Flåthen

Torsdag 13. desember, 2007
*Dei neste månadene vil vi for alvor sjå kva slags stoff det er i Roar Flåthen som LO-leiar. I haust har han hatt arbeidsro til å byggje seg opp og konsolidere seg som toppleiar, etter å ha vorte kasta ut i det ved Gerd-Liv Vallas dramatiske avgang. Til våren kjem hans store styrkeprøve ved hovudoppgjeret. Dette handlar ikkje berre om kroner og øre, eller om AFP, som Flåthen sjølv peikar ut som den klåre hovudsaka. Førebuingar og gjennomføring av oppgjeret vil bli ein målestokk for LOs samhald og styrke, etter eit år som har vore eit mareritt for fleire enn Valla.
*Mange som sette pris på Vallas kampvilje og politiske styrke, har sett mørkt på å få den meir tradisjonelle og varsame sosialdemokraten Flåthen som LO-leiar. Frå venstresida blir han sett som eit klårt tilbakeslag. Han har ein heilt annan stil enn Valla, på godt og vondt, ser det ut til. Spørsmålet er i kva for grad han vil utfordre «si eiga» regjering, og kor tøff han er når det verkeleg røynar på. Det har komme signal som kan tyde på at Flåthen kan overraske skeptikarane positivt. Medverkande til dette kan det bli at hans eige forbund, Fellesforbundet, på sitt landsmøte fatta kraftfulle vedtak om sentrale saker som AFP, tenestedirektivet og sosial dumping. Presset frå golvet vil bli avgjerande, som det var under Fellesforbundets landsmøte.
*Flåthen har markert LO som meir radikal og framsynt på miljøområdet enn tidlegare. På LOs kartellkonferanse nyss utfordra han statsminister Jens Stoltenberg direkte på eitt av regjeringas svake punkt: kampen mot fattigdom. Han kravde ei sterkare satsing på jernbanen, og ein nasjonal dugnad for eit meir anstendig arbeidsliv. Som Klassekampen fortalde laurdag, er LO no på kollisjonskurs med arbeidsminister Bjarne Håkon Hanssens departement i spørsmålet om tillitsvaldes rett til innsyn i løns- og arbeidsforhold for å motverke sosial dumping. LO uttaler at fagrørsla vil kjempe mot reglar som kneblar tillitsvalde «med sterke midler». Det er lov å håpe: Kanskje Hanssen gledde seg for tidleg då han dansa på bordet i glede over Gerd-Liv Vallas avgang.










