Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 9. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120209
Kultur & medier
Fredag 7. desember, 2007
Bokbåt i budsjettskvis
SNART SISTE TUR? I snart 50 år har bokbåten «Epos» reist omkring til avsidesliggjande bygder og øysamfunn på Vestlandet, og forsynt innbyggjarane med lånebøker og kulturarrangement. I fylkestingsmøte i Hordaland på tysdag blir båtens lagnad avgjort. Foto: Finn-Erik Moberg

Bokbåt i budsjettskvis

Fredag 7. desember, 2007

FAKTA

Bokbåten

  • Bokbåttenesta er eit samarbeidstiltak mellom fylkesbiblioteka i Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Båten går til dei små plassane på Vestlandet som elles ikkje har bibliotektenester.
  • Tenesta blei starta opp hausten 1959. Dei fyrste åra var det ei skute med namnet Abdulla som sørga for bøker og kultur. I 1963 overtok den 80 fot lange bokbåten Epos.
  • KrF, Høgre og Frp i Hordaland har fremma framlegg om å droppe fylkets støtte til båten. Truleg vil Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal ikkje kunne oppretthalde drifta åleine.
  • Saka blir avgjort på tysdag.
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Den tradisjonsrike bokbåten «Epos» er gått ut på dato, hevdar fylkesordføraren i Hordaland og vil avvikle ordninga. - Fagleg sett feil, svarer fylkesbiblioteksjefen. Tysdag blir båtens lagnad avgjort.

I snart 50 år har bokbåten «Epos» reist omkring til avsidesliggjande bygder og øysamfunn på Vestlandet, og forsynt innbyggjarane med lånebøker og kulturarrangement.

Båten som er eit spleiselag mellom dei tre fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, vitjar kvar vår og haust 52 stoppestader i 21 kommunar.

Men no kan det bli slutt.

I fylkestingsmøte i Hordaland på tysdag blir båtens lagnad avgjort. Hordalendingane vil ifølgje eit framlegg frå KrF, Høgre og Frp spare 480.000 kroner ved å leggje ned båten, ein båt som ifølgje fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg er «gått ut på dato».

Fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt er ikkje samd:

- Ho er min overordna, så her må eg vere forsiktig, men fagleg sett tar ho feil. Bokbåten har fornya seg og speler ei viktigare rolle enn nokon gong, på grunn av auka avstand til stasjonære bibliotek.

- Kva har denne båten betydd for Vestlandet?

- Her må vi snakke i presens, båten har ikkje berre betydd noko, men betyr enormt for dei som bur på øyer og inni fjordar på Vestlandet. Dei får eit bibliotek og eit kulturtilbod veldig nært seg, og dei siste åra er dette blitt meir populært enn det har vore på mange år, seier Ørnholt og fortel at det dei siste åra er blitt lagd ned 15 biblioteksfilialar berre i Hordaland.

Kulturbåt

Bokbåten tilbyr dessutan meir enn utlånsbøker:

- Det andre aspektet ved bokbåten er som kulturbåt. Vi samarbeider med den kulturelle skulesekken og legg vekt på at det skal vere profesjonell og høg kvalitet på det som føregår på båten. Og vi opplever oppgang i publikumstala på desse arrangementa.

- Korleis er utlånsstatistikken for bokbåten?

- Lånetala har gått opp dei siste åra. For Hordalands del har det vore ei stigning frå 24.000 til 27.000 årlege utlån dei siste tre åra.

- Korleis er landssnittet elles for bibliotekslån av bøker?

- Det går ned. Særleg går utlånet til vaksne ned, medan på bokbåten låner kvar vaksne brukar mellom ti og elleve bøker i snitt per år. Desse brukarane har ofte korkje bokhandel eller bibliotek i nærleiken, og bokbåten blir difor hovudforsyninga av både fag- og skjønnlitteratur.

- Kan Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane drive båten vidare åleine?

- Vi leiger båten saman og driftsutgiftene blir fordelte på tre fylke. Om dette må delast på to, er eg redd han blir lagd ned.

Kampanje

Bokbåten har to trevekers turnear i året, ein om våren og ein om hausten. Då reiser båten omkring med to bibliotekarar, to sjøfolk og ein eller to kulturarbeidarar ombord.

