
Halvparten vil gå
Fredag 23. november, 2007
Over halvparten av dei tilsette i Dagbladet svarer at dei vil takke ja til sluttpakke om dei blir tilbode det. Det er tre gonger fleire som svarer det enn i ei tilsvarande undersøking frå 2005. Det er etter det Klassekampen erfarer mellom funna som framgår av forskingsstiftinga Fafo sin rapport om tilstanden i avishuset.
Fafo-rapporten er bestilt i samband med dei store innsparingane Dagbladet skal gjennom dei neste tre åra. På tre år skal Dagbladet spare 150 millionar kroner, mellom anna ved å kutte 60 årsverk, 45 av dei allereie i løpet av 2008.
På onsdag presenterte sals- og marknadsdirektør Terje Wibe Fafo-rapporten for dei tilsette, men Wibe ynskjer ikkje å stadfeste Klassekampens opplysningar om at over halvparten av dei tilsette kunne tenkje seg sluttpakke:
- Det har eg ingen kommentar til. Dette er ein intern rapport som vi i styringsgruppa i prosjektet blei samde om å få Fafo til å gjere for oss. Det same blei gjort i 2005, men eg har ingen kommentar til små brotstykke av ei stor og omfattande undersøking, seier Wibe.
Frivillige pakkar
Klubbane i Dagbladet har kravd frivillige sluttpakkar, medan leiinga har signalisert at dei føretrekkjer å styre sjølv kven som skal sparkast. Og klubbane har argumentert med at Fafo-rapporten nettopp sannsynlegjer at mange kan vere interesserte i ei frivillig ordning.
- Kva seier du til det argumentet frå klubbane?
- Eg har ikkje lyst å kommentere dette, vi har fått ein rapport frå Fafo på bakgrunn av at klubbane og leiinga i fellesskap bad dei gjere denne undersøkinga. No skal vi i dialog med klubbane sjå nærare på kva betydning desse innspela vil få i forhold til utforming av policy og verkemiddel i den nedbemanninga vi står framfor, seier Wibe.
Styremedlem i redaksjonsklubben Per Arne Solend ynskjer heller ikkje å stadfeste konkrete tal:
- Eg har ikkje rapporten framfor meg og kan ikkje stadfeste dei einskilde tala, men rapporten syner at det er eit godt rom for å få til ei frivillig nedbemanning, seier Solend
- Men tala seier vel òg noko om ein dramatisk psykososial situasjon for dei tilsette?
- Nei, vi opplever ikkje situasjonen som dramatisk. Eg trur folk har sett at det gjekk bra med dei som gjekk ut av huset i førre runde, og dei ser at det er mogleg å finne seg ein jobb og ein karriere også utanfor ei avis dei er glad i.
- Det tyder altså ikkje at fleire er pessimistiske med omsyn til om Dagbladet kjem til å overleve som papiravis?
- Nei, slik eg opplever medlemmane våre har dei stor tru på Dagbladet. Spørsmåla i rapporten er stilte slik at ein spør korleis folk ville stille seg dersom det kom til ei nedbemanning, og då er det ikkje så rart at folk svarer som dei gjer.
Dårleg signal
Merethe Ruud, leiar i Handel og kontor-klubben i Dagbladet åtvarar òg mot å lese tala for bokstavleg:
- Det er ikkje alltid samsvar mellom det folk svarer i ei slik undersøking og det dei meiner når det kjem til stykket. Klubbens syn er at folk er slitne etter førre nedbemanning, seier Ruud.
- Kva synest du om at det nettopp er fagrørslas forskingsinsitutt som leverer forskinga som leiinga nyttar når dei argumenterer for nedbemanning?
- Klubbane tok initiativet til denne undersøkinga. Fafos konklusjonar får stå for deira rekning. Alle klubbane er samstemte i at det ikkje skal vere styrte sluttpakkar.
Heller ikkje leiar i Norsk Journalistlag Elin Floberghagen ynskjer å kommentere det prinsipielle i at det nettopp er Fafo som leverer rapporten, men hevdar at leiinga i Dagbladet ikkje naudsynleg kan bruke rapporten som eit argument for at sluttpakkane i avisa må vere styrte:
- Rapporten gjev òg andre vinklingar enn dei som er komne fram i media så langt. Eg er overraska over at leiinga i Dagbladet signaliserer at dei ynskjer styrte sluttpakkar, eg trur det kan forlenge denne prosessen vesentleg. Alle må få tilbod om frivillige sluttpakkar, så kan bedrifta til slutt ta stilling til kven som skal få, seier Floberghagen.
For berre to år sidan kvitta Dagbladet seg med omlag 80 årsverk baserte på frivillige sluttpakkar. Berre to år seinare seier altså halvparten av dei tilsette at dei kan tenkje seg det same.
- Kva seier det om stoda i huset?
- Det er ikkje noko godt signal, det er ikkje det. Men dette er samstundes avhengig av mange faktorar, som storleiken på sluttpakkane og arbeidsmarknaden i seg sjølv. Det er ikkje kva sluttpakke som helst dei vil løpe ut av bedrifta med.
Betre prosess
Forskingsleiar ved Fafo Leif E. Moland har saman med kollega Eivind Falkum skrive rapporten.
- Kva tenkjer du om at leiinga i Dagbladet nyttar ein rapport frå nettopp fagrørsla sitt forskingsinstitutt til å forsvare ei nedbemanning?
- Eg veit ikkje korleis rapporten blir brukt. Vi har levert vår rapport, og no er det ein intern prosess som pågår i Dagbladet, seier Moland.
- Men ser du paradokset?
- Eg kan ikkje sjå at det er argument i det vi har levert som tilseier korkje det eine eller det andre. Vi gjorde noko liknande for Dagbladet for to år sidan, og den gongen førte undersøkinga vår til at det blei eit godt samarbeid mellom partane. Det var eit motiv for oss til å gå inn ein gong til.
- Men i ei undersøking av den typen vi har gjort, vil det nesten alltid framkome nokre svar som er vanskelege å handtere for den eine av partane, medan andre svar er ugreie for den andre parten. Dette tar vi opp med dei når vi diskuterer spørsmåla i forkant. Av det følgjer at det heller er regelen enn unntaket at partane bruker resultat frå ei undersøking for å argumentere for sine interesser overfor motparten.
- Men skjønner du at det kan vere strategisk nyttig for Dagblad-leiinga at dei kan bruke Fafos namn når dei argumenterer for nedbemanninga?
- Det har eg ingen kommentar til, anna enn at det ofte er klubbane som spør Fafo om å stille. Og vi har vore på møte med begge partar i denne prosessen.










