Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, lørdag 4. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120204
Kultur & medier
Onsdag 24. oktober, 2007
Åtvarer mot kjendiseriet
? SEI NEI: Det er ei slags kraft i medieverda som vil at forfattaren skal bli kjendis, og då gjeld det å seie nei, meiner forfattar Jon Fosse. Her er han avbilda med den høgste av alle franske utmerknader. Foto: Terje Bendiksby, SCANPIX

Åtvarer mot kjendiseriet

Onsdag 24. oktober, 2007

«Eg prøver så godt eg kan å unngå å svare»
Dag Solstad, forfattar«Kjendisskruen er blitt dreia endå eit hakk»
Torgrim Eggen, forfattar
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
– Ein kjendis er kjend for å vere kjend, ein forfattar er kjend for det han eller ho skriv, seier Jon Fosse, som oppmodar forfattarkollegaene om å skaffe seg hemmeleg telefonnummer.

Då Jon Fosse i haust gav ut forteljinga «Andvake», lèt han seg for fyrste gong på lenge overtale til å stille opp på eit breitt spekter av lanseringsintervju, i alt frå Morgenbladet til vekebladet KK.
Og eksperimentet fristar ikkje til gjentaking.
I førre veke publiserte Fosse eit innlegg på Forfattarforeiningas nettsider, der han går til åtak på det rådande kjendispreget i kulturjournalistikken:
«No er det litt som om forfattaren blir søkt gjort til kjendis, og det er knapt nok fordi forfattaren vil det sjølv, men fordi ei slags kraft i medieverda vil at han eller ho skal bli det. Og då gjeld det å passe på. Då gjeld det å seie nei,» skreiv Fosse, og oppmoda fleire av forfattarkollegane om å gjere som han: skaffe seg hemmeleg telefonnummer.
– Det er veldig mykje god kulturjournalistikk, til dømes i Klassekampen, som eg dagleg har glede av, men også i mange andre aviser, til dømes i Aftenposten, utdjupar Fosse overfor Klassekampen.
– Men når ein derimot nærmar seg kjendisjournalistikken, blir det jo berre tull. Og det er heile tida mogleg for ein forfattarar å bli så kjend at ein går over frå å vere kjend som forfattar, og til å vere kjendis.

– Men kvifor er det ein motsetnad mellom å vere kjendis og forfattar?
– Ein kjendis er kjend for å vere kjend, ein forfattar er kjend for det han eller ho skriv.

Inga vare

For Fosse var det eit tidsskilje då forfattaren Arne Berggren i Aftenposten hylla Jon Fosse og Dag Solstad som gode «merkevarer»:
– Då forstod eg at tida hadde endra seg kraftig. Solstad skulle liksom buste til håret for å vere merkevara Solstad. Det blei påstått, av folk som trudde at slik måtte det jo vere. Når ein blir kalla for merkevare, og dei som kallar deg for det til og med meiner at det er eit kompliment, då er eg ikkje med lenger.
– Eg trur kjendiseriet og personfikseringa har med mangel på substans å gjere, ja med mangel på personlegdom å gjere. Alle vil liksom bli sett, og blir dei det ikkje, så finst dei ikkje til, liksom. Og det kan jo ikkje vere noko substansielt som gjer at nokon blir lagt merke til, til dømes at dei skriv godt. Det må vere noko overflatisk, noko kalkulert. Det finst ein slags materialistisk kapitalisme som seier at det finst ikkje noko anna enn strategiar. Kvalitet, sjel og ånd, det er jo forbode og finst ikkje. Eg overdriv sikkert, men litt slik kjennest det ut.

– Men forstår du at mindre kjende forfattarar gjer mykje for å få merksemd om bøkene?
– Sjølvsagt gjer eg det. Eg forstod altså òg godt min gode avdøde venn Kenneth Sivertsen, men eg synest ikkje det var særleg klokt av han å la seg bruke av media som han gjorde. Men eg forstår òg ein poet som Stein Mehren som etter intervjua kring debuten bestemte seg for at aldri meir. Det lar seg tenkje at Mehren, eller for den saks skuld Duun og Beckett, og ikkje Sivertsen, valde rett.

