
Brukte media aktivt
Lørdag 27. oktober, 2007
FAKTA
LES MER
unn conradi andersen, sosiolog
I onsdagens Klassekampen gjekk forfattarane Jon Fosse, Dag Solstad og Torgrim Eggen hardt ut mot kjendiseriet i litteraturjournalistikken. Journalistikken var blitt stadig meir personorientert, og stadig mindre litteraturinteressert, meinte dei tre.
Sosiolog og Dagbladet-journalist i permisjon, Unn Conradi Andersen, har skrive masteroppgåve om korleis forfattarane Marie Takvam og Vigdis Hjorth har iscenesett seg sjølve. Conradi Andersen meiner motsett Fosse, at aktiv bruk av media kan vere eit modig og overskridande prosjekt for ein forfattar:
– Før såg ein på verket og forfattaren og offentlegheita isolert frå einannan, men både innan litteraturen og journalistikken er det no ein tendens mot å sjå forfattarane som aktørar som agerer innanfor ulike felt samstundes. Dei lir ikkje av ein berøringsangst mot massemedia og massekulturen. Det mest ekstreme dømet på det er den danske forfattaren Claus Beck-Nielsen, men ein treng ikkje trekkje det så langt. Eg meiner Vigdis Hjorth har hatt ei liknande betydning her heime.
– Vigdis Hjorth har vald å knytte seg sjølv gjennom avisintervju til dei tema som ho har sett ord på i bøkene. Og liksom Marie Takvam, har Hjorths rolle i offentlegheita tidlegare vore med på å kompromittere henne. Ho har ikkje fått ei skikkeleg oppvurdering før dei siste åra. Kvinnelege forfattarar som skriv om kjensler, har lett blitt utdefinerte, men eg meiner Hjorth har vore i stand til å overskride kategorien.
– Og her har bøkene og avisintervjua spelt på lag?
– Ja, det kan sjå ut som iscenesetjinga er ein del av sjølve verket. Men dette er risikabelt, ein kan òg bli ramma av media. Det er ikkje slik at einskilde forfattarar kan bruke media kynisk og berre vinne på det. Det er eit modig prosjekt, som kan bere heilt galt av stad.
Privilegert
Takvam er mellom forfattarane som har fått kjenne dette på kroppen:
– For Takvam sin del var det eit endå vanskelegare medielandskap, med meir hegemoniske medium, og alle saker blei hugsa lenger. Ho sette ord på tema som det den gongen ikkje var vanleg å snakke om, som seksualitet, alkoholisme, alderdom, kroppens forfall og død. Ho sette ord på noko som kjendest individuelt, men som ho meinte var kollektivt og ålment. Nokon ser dette berre som forfall og intimisering av offentlegheita, men ein kan snu på det og seie at fleire tema har fått plass i offentlegheita. Det er blitt
legitimt å snakke om ting på fleire måtar, vi har fått ei meir pluralistisk offentlegheit.
– Har du inga forståing for Fosses frustrasjon?
– Det er heilt legitimt det Fosse og Solstad gjev uttrykk for, men mystifisering og tilbaketrekking er òg ei iscenesetjing. Desse mennene kan framstå litt kokette, fordi dei er i ein så ekstremt privilegert posisjon. Om Torgrim Eggen får så mange oppringingar frå journalistar, kan han jo berre skru av telefonen. Verre er det ikkje.
Gjev råd
Redaksjonssjef i Gyldendal Kari Marstein, er ikkje direkte usamd med Fosse og Solstad, men ho er usikker på kor stort problemet eigentleg er:
– Eg trur at i takt med at resten av medieoffentlegheita er blitt meir personfokusert, er òg dekkinga av litteraturen blitt det. Men eg er skeptisk til ideen om at alt skal ha vore så mykje betre før.
– Og eg synest det er bra at litteraturen blir sedd på som så eit så sentralt uttrykk i vår mediesamtid. Media er naivt kyniske og leverer det dei trur folk vil ha, og ein kan alltid stille spørsmål ved motiv og måte, men at dei meiner at litteraturen og forfattarane er så viktige for det norske folket, det er eg glad for. Eg vil heller at litteraturen har denne plassen enn filmbransjen eller dataspelbransjen.
– Jobbar forlaga aktivt for å byggje kjendisar av forfattarane sine?
– Det er forlagas oppgåve å vere ein profesjonell motpart for forfattarane og skildre verda slik ho faktisk er. Så er det opp til forfattarane korleis dei vil forhalde seg til det. Og vil forfattarane ha merksemd om boka si og sal, er det ein stor fordel om dei gjer det som populært blir kalla «å gje av seg sjølv».
– Er stort sal umogleg utan stor mediemerksemd?
– Om du ikkje er eit kjend namn frå før, ja. Det finst nokre få døme på at munn til munn-metoden fungerer, slik som Anna Gavalda og Merete Morken Andersen, men dette er bøker med eit langvarig sal, noko som i seg sjølv er ganske sjeldan.
– Har du døme på forfattarar som er gode på å bruke media?
– Helene Uri. Ho jobbar kjempehardt, reiser rundt og har opplesingar fleire gonger i veka. Det er hardt arbeid, det er ikkje alltid «medie-glam» rundt det, og eg har veldig stor respekt for korleis ho jobbar.










