Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Kultur & medier
Torsdag 15. november, 2007
– Smaklaus film
NOREGSKITSCH: Tv-versjonen av «Gynt i Giza» er hittil bare selt til Sverige. Det forundrar ikkje kritikarar av prosjektet, som meiner filmen ikkje held mål. foto: AFP/scanpix

– Smaklaus film

Torsdag 15. november, 2007

«Salspotensialet må vere på norske suvenirkioskar»
Therese Bjørneboe, kritikar og redaktør
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
– Film-versjonen av «Gynt i Giza» er noregskitsch og difor vanskeleg å selje til utanlandske fjernsynskanalar, meiner Therese Bjørneboe og Frode Helland.

Før helga skreiv Klassekampen at Ibsenårets prestisjesatsing «Gynt i Giza» førebels berre er seld til eitt land: Sverige. Tidlegare dagleg leiar i «Ibsen 2006» Randi Thorsen vedgjekk at eit hovudmotiv for 12-millionars-satsinga var at tv-versjonen skulle få brei internasjonal distribusjon, og at ho var skuffa over distribusjonen så langt.
Thorsen ville likevel ikkje spekulere i årsaker til at filmen har vist seg vanskeleg å selje.
Teaterkritikar og redaktør av Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift Therese Bjørneboe meiner derimot årsaka er openberr: Filmen held ikkje mål kunstnarisk sett.
– Mine verste mistankar frå den gongen eg såg oppsetjinga i Kairo blei stadfesta. Førestellinga var ein musikkteaterversjon med så mange showprega entrear at det var mykje som peikte i retning av tv allereie då. Det var til dømes merkeleg at førestellinga var så korta ned og hadde så mange dramaturgiske grep som kommuniserte så dårleg med eit egyptisk publikum. Det trekte ned kvaliteten den gongen, men i Stein-Roger Bulls tv-versjon er dette redigert vidare. Og det som blei gjort i tv-versjonen, gjorde førestellinga veldig mykje svakare.
Spesielt reagerer Bjørneboe på kryssklippinga med scener som er tatt opp i Noreg:
– Bull hadde lagt inn masse klipp frå Peers norske bakgrunnshistorie, og det som blei kritisert for å vere turistisk i Kairo, blei i tv-versjonen turistisk på ein heilt annan måte. Noreg blei framstilt som ein nostalgisk idyll med underskjønne landskap. Det var nasjonalromantikk på sitt verste, det var skikkeleg kitsch. Og så ille var det absolutt ikkje der nede.

Suvenir

– Skjønner du at det er vanskeleg å distribuere denne filmen?
– Ja, for det var ingen god versjon av «Peer Gynt» med tanke på at vi lever i 2007. Salspotensialet må vere på norske suvenirkioskar der folk nettopp kan tenkjast å vere interesserte i denne turistversjonen.
– Er det truverdig at motivasjonen for prosjektet skulle vere internasjonal distribusjon av filmen?
– Det er fyrst og fremst Stein-Roger Bull sjølv som har argumentert slik. Det er ingen som har kommentert i kva grad det var ein del av prosjektet frå byrjinga. Men eg meiner uansett at «Gynt i Giza» var ei feilprioritering. Det blir spesielt grelt om ein samanliknar med kva ein Ibsen-festival kostar.
Valet om å bruke 12 millionar kroner på to oppsetjingar av Peer Gynt i Kairo, samt Bentein Baardsons dobbeltrolle som regissør for oppsetjinga og direktør av Ibsenåret, vekte stor debatt hausten 2006. Men det endelege fjernsynsproduktet som blei vist på NRK nyttårsaftan 2006 fekk knapt merksemd. Dagsavisen melde som einaste avis filmen, og meldaren Annette Orre meinte tv-produksjonen ville «litt for mye på en gang til å kunne kalles vellykket».
Bjørneboe synest det var merkeleg stille om filmen i norske aviser:
– Eg var ikkje i Noreg då, men ut frå det eg har forstått i ettertid har det vore lite merksemd om filmen, og det er merkeleg. Men dei fleste avisene var bundne på hender og føter fordi dei hadde sendt meldarar til Giza som var positive. Overraskande mange av desse var heller ikkje teaterkritikarar og dei laga førehandsomtalar i dagane før dei melde sjølve oppsetjinga. Det var i det heile tatt eit samansurium av roller som kulturredaktørane har ansvar for, og det kan vere ein av grunnane til at det kunstnariske aldri blei diskutert.

Verre på tv

Instituttleiar ved Senter for Ibsen-studier Frode Helland delar Bjørneboes oppfatting av filmversjonen:
– Det var mange ting som gjorde meg ambivalent i Giza, men eg synest tv-versjonen var mykje verre, om eg kan bruke eit slikt ord. Ein har klippa inn ting som eg opplever som noregskitsch, der ein ser Solveig blond og vakker med ein norsk fjord i bakgrunnen. Det var heilt smaklaust.
– Tv-prosjektet var ein del av problemet i Giza òg, det var openbert laga med tanke på fjernsyn og det forstyrra litt for teateropplevinga. Det var veldig store avstandar på scenen og då Peer skulle kome ridande inn, sprang kamerafolka i vegen for tilskodarane.
– Er det truverdig at ein forventa internasjonal distribusjon av denne filmen?
– Det er vanskeleg å vite kva vurderingar som er blitt gjort, men det er ikkje overraskande å høyre at filmen ikkje er seld til andre land enn Sverige. Både fordi stykket var på norsk i Egypt, men òg fordi det var såpass vilt det dei hadde klipt inn i tv-versjonen.
– Var det naudsynt med eigne innklipte scener på tv i det heile tatt?
– Eg synest det blei dårlegare av det, men det verkar som ein har tenkt at ein skulle nytte høvet til å lage ein turistfilm. Men gudane veit kven som vil kjøpe denne.
– Var det feil å spele stykket på norsk?
– Det kjem an på kva ein ville. Om ein ynskte å lage ein happening for den norske kultureliten og norske turistar i Egypt, var det fornuftig. Og kanskje var det ei realistisk vurdering av kven som ville sjå «Peer Gynt» i Egypt. Men om ein ynskte å nå ut til andre, var det feil.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT