
–Må få synleg forlagssjef
Fredag 16. november, 2007
FAKTA
LES MER
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag
Frå 1. januar går forlagsdirektør i Det Norske Samlaget Nina Refseth over i si nye stilling som filmdirektør. Samlaget har i desse dagar utlyst stillinga som hennar etterfølgjar, og mange har sterke synspunkt på kva forlaget bør sjå etter.
Mangeårig Samlagsforfattar Einar Økland meiner forlaget primært må vere på utkikk etter ein offensiv og synleg talsmann eller talskvinne, som kan fronte nynorsksaka kulturpolitisk:
– Samlaget er heldigvis ein institusjon som greier seg utan sjef. Dei er godt samansveiste og gjer jobbane sine tolleg fritt og tillitsfullt, så på det planet treng dei ikkje noko anna enn ein som trøyster og oppmuntrar dei. Men om ein tenkjer på Samlaget som ein offentleg aktør, og ikkje på den interne drifta, så er mitt syn at dei treng ein tung kulturaktør som har levd med norsk kultur i ein del tiår og har lese seg opp på bransjehistorikk og nynorsk kulturhistorie og som i seg sjølv har tyngd nok til å fronte forlaget, seier Økland.
Økland er nemleg lite optimistisk med tanke på bransjesituasjonen framover:
– Eg meiner ei krisetid er nær. Det gjeld all bokutgjeving, men nynorskutgjevingar spesielt, og eg synest at dette burde uroe Samlaget litt. Då gjeld det ikkje berre å ha saklege argument, men ting som er avhengige av personlegdom blir viktige, som truverd. Difor ynskjer eg ikkje ein nyutdanna BI-person, eller ein som kanskje har sete og småadministrert noko lite, men ein som på fritt og personleg grunnlag har gjort seg gjeldande allereie.
– Nynorsken må ha sin Anders Heger. Han har levd lenge og snakkar no med ein viss autoritet som rikssynsar, der han før var meir ein bortløpt ml-ar som var komen inn i eit forlag. Nynorsken burde ha slike extramurale figurar og bruke dei i marknadsføringa av forlaget. Samlaget er eit idéforlag, og må ha ein autoritet som sjef, ikkje berre ein som er god på budsjett. Den slags kompetanse kan ein ha på eit lågare nivå.
Anonym i dag
Og Økland er ikkje nøgd med situasjonen slik han er i dag:
– Dei siste åra har sjefen vore grei og ryddig, men anonym i dei kulturpolitiske korridorane og sirkustelta. Det kan ikkje halde fram. Dei må ha ein som kanskje ikkje tar det interne så nøye, men som er operativ og i bane kringom i rikssamanhengane.
Konkrete namn har rett nok Økland færre av:
– Eg har ingen sterke kandidatar sjølv. Hadde du bede meg om ei negativ liste, kunne eg ha nemnd mange, men no må eg passe den stygge munnen min. Mann eller kvinne, norsk eller utanlandsk speler ingen rolle, berre det ikkje er ein heilt ung. Som symbol, og ikkje realitet, kan eg seie: Hadde «IdaLou Larsen» vore 55 år og brukt nynorsk, ville ho ha vore ein god kandidat. Diverre er ho pensjonist og bokmålsbrukar.
– Kva med Valgerd Svarstad Haugland?
– Ho er litt for «smal», ho hadde ikkje kunna snakke med autoritet om anna enn det som gjeld nynorsk og dialektar. Det er mykje godt å seie om henne, men det er ingen som trur at ho har lese så mykje.
– Direktør for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, då?
– Eg trur ikkje han vil. Men han ville ha fylt den offentlege biten godt. Om han heldt seg mykje ute i det offentlege og var lite på forlaget, ville det ha gått bra. Han ville dessutan ha vore lite politisk provoserande som gamal venstremann, det tyder vel nærast at han er apolitisk.
Eit anna namn som blir nemnd om dagen, er dramaturg ved Det Norske Teatret, Ola E. Bø.
Det er eit namn Økland har sans for:
– Han ville ha vore glimrande. Han ville nok ha vore mykje i stortingsrestauranten, òg etter stengetid. Han var verd å prøve. Han ville kanskje ha trunge ein god hjelpar med finansane, men han er flink å skape entusiasme.
