Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Torsdag 25. oktober, 2007
Marknadsfører dei som fengar
HAR DRAGET: Knut «Sputnik» Storbukås intervjuar Unni Lindell og Anne B. Ragde under Aschehougs tradisjonelle hagefest i Drammensveien i Oslo tidlegare i haust. Dei er ikkje berre bestseljande forfattarar, men også kjendisar. Foto: Stian Lysberg Solum, SCANPIX

Marknadsfører dei som fengar

Torsdag 25. oktober, 2007

FAKTA

*I gårsdagens Klassekampen gjekk forfattarane Jon Fosse, Dag Solstad og Torgrim Eggen ut mot det aukande kjendiseriet i litteraturjournalistikken. Jon Fosse har i eit innlegg på Forfattarforeiningas nettsider oppmoda forfattarkollegaene om å få seg hemmeleg telefonnummer.

*I dag får forfattarane støtte frå professor Helge Rønning og tidlegare kulturredaktør Arne Ruth. Rønning meiner den nye bransjeavtalen kan vere årsaka til det aukande kjendisfokuset på bestseljande forfattarar.

LES MER

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
– Eg meiner det var eit markant skilje då bransjeavtalen braut saman, seier medieprofessor Helge Rønning om det aukande kjendiseriet i litteraturjournalistikken.

I gårsdagens Klassekampen gjekk forfattarane Jon Fosse, Dag Solstad og Torgrim Eggen ut mot det aukande kjendiseriet i litteraturjournalistikken.
– Ein kjendis er kjend for å vere kjend, ein forfattar er kjend for det han eller ho skriv, sa Jon Fosse og oppmoda forfattarkollegaene om å skaffe seg hemmeleg telefonnummer.
Professor i medievitskap og litteraturforskar Helge Rønning er samd med forfattarane i at kjendiseriet tar stadig større plass av litteraturdekkinga:
– Dette trur eg Fosse og Solstad har heilt rett i. Litteraturjournalistikken er blitt meir og meir nyhendejournalistikk og nyhendejournalistikken er igjen kopla opp mot ein tendens til å køyre meir kjendisjournalistikk. Lanseringa av Henrik Langelands siste roman er eit godt døme. Der var det valdsam merksemd på førehand, med hovudoppslag i både Dagbladet og VGs helgemagasin. Og dette er altså snakk om ein forfattar som har gjeve ut tre skjønnlitterære bøker. Han er typisk for fenomenet.
Forfattarane får meir merksemd, medan bøkene får mindre, meiner Rønning:
– Mykje av lanseringsjournalistikken blir intervju med forfattarane, medan meldingane av bøkene blir utsette og kjem fyrst fleire dagar seinare. Ivo de Figueiredos Ibsen-biografi blei denne veka lansert med forfattarintervju på dagen, medan meldingane blei utsette.

Markant skilje

Til liks med Jon Fosse meiner Helge Rønning at denne situasjonen er blitt mykje meir presserande dei siste åra:
– Eg meiner det var eit markant skilje då bransjeavtalen braut saman. Bestseljeriet har fått ein større plass i marknadsføringa av bøkene. Det har blitt viktigare for forlaga å marknadsføre einskildbøker for å få dei inn i bokhandlarsystemet. Dette er noko som må undersøkast nærmare, men eg trur det kan vere eit slikt samband.
Tendensen er likevel eldre enn den nye bransjeavtalen for litteratur, som fyrst trådde i kraft i forfjor:
– På 1980-talet var det slik at dei viktige bøkene blei melde på dagen, og det er ikkje lenger tilfelle. Men slik har det vore ei stund.
– Kva er drivkreftene bak det auka personfokuset?
– Marknadsføringsavdelingane i forlaga er viktige. Og ein del av forfattarane er i aller høgaste grad med på dette. Og om Fosse og Solstad ikkje vil vere med, får dei merksemd omkring seg sjølve ved å melde seg ut. Paradoksalt nok kjem ein ikkje laus frå dette systemet.
– Får dette konsekvensar for kva litteratur som blir gjeve ut?
– Ja, det er heilt klårt. Forlaga må leite etter dei forfattarane som har ein eller annan slik «star quality».

Melde samstundes

– Trur du Fosse og Solstads utsegner tyder på at vi vil miste slike røyster frå den offentlege samtalen?
– No har ikkje nett dei to vore så aktive tidlegare heller, og dei kan trekkje seg på bakgrunn av sin styrke. Deira posisjon er så etablert at for dei medfører ikkje dette nokon risiko. Men forfattarar som i større grad enn dei er avhengige av denne merksemda for å kome inn, må spele dette spelet.
– Men korleis kan ein bryte ut?
– Det må liggje i ein mogleg allianse mellom forfattarane, som organisasjon, og forlaga. Og så må ein jobbe for å få dei seriøse avisene til å gjere kva dei kan for at melding og lanseringsintervju kjem samstundes, slik at ein får den kritiske uavhengige vurderinga samstundes med lanseringsintervjua. Det klarer jo avisene når Valla kjem med bok. Det ligg eit stort ansvar på pressa. Pressa må bruke si styrke både som arena for ein offentleg kritisk samtale og som nyhendemedium samstundes.

Likt i Sverige

Tidlegare sjefredaktør og kulturredaktør i Dagens Nyheter i Sverige, Arne Ruth, meiner å sjå ei heilt parallell utvikling i Sverige:
– Media er generelt, men òg kva gjeld litteraturen, meir personfikserte i både Sverige og Noreg. Det har igjen påverka forlaga som no lanserer forfattarane med det for auge at det er viktig at forfattarane blir kjendisar. Krim er blitt den største delen av skjønnlitteraturen, og dei som blir bestseljarar blir automatisk kjendisar. Og desse forfattarane er ofte journalistar sjølve og veit korleis dei skal handtere pressa.
Og kjendismerksemda omkring nokre, går sjølvsagt utover andre:
– Det finst samstundes forfattarar som knappast synast. Dei får ei melding eller to og så er dei borte. Og dette skjer no jamvel med forfattarar som tidlegare hadde status, men som ikkje lèt seg projisere inn i kjendisrolla. Dei bleiknar no, seier Ruth, som fortel at svensk offentlegheit har hatt ein liknande debatt etter forfattaren Ernst Brunner med fleire meinte at kjendiseriet var i ferd med å overskugge den seriøse delen av litteraturen.

– Kva seier du til Fosses oppmoding om at forfattarar må få seg hemmelege nummer?
– Eg forstår han godt. Det internasjonalt mest kjende dømet er sjølvsagt Thomas Pynchon som ingen nokon sinne har intervjua og ingen har møtt. Han har gjort dette i den grad at han er blitt ekstra berømt på grunn av det. Men eg forstår forfattarar godt som er frustrerte over stadig å bli oppringde. Det tar mykje energi frå forfattarskapen. Men alle forfattarar har ikkje råd til å sjå det på den måten. Fosse er ein privilegert person, han er internasjonalt kjend, han treng ikkje publisiteten, det han skriv blir uansett lese og oppført.
– Kva skal til for å bryte med denne utviklinga?
– Det er veldig vanskeleg å seie kva ein skal gjere, anna enn at vi må ta ein skikkeleg diskusjon om det. Ein kan ikkje innføre reglar, sjølv om det er fullt mogleg å kritisere både forlag, forfattarar og media for korleis dette blir handtert. Problemet er den sosiale klassedelinga som finst mellom forfattarane, mellom dei som er ein del av systemet og er kjendisar og dei som ikkje er det og som blir gløymde av forlaga og offentlegheita. Og dette skiljet har som kjent svært lite med litterær kvalitet å gjere.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT