
Millionsatsing blei tv-flopp
Torsdag 8. november, 2007
FAKTA
Professor i engelsk litteratur og Rådsleiar for Senter for Ibsen-studier Tore Rem har tidlegare vore kritisk til verdien av å setje opp «Peer Gynt» framfor pyramidane.
Han er ikkje imponert over status for den internasjonale distribusjonen:
– Dette er jo veldig beskjedent i forhold til kva ein syntest å argumentere for den gongen kritikken mot prosjektet kom. Då la ein vekt på at dette skulle ut i verda, seier Rem, som likevel tar atterhald om at distribusjonen kan ta seg opp:
– Men slik det ser ut no, undergrev dette den valdsame retorikken om at dette var Ibsen for verda og at dette var den beste måten å markere Ibsen i verda på. At det er vondt å få avsetjing fordi oppsetjinga er på norsk, er forresten å gje kritikarane rett. Valet om å spele «Peer Gynt» på norsk i Egypt, var symptomatisk for norskvendtheita til dette prosjektet, og det som aller tydelegast undergrov retorikken om store internasjonale ambisjonar. Om det er slik at Bull har «røynsle med» at det ikkje er lett å få seld slike produksjonar, burde han kanskje ikkje vore riktig så bastant i sitt forsvar av «Gynt i Giza» for eit år sidan.
– Kva seier du til at den påstått internasjonale distribusjonen av dvd-versjonen ser ut til å vere sal til turistar i Noreg?
– Det verkar villeiande. I vår tid er det sjølvsagt nok å starte eit eige forlag og ha ei nettside for å påstå at ein har internasjonal distribusjon, men eg synest ikkje dette samsvarer med det ein elles legg i dette omgrepet.
Teaterregissør Stein Winge er òg mellom dei som har ytra seg kritisk til prioriteringa som blei gjort då «Peer Gynt» blei sett opp i Egypt. Han er ikkje overraska over at det førebels berre er svenskane som har kjøpt filmversjonen:
– Eg er ikkje forbausa, utover det har eg ingen kommentar, seier Winge.
Litteraturprofessor i Bergen Atle Kittang beklagar at distribusjonen er blitt som han har blitt:
– Eg var ikkje i Egypt sjølv, men eg kjenner folk som var der og syntes det var veldig flott. Så kan ein alltids spørje seg kvifor ikkje eit internasjonalt publikum fekk oppleve dette. Eg synest det er litt dumt. Om dette kunne ha bidratt til å få Peer Gynt og Ibsen i dei store mainstream-media som fjernsynet er ein viktig del av, ville det ha vore bra. Når det ikkje gjekk slik, går eg ut frå at dei som står bak vil prøve å finne ut kvifor det ikkje gjekk, seier Kittang.
* Den 26. og 27. oktober 2006 blei Ibsens «Peer Gynt» sett opp i ein spektakulær konsertvesjon med Edvard Griegs musikk framfor Sfinksen på Giza-platået utanfor Kairo i Egypt.
* Bentein Baardson hadde regien, medan Bjarte Hjelmeland spelte Peer Gynt og Lise Fjeldstad Mor Åse. Ein redigert versjon blei synt på NRK fjernsynet nyttårsafta 2006 og markerte avslutninga på Ibsen-året 2006.
* Det blei frå fleire hald reist kritikk mot satsinga, både med omsyn til den samla kostnadsramma og med omsyn til Baardsons dobbeltolle som regissør for pretisjeprosjektet og som direktør for Ibsenåret 2006.
* Produsent for fjernsynsproduksjonen Stein-Roger Bull forsvarte prosjektet i VG i november 2006 og sa at føresetnaden for førestellinga var at det skulle resultere i ein internasjonal TV-produksjon.
* I dagens Klassekampen fortel Bull at produksjonen så langt berre er vist i eitt land utanom Noreg: Sverige.