Som Heskestad
Leiar i Noregs Mållag Hege Myklebust er samd med Einar Økland i at forlagssjefen må vere ein person som med truverd kan fronte nynorsken utad:
– Eg har ingen namn som eg håper på, men eg håper veldig at det blir ein person med litt engasjement for målsaka, ein som er personleg interessert og har lyst å drive Samlaget som ein viktig nynorskinstitusjon. Samlaget er eit fyrtårn, og det er difor viktig at forlaget engasjerer seg i målpolitiske spørsmål. Audun Heskestad var ein slik person, seier Myklebust.
Der Refseth forlèt forlaget etter berre tre år som forlagsdirektør, sat forgjengaren Audun Heskestad i heile 25 år i den same posisjonen.
– Du nemner Heskestad, men ikkje Refseth?
– Nina Refseth har vore sjef relativt kort, og eg kjente og kjenner ikkje henne like godt. Eg vil difor ikkje seie noko negativt om henne, men eg la merke til at Heskestad brukte sin posisjon på ein god måte for målsaka. Vi treng ein som kan spele ei slik rolle.
Godt utgangspunkt
Styreleiar i Det Norske Samlaget, Siri Hatlen, deler ikkje Øklands pessimistiske framtidsutsikter. Ho meiner utgangspunktet for å tilsetje ny sjef er det beste:
– Generelt vil eg seie at Samlaget har eit godt utgangspunkt for vidare vekst og utvikling, vi har hatt ein veldig suksess med skuleboksatsinga og har mange gode produkt på litterær side. Det står bra til, Nina Refseth har gjort ein strålande jobb som leiar og dette må vere ein av dei meir spanande stillingane innanfor forlagsverda.
– Må det vere ein nynorsking som blir sjef?
– Eg har ikkje lyst å byrje å ramme inn dette i forhold til avgrensingar. Samlaget har sin profil og si oppgåve og det er klart at ei eller anna forankring inn mot det nynorske bør vedkomande ha. Men derfrå til å seie at vi bør vere absolutte med omsyn til korleis vedkomande snakkar, er det for tidleg å seie noko om.
Det Norske Samlaget er delt i to organisasjonar: sjølve forlaget utskilt som ei eiga stifting, og det såkalla «Litteraturselskapet» som ein kulturpolitisk interesseorganisasjon.
Leiaren i Litteraturselskapet, Sigve Gramstad, meiner forlaget primært må sjå etter ein som har forleggjeriet i blodet:
– Det seier seg sjølv at det må vere ein person som er flink med forlagsarbeid, som er flink å handsame folk og til å tenkje og planleggje strategisk. Dessutan må personen vere opptatt av Samlagets samfunnskontrakt og ideologi som er knytt opp til nynorsken.
– Må det vere ein nynorsking?
– Ikkje naudsynleg, men det må vere ein person som identifiserer seg med ideologien.
Ikkje aktuelle
Ottar Grepstad, som altså er direktør for Nynorsk Kultursentrum, har ei fortid i Samlaget mellom anna som assisterande forlagssjef. Men Grepstad er lite lysten på ein retur, og vil elles halde seg utanfor den generelle debatten om kven som bør overta forlaget.
– Dette er den viktigaste posten i det nynorske kulturlivet. Eg ynskjer Samlaget alt godt og ser berre mange gode grunnar til at eg ikkje skal dit. Nynorsk kultursentrum samarbeider så tett med Samlaget at det blir heilt feil om vi skulle meine noko om kven som bør løfte dette viktige forlaget vidare, seier Grepstad.
Dag og Tid-redaktør og tidlegare forlagsmann, Svein Gjerdåker, blir òg nemnd av mange. Han og avviser at han er aktuell som kandidat:
– Nei, eg arbeider som redaktør i Dag og Tid. Det er ein jobb eg trivst svært godt med, seier Gjerdåker.
Den oftast nemnde interne kandidaten, noverande forlagssjef Margit Walsø, ynskjer ikkje å kommentere om ho er ein kandidat til stillinga. Klassekampen lukkast ikkje å kome i kontakt med Ola E. Bø i går.