Gjeve opp

Dag Solstad heldt måndag eit føredrag i Polyteknisk foreining i Oslo om kvalitetsomgrepet i pressa. Her fortalde han at han gav opp heile denne debatten den gongen Aftenposten slo stort opp at Jon Fosse var blitt slakta i England, etter å ha tagt i hel det store gjennombrotet hans i både Tyskland og Frankrike:
– Ja, no er Fosse blitt så stor at han ikkje kan rørast, men den gongen var det mykje rart i meldingane. Ein forsøkte lenge å oversjå Fosses suksess i Tyskland. Særleg Aftenposten var veldig skeptisk til Fosse, og så var det altså reine julaftan då dei kunne melde at han blei slakta i London.
Solstad meiner likevel ikkje avisene skal ha eineansvaret for kvalitetsomgrepets fall:
– Avisene og media er ikkje anna enn gode uttrykk for si eiga tid. Og når eg snakkar om at kvalitetsomgrepet er blitt kommersialisert, er det ikkje noko avisene har funne på. Det passar godt med samfunnets økonomi, og tanken om at det er forretning vi alle driv med. Då treng ein berre noko som sel. Og dette er noko som pregar språket til oss alle.
Solstad er òg samd med Fosse i at det er ei utvikling mot at forfattarane i større grad blir brukte som kommentatorar i saker som handlar om alt anna enn bøkene:
– Det var mange henvendingar før òg, men kvantitativt er det klart at det har blitt fleire. Eg prøver så godt eg kan å unngå å svare, og svarer utelukkande når eg har noko å seie som ikkje andre òg kunne ha sagt. Det er til dømes sjeldan eg seier noko om verdssituasjonen. Det er ved å skrive romanar eg vender meg til offentlegheita.

– Er alle desse henvendingane til forfattarane ein arv frå poetokratiet og den tida forfattarane hadde ein opphøgd posisjon som ideologar?
– Dette med poetokratiet er noko samfunnsvitarar har mora seg med, men skal ein bruke omgrepet må ein langt tilbake i tid. Omgrepet stammar frå det eg kallar det førre hundreåret, altså det 19. hundreåret. Og ein hadde dessutan ein radikal falanks på 1930-talet som betydde mykje for radikalismen på den tida. Men sett bort frå det er det berre einskildforfattarar som gjennom si verksemd som journalistar og forfattarar har hatt ein slik funksjon. Eg kan ikkje tru at Olaf Bull var så sentral i samtidas oppfatningar av ulike spørsmål.

Reint tøv

Forfattar Torgrim Eggen hadde for nokre dagar sidan ein harselerande kronikk i fagbladet Journalisten, der han illustrerte korleis han fleire gonger per veke blir oppringt frå aviser og beden om å kommentere alt mellom himmel og jord:
– Eg peiker for det fyrste på i kva grad ein er interessert i å bruke forfattarane til å illustrere reint tøv, og for det andre korleis media tar tak i det vesle konfliktstoffet som finst, og lagar store oppslag om forfattarbråk, seier Eggen som er heilt samd med Fosse i at det dei siste åra er blitt meir merksemd om forfattarane som personar på bekosting av litteraturen:
– Eg har lese det Fosse skreiv, og det verkar som han er inne på noko, at kjendisskruen er blitt dreia endå eit hakk. Og skal vi dele ut skuld for dette, kan det vere freistande å peike på Ari Behn og den rolla han speler. Men eg trur òg at det er lett for ein forfattar å bli forvirra av medierøynda. Ein får høyre frå forlaget sitt at dette var flott eksponering og eit stort oppslag.
– Utan at ein vurderer om det var eit godt oppslag?
– Ja, nettopp. Førestellinga om at all PR er god PR er framleis herskande. Forfattarane må på lik linje med andre offentlege personar vite at han eller ho blir brukt.

Kultur & medier
Lørdag 4. februar, 2012
En nødvendig naivitet

En nødvendig naivitet

Under påvirkning av hasj og LSD klarte hippiebevegelsen å forandre normene i det danske samfunnet, mener forfatter Peter Øvig Knudsen.
Utenriks
Lørdag 4. februar, 2012
- Vi er ikke redde for å dø

- Vi er ikke redde for å dø

FORBEREDT: «Vi er ikke lenger redde for å dø!», skrev Karim Adel ­Khozam (18) nylig på sin Facebook-side. Onsdag døde han i fotball­opptøyene i Egypt.
Innenriks
Lørdag 4. februar, 2012
Ap avviser kursendring

Ap avviser kursendring

STØ KURS: Arbeiderpartiet bekrefter fornyet jakt på «midten-velgerne» fram mot 2013. Men partiet skal verken til venstre eller høyre i politikken, sier partisekretær Raymond Johansen.
Dagens leder
Lørdag 4. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Taktfaste rop

Taktfaste rop

Dagens leder
Powered by eonBIT