
Vil forby hemmeleghald
Torsdag 15. november, 2007
Bitte Vatvedt, tidlegare NRK-journalist
Journalist Bitte Vatvedt vann over NRK i tingretten da ho gjekk til rettssak fordi ho meinte ho hadde blitt usakleg oppsagt. Men NRK anka saka, og i rettsmeklinga opplevde Vatvedt eit sterkt press til å godta ein hemmeleg sluttpakke. I dag fortel ho på den nasjonale konferansen om mobbing om dei erfaringane ho har gjort.
Dei siste dagane har ein annan hemmeleg sluttpakke, til den tidlegare øvste sjefen for saniteten i Forsvaret, ført til store overskrifter i VG. Ein hemmeleg sluttpakke forpliktar begge partar til å teia om innhaldet i avtalen. Vanlegvis har ikkje arbeidsgivar andre sanksjonsmiddel enn å stansa utbetalinga av pengar som ikkje alt er utbetalte, om arbeidstakaren bryt teieplikta.
– Skal ein unngå at andre blir utsette for det same som eg opplevde, meiner eg vi treng eit forbod mot hemmelege sluttpakkar, seier Vatvedt til Klassekampen.
Ho hadde ikkje noko ønske om å slutta i jobben sin, og det som skulle vera ein likeverdig meklingsprosess, opplevde ho som noko heilt anna. – Det handla berre om pengar, om kor mykje NRK skulle betala for å bli kvitt meg, seier ho.
«Tilbod» om uføretrygd
Rettsmekling er eit tiltak som blir brukt i sivile saker for å prøva å løysa konfliktar på enklare vis enn ved rettssak. I Vatvedt si sak kom rettsmeklinga etter at NRK hadde anka tingrettsdommen, og meklaren er da ein lagrettsdommar, men utan dommarkappe.
– Først fekk eg «tilbod» om å bli uføretrygda, og så fekk eg høyra frå meklaren at arbeidsgivar kom til å bruka styringsretten til å laga eit sant helvete for meg dersom eg kom tilbake til jobben, fortel Vatvedt.
– Kva skulle eg med ein siger dersom dei skulle plaga livet av meg? Eg var van med å kunna argumentera for meg, men her stod eg makteslaus, seier ho.
Forhistoria i Vatvedt si sak går fleire år tilbake. Ho og ti kollegaer vart i 2004 definerte som «overtallige». Dette vart trekt tilbake for alle utanom Vatvedt. Ho opplevde etter det ei lang tid med alvorleg trakassering, og fekk alvorleg krenkjande og audmjukande skuldingar mot seg.
– Dette handlar ikkje om sakleg kritikk, men om å angripa på ein måte som rammar folks sjølvbilete, det handlar om menneskeverd, og er ein framgangsmåte som gjer folk sjuke, seier Vatvedt.
Ho vart så sjuk av dette at ho prøvde å ta livet sitt. Oppseiinga vart send medan Vatvedt var sjukehusinnlagd.
Psykisk vald
– Dette handlar om psykisk vald i arbeidslivet, ein arbeidsmiljøkriminalitet som ikkje er avgrensa til mi sak. Det gjeld mange, og det er viktig både for einskildpersonar og for samfunnet å finna ut kva ein skal gjera for å stansa arbeidsgivarar som går fram på denne måten. Det blir ikkje slutt på mobbing og trakassering i arbeidslivet før ein tar alvorlege grep, seier Vatvedt.
-
Korleis definerer du mobbing i arbeidslivet?
– Eg liker ordet trakassering betre enn mobbing. Det alvorlege er når nokon trykkjer andre ned for eiga vinning, anten det dreier seg om posisjonar eller andre fordelar, og det blir verst når overordna trakasserer underordna. Det er eit leiaransvar å hindra slik trakassering, men dessverre finst det også leiarar som ser seg tent med at sånt skjer, seier ho.
Forbod
Vatvedt sitt framlegg til tiltak for å setja ei effektiv grense for iallfall ein del av denne trakasseringa, er eit forbod mot hemmelege sluttpakkar.
– Eg er ikkje åleine om å ha opplevt at ei hemmeleg sluttpakke blir brukt til å leggja lokk på ein trakasseringsprosess som ikkje toler dagslys. Ikkje minst statlege verksemder bruker millionar på å skvisa ut folk på denne måten, seier ho.
Ho peiker på at det er ein total mangel på kunnskap om kor mange som får slike sluttpakkar, og grunnlaget for dei.
– Ingen veit kor mange som får ny jobb, eller kor mange som tar livet sitt etter å kjent seg pressa til å godta slike sluttpakkar, seier Vatvedt.
– Korleis skal eit slikt forbod handhevast?
– Det er alltid ei utfordring å formulera lovreglar slik at dei tener føremålet, og eg er ikkje jurist. Poenget er at det må setjast ein effektiv stoppar for denne framgangsmåten. Eg trudde eg hadde eit vern mot usakleg oppseiing i arbeidsmiljølova, men erfarte at den hemmelege sluttpakka gjer at dette vernet ikkje fungerer. Eg stiller opp på denne konferansen for å få snudd ei utvikling. Eg hadde aldri trudd at det som hende, skulle henda meg, seier den tidlegare NRK-journalisten.