Stein-Roger Bull, produsent
For akkurat eitt år sidan gjekk debatten høgt om det gigantiske avslutningsprosjektet for Ibsen-året: Bentein Baardsons iscenesetjing av «Peer Gynt» framfor pyramidane i Egypt. Førestellinga med ei budsjettramme på 12 millionar kroner, blei kritisert for å vere stormannsgal, og teaterregissør Per Olav Sørensen minna om at ein kunne ha fått to Ibsen-festivalar for den same summen.
Den gongen blei prosjektet mellom anna forsvart med at det var ein komande internasjonal fjernsynsdistribusjon som skulle rettferdiggjere prioriteringa: «Det var en internasjonal TV-produksjon som var en av forutsetningene for at forestillingen i Egypt ble gjennomført,» skreiv Stein-Roger Bull i VG på dagen i dag for eitt år sidan.
No viser det seg at det berre er svensk tv, SVT, som i tillegg til NRK har vist den redigerte filmversjonen. SVT1 sendte programmet klokka 23.30 laurdag 7. juli, med reprise to veker seinare på dagtid.
Norsk eit handikap
Stein-Roger Bull, som er administrerande direktør i Nordisk Film & TV, og som var produsent av fjernsynsversjonen, er likevel nøgd med distribusjonen:
– I utgangspunktet er røynsla mi at der er veldig vanskeleg å selje norske produksjonar. Denne er dessutan spelt inn på norsk, og då er interessa avgrensa. Dei færraste land er vande med teksting, og det er eit handikap, seier Bull og minner om at hendinga gjekk direkte på den egyptiske statskanalen og dimed var tilgjengeleg over store delar av Midt-Austen.
Dansk fjernsyn har takka nei til å vise «Gynt i Giza», medan Bull er i kontakt med den japanske kanalen NHK og kulturkanalen Arte som sender til Frankrike og Tyskland. Spesielt japanarane har Bull forhåpningar til:
– Representantar frå NHK har tatt kontakt med meg etter dei såg filmen på ein visning i Cannes i april. Det er ikkje inngått nokon avtale, men eg trur det er moglegheiter for at det går i orden, i og med at det er dei som har tatt kontakt med meg, seier Bull og opplyser at filmen òg er vist éin gong på ei eiga utandørsvisning i den tyske byen Köln.
Dvd for turistar
I den offisielle evalueringa av Ibsen-året heiter det at den norske fjernsynsproduksjonen skal «bli lagt ut som DVD for internasjonal distribusjon». Bull opplyser at denne dvd-en blir klar til lansering i neste veke, med teksting på ni språk.
Men den internasjonale distribusjonen avgrensar seg førebels til sal til utanlandsturistar i Noreg:
– Vi har ingen distribusjonsavtale med utlandet, og konsentrerer oss om Noreg. Filmen vil bli lagd ut til neste år på turistmarknadane, det er difor han er tilgjengeleg på fleire språk. Men vi veit at det er ein relativt smal produksjon, han vil aldri bli nokon kioskveltar. I utgangspunktet reknar eg med at det kan vere interesse for dette på sentrale turiststader i Noreg, der nokre turistar kan finne dette som eit interessant kulturbidrag frå Noreg.
– Og kjøpe dvd-en saman med trolla?
– Ja, saman med trolla, det er jo ein del troll i filmen òg, ler Bull.
Det er Stein-Roger Bull som sjølv har hatt ansvaret for å arbeide med den internasjonale distribusjonen av «Gynt i Giza». Han trur ikkje distribusjonen hadde blitt annleis om det var sett av eigne ressursar til å følgje opp dette:
– Med omsyn til det internasjonale planet vil det vere naturleg at eg reiser rundt på desse marknadene og promoterer denne. Det er ein relativt oversiktleg marknad for denne type ting.
– Dette er norsk kulturspreiing meir enn noko anna. Vi har fått vist han to gonger i NRK og to gonger i Sverige, samstundes som han fekk brei lansering i Egypt. Ein bør vere svært nøgd med dette. Det er ikkje ofte norske farger visast i utlandet i slike samanhengar.
– Har de vurdert å dele han ut gratis?
– Det ville ikkje ha blitt større distribusjon om han var gratis, fordi prisnivået er såpass overkomeleg.