Forfattaren Stig Holmås har tidlegare arbeidd som bibliotekar ombord, og gav i 1988 ut ei eiga bok om bokbåtens historie.

No har han starta den spontane protestaksjonen «La bokbåten leve!»

- Bokbåten er eit av dei mest vellukka distriktspolitiske kulturtiltaka i Noreg. Og for svært mange langs kysten er bokbåten det einaste kulturtilbodet dei har, det er ingenting som kan erstatte han. Det er dessutan eit svært demokratisk kulturtiltak, barna i dei bygdene der båten stoppar er ikkje avhengige av ressurssterke foreldre som fraktar dei milevis over bruer og sund til kommunesentras bibliotek, seier Holmås.

- Har du håp om at politikarane snur på tysdag?

- Ja, eg har eit reelt håp. Det er to underskriftskampanjer gåande, og det har reist seg ei heil folkerørsle dei siste to vekene. Eg trur det i desse tre partia må finnast fylkespolitikarar som skjønner at dette var ei uklok avgjerd.

Tapt sak

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg trur derimot saka er tapt for Holmås:

- Det er ingenting som tyder på eit anna utfall på tysdag. Det blir nok slik diverre.

- Det høyrest ut som du gjer dette med tungt hjarte?

- Ja, det er ei tung prioritering. Eg veit det er mange som har bokbåten kjær, men samstundes er det mange kommunar som har bokbussar og dei fleste øyane er knytte til fastlandet med bruer.

- Men 480.000 er ikkje store summen?

- Nei, det er ikkje det, det er lite pengar, men det blei no slik denne gongen.

- Du har sagt at bokbåten er gått ut på dato. Kva meinte du med det?

- Det var vel litt populistisk sagt, for bokbåten har hatt ein veldig god misjon. Han har levert bøker og kulturtilbod til øyer og grisgrendte strøk. Men det samla kulturbudsjettett i Hordaland er på 108 millionar og vi får stadige utfordringar til å ta inn nye ting, samstundes som mykje av midla er bunde opp til statlege og kommunale spleiselag. Vi måtte difor sjå på alle moglege innsparingar.

Helge Andre Njåstad frå Framstegspartiet er leiar av Kultur- og ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune. Han står fullt og fast bak framlegget om å droppe fylkets støtte til drift av bokbåten, trass i at han sjølv er ein gamal bokbåtbrukar frå heimkommunen Austevoll:

- Ja, eg er vaksen opp i ein av kommunane som blir mest berørt og bokbåten har vore mykje i heimbygda mi. Men i mi bygd er det altså no to bibliotek innan ei køyretid på ti minutt, samstundes som vi har bokbåtstopp. Vi har bygd ein del bruer og fått betre kommunikasjon, så eg trur desse kulturkronene kan brukast meir effektivt på andre måtar, seier Njåstad.

- Er du overraska over engasjementet i saka?

- Nei, på ingen måte. Eg veit at bokbåten står sterkt i medvitet til mange folk. Bokbåten er noko som har vore knytt til identiteten langs kysten i lang tid, og det er klart det vil bli vemodig når han forsvinn. Men ein eller annan gong måtte dette skje.

Kultur & medier
Torsdag 9. februar, 2012
Vanskelig virkelighet

Vanskelig virkelighet

Sju år gammel møter Margaux Fragoso den femtien år gamle Peter. Da han begikk selvmord skrev hun bok om det hun velger å kalle et 15 år langt forhold.
Utenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Goliat står fjellstøtt

Goliat står fjellstøtt

AVGJORT?: Rick Santorum påfører Mitt Romney pinlige valgsmeller. Men Demokratene er fortsatt sikre på at det er pengesterke Romney de skal kjempe mot i presidentvalget.
Innenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Bestrider ikke diagnosen

Bestrider ikke diagnosen

UKLART: Anders Behring Breivik mener sakkyndigrapporten er full av feil. Men han har ennå ikke gjort seg opp en mening om egen tilregnelighet, sier hans forsvarer Geir Lippestad.
Dagens leder
Torsdag 9. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Modellen

Modellen

Dagens leder
Powered by eonBIT