Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524

Paranoid?

Paranoid?

Tirsdag 11. desember, 2007

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
  • Stortingsrepresentant Rolf Terje Klungland frå Arbeidarpartiet gjer i sitt innlegg i Klassekampen måndag sitt beste for å halde liv i konspirasjonsspøkelset i Valla-saka, for å fjerne søkelyset frå stridens politiske sider. Vi blir med vår dekning av Torstein Tranøys bok skulda for å halde fram med våre konspirasjonsteoriar. Ifølge Klungland er det «en helt vanvittig paranoid tanke» at leiande politikarar i Ap skulle ha sett i gang ein kampanje for å skade Valla som LO-leiar. For han er saka såre enkel: Ingunn Yssen var ein helt og ein varslar, Gerd-Liv Valla var ein mobbar og ein lovbrytar. Ferdig med det.
  • For dei som kunne ha interesse av eit meir nyansert bilete, kan vi tilrå siste del av Fougner-utvalets rapport. Sjølv om utvalet trudde blindt på Yssens versjon, heiter det i rapporten at hennar varslarmotiv må sjåast som underordna i høve til andre motiv, særleg hemnmotivet. Klungland var Vallas kanskje mest aggressive motstandar i Aps stortingsgruppe. Norsk Industris leiar Stein Lier-Hansen fortel i Tranøys bok korleis det oppsto eit nettverk i Ap som budde seg på å jekke ned Valla, då ho fillerista si eiga regjering under sjukelønsstriden i fjor haust. Det kokte i stortingsgruppa, med Klungland i brodden. Tranøy viser i tillegg korleis partisekretær Martin Kolberg nytta høvet til å dukke Valla, mellom anna under Fougner-utvalets høyringar. Ingenting av dette interesserer Klungland.
  • Når vi høyrer ordet «konspirasjonsteori» i samband med Valla-saka, minnest vi sitatet som er tillagt Joseph Goebbels: Kvar gong eg høyrer ordet kultur, grip eg etter pistolen. Skuldingane om å drive konspirasjonsteori er den perfekte avsporing. Gnyet om at Valla ikkje vart felt av ei samansverjing med Jens Stoltenberg som edderkoppen, er å slå inn opne dører. Dette har aldri vore påstått, av Klassekampen eller andre. Vi meiner Tranøys analyse råkar bra, når han peikar på kombinasjonen av hennar eigne feil og dei mektige uvenene ho hadde skaffa seg høgt opp i sitt eige parti. Klunglands utfall er som eit ekko av dei uskuldsblå forsikringane frå Stoltenberg og Kolberg om at Vallas fall sjølsagt ikkje hadde noko med Ap å gjera. Tru det, den som vil.
Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT