Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 9. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120209
Kultur & medier
Fredag 30. november, 2007
- Universitetet viste motstand
ENGASJERTE: Studentane som gruppe var over gjennomsnittleg aktive i motstandsarbeidet under andre verdskrigen, syner historikar Jorunn Sem Fure i ny bok. Her blir norske studentar arresterte av dei nazistiske styresmaktene framfor Universitetet på Karl Johans gate. FOTO: Frå boka.

- Universitetet viste motstand

Fredag 30. november, 2007

«Eg synest det er meir interessant å forstå kva motiv dei hadde, enn å dømme dei» Jorunn Sem Fure, historikar
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
- Eg hadde venta å finne fleire skjelett i skapet, men blei positivt overraska over den prinsippfaste motstanden, seier Jorunn Sem Fure, som har skrive bok om Universitetet i Oslo under krigen.

«Universitetet i kamp 1940-1945» heiter boka historikar Jorunn Sem Fure lanserer i dag på Vidarforlaget. Boka spring ut av det store historieprosjektet Forum for Universitetshistorie, og er den fyrste boka som utelukkande befattar seg med korleis det som den gongen var Noregs einaste universitet opplevde verdskrigen.

Og motsett ryktet om at akademikarane var mest opptatte av å få forske i fred, og mindre av å engasjere seg mot nasjonalsosialismen, viser Fures forteljing eit engasjert og prinsippfast akademisk miljø:

- Eg hadde trudd eg skulle finne fleire skjelett i skapa. Men eg fann ei meir prinsipiell haldning og ein større risikovilje og ein mykje større motstandsvilje enn det ein vanlegvis har meint at Universitetet stod for, seier Sem Fure.

- Okkupasjonsstyresmaktene hadde generelt liten tilgang på intelligentsiaen i Noreg, heilt motsett situasjonen i Tyskland, der akademia og særleg idéfaga ikkje berre var mottakelege for nazismen, men òg var med å utforme han.

Samarbeidslinje

- Korleis reagerte universitetsmiljøet den 9. april?

- Vel, rektor Didrik Arup Seip hasta avgarde for å halde sin oppsette førelesing i lingvistikk, og møtte éin student. Mange fann straks ut at dei skulle flykte, fordi dei allereie var profilerte anti-fascistar. Nokre, spesielt medisinarar, melde seg i felten, medan dei fleste blei på post. Det oppstod raskt ei haldning om at ein skulle dempe panikken, normalisere situasjonen og sjå kva ordningar Universitetet kunne få.

- Var Seips val om å halde førelesinga si eit uttrykk for naivitet?

- Nei, eg trur han kjende eit leiaransvar. Han var ansvarleg for ein viktig samfunnsinstitusjon og måtte vere der som leiar. Han blei profilert og tydeleg desse fyrste vekene, og kom raskt i Terbovens søkelys. Samstundes stod Seip for ei ansvarlegheitslinje, ein skulle avvente, sjå kva som kom og sjå om ein kunne tilpasse seg.

Seip var likefullt provoserande nok til at han i 1941 blei avsett som rektor, arrestert og sendt fyrst til Grini og deretter til Sachsenhausen.

- Etter Seip blei avsett heldt dekanane fram denne samarbeidslinja. Dei tenkte at dersom Universitetet kunne halde på integriteten sin og setje opp nokre skrankar mot nazifiseringa, var det ei viktig markering. Parallelt eksisterte ein annan strategi med eit illegalt aksjonsutval under Harald Schjelderups leiing, som meinte at eitkvart samarbeid med den nazistiske rektoren var gale.

- Og du blir dregen mellom desse posisjonane?

- Ja, eg gjer det. Eg synest det er viktig å få fram at dette var reelle menneske som blei stilte overfor veldig vanskelege dilemma og sett i ein situasjon dei slett ikkje hadde bede om. Eg synest det er meir interessant å forstå kva motiv dei hadde, enn å dømme dei.

Fungerte

I tre okkupasjonsår var Universitetet ope og fungerande:

- Det var sjølvsagt masse praktiske problem. Mykje av personalet forsvann, det var vanskeleg å fylle stillingar og dei miste kontakten med dei utanlandske fagmiljøa, men dei opplevde relativt beskjedne inngrep i forsking og undervisning, sjølv om dei alltid frykta angjevarar i auditoria.

Professor i keltiske språk, Carl Marstrander, var den fyrste universitetslæraren som blei arrestert, etter seiande fordi han utleia etymologien til ordet «gås» via det tyske «Gans» og presiserte at «de to siste bokstavene i dette ord er som dere vet NS, en høyst ustabil forbindelse i nordisk».

- Francis Bull var ein annan mann styresmaktene heller ikkje ville ha gåande omkring og påverke studentar, så han blei sitjande på Grini i tre og eit halvt år, og skapte her sitt eige universitet.

