i dårleg lys.
- Same dag som Økokrim slo til, la Riksrevisjonen fram ein rapport med knusande kritikk av manglar på dei fleste område - materiell, personell og organisatoriske veikskapar. Riksrevisjonen stiller spørsmål om Forsvaret har kapasitet til å løyse sine nasjonale og internasjonale oppgåver slik Stortingets føresetnad er. Dels kan den kritiske rapporten komme til nytte i forsvarsleiingas kampanje for større forsvarsløyvingar, som Forsvarsstudie 07 var sentral del av. Men Riksrevisjonen stadfestar også kritikken av organisatoriske manglar, dårleg økonomistyring og andre internproblem som har ridd Forsvaret i mange år. Dette vart også peika på av det forsvarspolitiske utvalet i haust.
- Medan Forsvaret som mest treng å styrke sitt rennomé, kjem det altså stadig nye saker som tyder på at betrudde delar av organisasjonen som vi betaler meir enn 30 milliardar i året for, lever sitt eige liv i lukrativ samrøyre med den gigantiske våpenindustrien. Anti-korrupsjonsorganisasjonen Transparency International driv eiga registrering av korrupsjon i forsvarssektoren, med døme frå alle verdsdelar. Enorme kontraktar inngått i ein sfære av politisk og militært løyndespel innbyr til smørjing og ureint trav, som dei innvigde kan sko seg på. Forsvarsdepartementet har etter regjeringsskiftet tatt somme grep, mellom anna med Dalseide-utvalet som granska Forsvarets it-kontraktar. Økokrim etterforskar kriminalitet, men dei øvste ansvarlege for å rydde opp er Strøm-Erichsen og Diesen. Vi er ikkje sikre på at nokon av dei er vaksne for oppgåva.










