Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Kultur & medier
Torsdag 29. november, 2007
Ny Kapittelsjef
NY: Eirik Bø blir ny sjef for litteraturfestivalen Kapittel i Stavanger. Tidlegare sjef Birgit Hatlehol etterlèt seg eit solid ettermæle, seier kulturhussjef Marit Egaas.

Ny Kapittelsjef

Torsdag 29. november, 2007

FAKTA

Kapittelfestivalen

  • «Kapittel, Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfrihet» blir arrangert av Stavanger kulturhus, Sølvberget KF.
  • Festivalen er blitt arrangert kvart år sidan 1995, dei to siste åra med Birgit Hatlehol som sjef. Hatlehol forlèt no stillinga eitt år før tida, medan Eirik Bø overtar som ny sjef.
  • Hatlehol fekk etter festivalen i 2006 omfattande kritikk for sin leiarstil.
«Det som har vore av kritikk av einskildhendingar er det ingen grunn til å tru skal vere ei belasting eller gjenta seg» Eirik Bø
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Birgit Hatlehol går av som sjef for Kapittel-festivalen eitt år før tida. Eirik Bø overtar ansvaret for festivalen i 2008.

Det har vore mykje turbulens omkring litteraturfestivalen Kapittel i Stavanger, dei to åra Birgit Hatlehol har fungert som sjef. Etter festivalen i 2006 blei Hatlehol skulda for rasistiske merknader etter å ha introdusert artisten Hanna Wozene Kvam som ein «villkatt» og poeten Triztan Vindtorn ved å referere til at han tidlegare hadde vore i Zululand og treft «hottentottar».

Seinare same haust kom det fram i Stavanger Aftenblad at dei tilsette ved Kulturhuset i Stavanger, Sølvberget, hadde laga ei svært kritisk evaluering av Hatlehols innsats som Kapittelsjef. Dei tilsette meinte mellom anna at Hatlehol var vanskeleg å få tak i, at ho sutra i staden for å kome med løysingar, at ho ikkje eigna seg som programleiar, at ho skulle ha utsett fleire programpostar for å rekke dei sjølve og for at ho ikkje hadde eit klart hovud i stressande situasjonar.

No har altså Hatlehol sjølv valt å forlate jobben og gå over i ei stilling som litteraturformidlar på kultur- og faktabiblioteket ved Stavanger bibliotek.

Men kulturhussjef Marit Egaas ynskjer ikkje å gå i detalj om kvifor Hatlehol gjev seg som Kapittelsjef eit år før tida:

- Ho er sjukmeld no, og det vi er komne fram til er eit resultat av den oppfølginga vi har hatt av det. Det er samtaler mellom henne og meg som eg ikkje kan referere frå, men dette er noko vi er blitt samde om som eit ledd i det å få henne attende frå sjukemeldinga.

Egaas meiner festivalen har lært av den kritikken som kom i 2006:

- Den kritikken som kom etter Kapittel 06 lærte organisasjonen mykje av, og Kapittel 07 var veldig vellukka. Og mange av dei tinga som ikkje fungerte godt i 2006 blei retta opp. Evalueringa av årets festival er mykje meir positiv, sjølv om det sjølvsagt er ting som kan bli betre framleis.

Vanskeleg rolle

Motsett til dømes Lillehammer-festivalen, som har ein kunstnarisk og ein administrativ leiar, har Kapittel berre éin leiar som skal meistre begge felta.

- Korleis er erfaringane med det?

- Vi ser at det kan vere problematisk. Eirik Bø som skal overta no har eit stort prosjekt i tillegg som han jobbar 100 prosent med, og vi har ikkje tenkt at han skal jobbe 200 prosent. Vi har tenkt at han fortrinnsvis skal jobbe med det kunstnariske og at vi i mykje større grad skal avlaste han på det administrative.

- Var Hatlehol sterkast på den kunstnariske biten?

- Både ho og Eirik Bø er litteraturvitarar og det er opplagt der dei har sin styrke, men organisasjonen har god kompetanse på dei andre felta.

- Kva blir Hatlehols ettermæle som Kapittelsjef?

- Ho har gjennomført to festivalar med eit veldig godt program og har utvikla Kapittel vidare. Vi har fått mange nye spennande samarbeidspartnarar. Mange hugsar nok den uroa som skjedde i 2006, men eg håper mange òg vil hugse at festivalen i 2007 var veldig vellukka. Vi er veldig nøgde med den jobben ho har gjort på programsida.

Styreleiar i kulturhuset Sølvberget som er ansvarleg for festivalen, Ole J. Aga, trur ikkje festivalens renommé er skadd av all kritikken:

- Nei, det trur eg ikkje. Dei sakene som blei kritiserte blei tatt opp og gjort noko med. Det er både bra og naturleg at det blir merksemd omkring festivalen, og dei erfaringane vi gjorde oss i 2006 blei tatt med vidare, og det var denne lærdomen som blei hausta i årets festival, seier Aga.

- Stemmer det at styret blei meir «hands on» til å følgje opp framdrifta i festivalplanlegginga før 2007?

- Ja, styret ville vere orientert og var nok meir «hands on», som du seier, fordi styret hadde ei genuin interesse av at festivalen skulle bli bra og realisere det utviklingspotensialet han hadde.

Ikkje skremt

Eirik Bø er førebels tilsett i eit eittårsengasjement. Etter 2008-festivalen er Helge Lunde, som eigentleg er tilsett som Kapittelsjef, ferdig med sin treårige permisjon.

I dag er Bø prosjektleiar for «Gjestfrihetens kunster» som er eit av hovudprosjekta for Stavanger kommunes satsing som europeisk kulturby 2008. Prosjektet har ideologisk utgangspunkt i Stavanger som friby for forfølgde forfattarar, og var allereie i utgangspunktet planlagd i nært samarbeid med Kapittelfestivalen.

Bø skal det komande året styre begge prosjekta:

- Det at eg kan gå inn som Kapittelsjef er nært forbunde med at vi snakkar om 2008. Litterært og politisk er det mykje av den same ideologien som ligg under Kapittel-festivalen og prosjektet «Gjestfrihetens kunster», og det var allereie planlagd at dette prosjektet skulle utgjere ein sentral del av Kapittel 08.

- Men du er ikkje skremt av den kritikken som er kome mot festivalen den siste tida?

- Nei, det er eg ikkje. Det som har vore av kritikk av einskildhendingar er det ingen grunn til å tru skal vere ei belastning eller gjenta seg. Og i den grad det har vore kritikk av festivalen strukturelt, viser årets godt gjennomførte festival at dei eventuelle problema som har vore, er blitt tatt på alvor.

- Men ser du nokre klåre forbetringspotensial for festivalen?

- Det vil det alltid vere, men det som fyrst og fremst vil vere viktig her er at 2008 vil bli ein spesiell festival i og med kulturåret. Det kjem til å bli ein større festival som kanskje gjev oss moglegheita for å satse breiare og annleis. Eg kan ikkje kome med programerklæringar i dag om det, men einkvar festivalsjef vil vel medvite eller umedvite setje sitt fingeravtrykk på festivalen.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT