
Skuffa over salet
Fredag 9. november, 2007
FAKTA
* Den 26. og 27. oktober 2006 blei Ibsens «Peer Gynt» sett opp i ein spektakulær konsertversjon med Edvard Griegs musikk framfor Sfinksen på Giza-platået utanfor Kairo i Egypt.
* Ein fjernsynsversjon av oppsetjinga blei vist på NRK nyttårsafta og er forsøkt seld til land over heile verda. Ei hovudgrunngjeving for heile prosjektet var at denne versjonen skulle distribuerast breitt internasjonalt, men førebels er det berre svensk fjernsyn som har vist produksjonen.
* Professor Tore Rem og regissør Stein Winge kritiserte distribusjonen i gårsdagens Klassekampen. «Eg er ikkje forbausa,» sa Winge.
* I dag vedgår dagleg leiar for Ibsenåret Randi Thorsen at ho er skuffa over distribusjonen.
Randi Thorsen, «Ibsen 2006»
I gårsdagens Klassekampen kom det fram at Ibsensårets store avslutningsnummer, oppsetjinga av Peer Gynt på Giza-platået utanfor Kairo, ikkje har fått den internasjonale fjernsynsdistribusjonen som ein hadde rekna med. Eitt år etter innspelinga er Sverige det einaste landet utanfor Noreg som har synt produksjonen.
Dagleg leiar i det no avvikla «Ibsen 2006» Randi Thorsen er ikkje nøgd med det:
– Den største gevinsten eg har registrert er kanskje det samarbeidet som er blitt etablert mellom kultur- og kunstmiljø i Egypt og Noreg, òg politisk ved at kulturminister Trond Giske følgjer opp eit politisk samarbeid med styresmaktene i Egypt. Men eg hadde håpt at «Gynt i Giza» skulle bli vist på fjernsyn i fleire land. Distribusjonen gjekk over til Nordisk Film med ein gong, det er dei som kan det, og eg anar ikkje kva dei har gjort.
– Var det rett å gje ansvaret for distribusjonen til Nordisk Film?
– Ja, både med tanke på kompetanse, nettverk og ressursar har det ikkje vore snakk om noko anna. Det var klart frå starten.
– Men målet om ein brei internasjonal distribusjon var ein av grunngjevingane for prosjektet?
– Ja, det var det. Det var fleire motivasjonar for prosjektet, men det var ein av dei.
I evalueringa av Ibsen-året heiter det at «Gynt i Giza» skulle «sende Ibsen ut igjen på den internasjonale arena, etter å ha fokusert på den internasjonale Ibsen i Norge gjennom et helt år».
Thorsen er ikkje nøgd med at den «internasjonale arena» i denne samanheng betyr Sverige:
– Ja, eg hadde håpt det skulle ha vore fleire.
Ikkje språket
I gårsdagens Klassekampen meinte Stein-Roger Bull som er direktør i Nordisk Film & TV og ansvarleg for utanlandssalet av «Gynt i Giza», at språket kunne vere forklaringa på den lunkne responsen.
– I utgangspunktet er røynsla mi at der er veldig vanskeleg å selje norske produksjonar. Denne er dessutan spelt inn på norsk, og då er interessa avgrensa. Dei færraste land er vande med teksting, og det er eit handikap, sa Bull.
Thorsen er ikkje villig til å akseptere det som forklaring:
– Tanken vår var at det skulle vere på norsk fordi det var originalspråket. Om ikkje det lèt seg selje av den grunn, kan ein like gjerne seie at det er umogleg å selje opera som er på italiensk. Eg kan ikkje vere med på at eit lite språk ikkje skal kunne stå som avsendar for ein kunstnarisk produksjon. Eg trur ikkje det er hovudgrunnen.
– Kva er grunnen då?
– Det veit eg ikkje.
Ibsenåret er no nedlagd, aksjeselskapet er under avvikling og dagleg leiar Randi Thorsen har for lengst forlate si stilling. Ho avviser likevel ikkje at det kan bli aktuelt å føreta seg noko på personleg initiativ i forhold til distribusjonen av «Gynt i Giza».
– Formelt er det ingen som har noko ansvar no. Men vi har eit godt forhold til Nordisk Film, og viss det er naturleg å snakke om dette, er eg sikker på at Bentein Baardson og andre er interesserte i det.
– Så nokon kjem kanskje til å snakke saman?
– Det kan eg ikkje sjå som umogleg.
Kunst mot kreft
Førestellinga i Egypt var fullfinansiert og alle billettinntektene, i alt 631.000 kroner, skulle bli brukt til eit veldedig føremål i Egypt. I mai 2006 sende «Ibsen 2006» ut ei pressemelding der dei opplyste at pengane skulle gå til drifta av eit nyoppretta kreftsjukehus for born:
– Sjølve bygget er fullfinansiert, men vi strevar framleis med å sikre pengar nok til drifta i åra som kjem. Vi er glade for kvart pund som kjem inn frå privatpersonar, men vi treng større beløp. Difor er pengane frå Peer Gynt-førestellinga som ei gudegåve for oss, sa direktør ved sjukehuset Dr. Gihan El Saadawi den gongen.
I evalueringsrapporten av «Ibsen 2006» kjem det fram at pengane i staden for å gå til drift av sjukehuset er gått til kunstnariske utsmykkingar på sjukehuset.
– Kvifor blei dette endra?
– Vi ynskte å gje billettinntektene til eit prosjekt i Egypt, og fekk tips om at eit stort moderne kreftsjukehus var under bygging. Vi var i kontakt med den stiftinga som stod for det. Dei sende brev attende om at dei ynskte å bruke pengane på utsmykking. Det syntest vi høyrdest greitt ut, og vi har ikkje gjeve nokre føringar.
– Men veit du kva pengane konkret er brukt til?
– Nei, det er heilt opp til egyptarane sjølve, her driv vi ikkje imperialisme.
På nettsidene til sjukehuset blir det opplyst at den egyptiske presidentfrua Suzanne Mubarak er president i styret som driv pengeinnsamling til sjukehuset. Fru Mubarak var òg beskyttar for førestellinga «Gynt i Giza», men Thorsen avviser at det er Mubarak sjølv som er linken mellom førestellinga og det veldedige prosjektet:
– Nei, det er å dra det for langt. Ho har ikkje vore direkte involvert.