- Men eksamenar blei avvikla?

- Ja, det gjekk greitt. Men ein del av studentane som tok eksamen under krigen blei seinare skulda for å ha vore for opptatte av sine eigne eksamenar.

- Var det ein rimeleg kritikk?

- Ja og nei, det var nok mange som tenkte at dei kanskje skulle vente med å engasjere seg til dei hadde ei utdanning og ei stilling, men eg har gått gjennom arrestasjonsbasen for krigen, og av denne framgår det at studentar var ei over gjennomsnittleg aktiv gruppe.

Mange av studentane engasjerte seg i den hemmeleg etterretningsorganisasjonen XU, som britisk etterretning etter krigen omtalte som Europas beste og mest effektive etterretningsorganisasjon:

- Mange unge studentar av begge kjønn engasjerte seg her, spesielt realistar. Historia om XU er heilt spektakulær i internasjonal samanheng.

600 deporterte

Universitetet fungerte altså relativt normalt frå okkupasjonen 9. april 1940 til rikskomissær Terboven valde å stenge det, den 30. november 1943. Då hadde det oppstått ein stor strid mellom studentane og styresmaktene, i fyrste omgang fordi styresmaktene kravde at austfrontkjemparar skulle ha fyrsterett til opptak på det avgrensa medisinstudiet. Striden auka i omfang og kulminerte med aulabrannen i 1943.

Terboven stengte dimed Universitetet og arresterte over 600 norske studentar og sende dei til Tyskland for å omskolere dei til å bli gode nazistar.

- Det verkar litt naivt?

- Ja, definitivt, men det var eit samanfall av eit djupt ideologisk prosjekt og eit akutt problem som oppstod. Situasjonen var ute av kontroll. Ein tenkte at dette var 600 unge og ubefesta studentar som var blitt feilinformerte av det tyskarane oppfatta som marxistiske lærarar, og tenkte at om ein berre fekk desse til Tyskland og fekk synt dei nasjonalsosialismens grandiositet, så kunne ein omgjere desse til ei kadergruppe.

Og som potensielle nazikader blei studentane handsama mykje mildare enn andre deporterte:

- Det var ein interessant dragkamp med omsyn til kva status dei hadde. Sjølv kravde dei norske studentane å bli definerte som politiske fangar, i og med at dei var arresterte og deporterte, medan tyskarane freista å sluse dei inn i ei eller anna frivillig rolle. Men nordmennene nekta å bere uniform, og brukte den motmakta dei visste at dei hadde ved at det ville vekke oppsikt i den internasjonale opinionen om nazistane skaut germanske brør.

- Det er litt ekkelt at «rasen» verna dei?

- Ja, det er det, og dette prega dei i ettertid. Etter krigen følte dei seg som grå mus andsynes dei som kom heim i allierte uniformer som krigsheltar. Men det psykologiske momentet var grufullt nok. Dei visste ikkje korleis utgangen på fangeopphaldet ville bli.

- Og dei var modige nok då dei nekta å bere hakekrossen?

- Ja, dei blei kraftig pressa og truga i fleire omgangar og eg synest dette er historier som er verdt å trekkje fram. Dei utvikla dessutan ein heilt spesiell galgenhumor, fortel Sem Fure.

Då student Michael Sars blei sett til å omsetje til norsk kva ordrar den tyske kommandanten brølte til dei, byrja han omsetjinga si med: «Som dere ser, boys, er denne karen tydelig spikende gæ'ern, så det er ikke verdt å hisse ham opp mer enn nødvendig.»

- Denne galgenhumoren var veldig viktig. Som vi veit er totalitære ideologiar alltid kjenneteikna ved totalt manglande sans for humor.

Kultur & medier
Torsdag 9. februar, 2012
Vanskelig virkelighet

Vanskelig virkelighet

Sju år gammel møter Margaux Fragoso den femtien år gamle Peter. Da han begikk selvmord skrev hun bok om det hun velger å kalle et 15 år langt forhold.
Utenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Goliat står fjellstøtt

Goliat står fjellstøtt

AVGJORT?: Rick Santorum påfører Mitt Romney pinlige valgsmeller. Men Demokratene er fortsatt sikre på at det er pengesterke Romney de skal kjempe mot i presidentvalget.
Innenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Bestrider ikke diagnosen

Bestrider ikke diagnosen

UKLART: Anders Behring Breivik mener sakkyndigrapporten er full av feil. Men han har ennå ikke gjort seg opp en mening om egen tilregnelighet, sier hans forsvarer Geir Lippestad.
Dagens leder
Torsdag 9. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Modellen

Modellen

Dagens leder
Powered by eonBIT