Fredag 12. oktober 2007
– Ei grenselaus skjønnmaling
I Arvid Brynes bok «Vi sloss for Norge» blir både motstandsmann Svein Blindheim og NS-medlem og austfrontkjempar Bjørn Østring framstilte som krigsheltar. Makabert, meiner krigshistorikar Lars Borgersud.

Tidlegare utanriksredaktør i Dagbladet Arvid Bryne kom denne veka med boka «Vi sloss for Norge», ei portrettbok av Svein Blindheim og Bjørn Østring, som sloss på kvar si side under andre verdskrigen.
Blindheim blei høgt dekorert for innsatsen som motstandsmann i aprildagane 1940, Østring var ivrig medlem av Nasjonal Samling (NS), soldat på Austfronten og seinare sjef for Quislings livgarde.
No er dei begge over 90 år, dei bur i nærleiken av kvarandre og er personleg forsona. Arvid Bryne teiknar eit dobbeltportrett av dei to, der han mellom anna kallar begge to for «krigsheltar».
Krigshistorikar Lars Borgersrud er mellom dei som reagerer sterkt:
– Ja, eg reagerer sterkt på denne boka. Eg har stor respekt for Svein Blindheim og krigsinnsatsen hans. Og eg synest bidraga hans i boka vitnar om at han er ein reflektert person, som har endra syn på mykje gjennom tidas utvikling. Forteljinga hans er truverdig, men kontrasten til framstillinga av Bjørn Østring er enorm. Østring meiner nøyaktig det same som han heile tida har meint. Han har ikkje endra oppfatning av noko, og framstår som ein person med lite sjølvinnsikt. Og Arvid Bryne har valt ei form som tilslører dette. Han er ansvarleg for at desse historiene blir likestilte, medan dei i røynda er heilt forskjellige.
– Kva synest du om begrepet krigshelt om Østring?
– Det er nokså makabert. Det er ein av den norske nazirørslas hovudpersonar det er snakk om. Utsegnene hans om at han ikkje visste noko om kva som skjedde med jødane er overhovud ikkje truverdig. Vi veit mykje i dag om kva dette miljøet visste, kjelder frå NS sitt interne liv i perioden etter krystallnatta viser kor rabiat antijødisk og rasistisk dette miljøet var. Det er ei grenselaus skjønnmaling som kjem til orde.

Overflatisk

Dei fyrste tiåra etter verdskrigen var det lite forskingsmerksemd omkring NS-medlemmene og austfrontkjemparane. Det har endra seg markant i vår tid:
– Noko av dette er legitimt og fornuftig. Det var eit stor tal av nordmenn som på ein eller annan måte assosierte seg med okkupantmakta og desse menneska har krav på å bli lytta til og forstått. Det er ein legitim historisk prosess, men det er stor skilnad på aktivt å ynskje å formidle deira krigsforteljingar og livserfaringar og det å overflatisk forskjønne det som faktisk gjekk føre seg. Det er det som er saka med Østring. Østring er ikkje ute etter å forstå nazismen, han er opptatt av å rehabilitere seg sjølv.
Borgersrud meiner til dømes heile jødespørsmålet er neglisjert i Brynes bok:
– Heile boka inneheld fire–fem linjer om jødeforfølgingane, som Østring hevdar han ikkje kjende til. Her har Bryne eit stort ansvar, fordi han ikkje har gått inn i materien slik han skulle ha gjort. Østring framstår som ein naiv person som var offer for straumdrag i Noreg. Men det er eit heilt feil bilete. Dette er ein person som var heilt i sentrum av den norske nazistiske rørsla før og under krigen.

Inga forsoning

Filosofiprofessor Arne Johan Vetlesen som har forska mykje på Holocaust, har ikkje fått lese Brynes bok enno, men sett nokre av avisoppslaga. Han meiner at det reint filosofisk kan problematiserast kor vidt det er snakk om ei reell forsoning mellom Blindheim og Østring:
– Forsoning føreset at alle involverte partar har gitt sannferdige, genuine bidrag til å oppklare og erkjenne kva urett som faktisk har funne stad. Det har å gjere med at forsoning er relasjonelt, det er mellom nokon. Så i den forstand kan vi snakke om at offera eller pårøyrande berre kan bli forsona med gjerningsmennene på det vilkåret at gjerningsmennene erkjenner si skuld og sitt ansvar i uretten som er blitt begått.
– Så når Østring ikkje angrar, er det ikkje snakk om reell forsoning?
– Nei, slik dette er skildra, vil eg seie at i filosofisk forstand synest det ikkje som føresetnaden for forsoning er tilstades, hovudsakleg fordi det ikkje føreligg ei erkjenning av skuld og ansvar.
Blindheim uttalar i boka at historia aldri er korkje svart eller kvit, men alltid grå. Det er ei utsegn som Vetlesen som moralfilosof ikkje kan dele:
– Nokre vil seie at to slike personars handlingar ikkje kan skildrast i ein svart-kvit-kontrast, at det er gråsoner og at deira motivasjon og sinnelag liknar, og at begge kan påberope seg fedrelandskjærleiken. Mitt standpunkt er, utan å fasthalde at noko er hundre prosent gale eller hundre prosent rett, at det forblir ein signifikant skilnad, uansett kor mange år som er gått. Den eine parten kjempa aktivt til støtte for ein ideologi som moralsk betrakta var, er og forblir forkasteleg. Det gjaldt i 1933, 1939 og i 1945 og det gjeld i 2007.

Provokasjon

Vetlesen synest heller ikkje at aktørane per definisjon har nokon fyrsterett til å forhandle fram ei offentleg forsoning:

– Svein Blindheim kan i fyrste person eintal seie at han har forsona seg med Bjørn Østring. Dette kan ikkje eg eller andre ta frå han, men eg vil setje foten ned mot at dei gjer eit slikt forsoningsarbeid på vegne av andre enn seg sjølv. Eg vil ikkje godta at dette blir tillagd symbolsk betydning. Dei må få gjere kva dei vil som einskildpersonar, men heller ikkje meir. Desse hendingane inngår i eit så stort drama med så mange berørte og så mange døde, at andre, tredje og fjerde generasjon framleis er eksistensielt og moralsk berørt. Og i kraft av dette, har òg dei rett til å meine noko.
– Har det vore ei forskyving dei siste åra mot stadig større forståing og etter kvart ein slags gryande aksept for det austfrontkjemparane stod for?
– Ja, det meiner eg. For å seie det litt flåsete, har det vore ein tendens til å seie at no har offera så lenge hatt monopol på dette narrativet, at no må vi gå inn og dekonstruere dette. Eg synest å sjå ein slags generell fascinasjon for å forstå, både med og utan hermeteikn, overgriparane. Det blir sagt at no må vi høyre frå den andre sida, og no som det er gått så mange år må vi gjere det utan moralske fordommar. Eg synest absolutt at det er ein tendens.
– Og i denne tendensen er det kanskje eit nytt botnmål å bruke ordet «helt» om Bjørn Østring?
– Ja, det synest eg. Det er heilt uhøyrt. Det er ein provokasjon mot dei opphavlege offera og deira etterlatne.

Banalisering

Historikar Ivo de Figueiredo har tidlegare arbeidd mykje med norsk okkupasjonshistorie og mellom anna skrive biografi om Johan Bernhard Hjort. Han har heller ikkje fått lese Brynes bok, men reagerer på omtalen i media:
– Eg la merke til på radioen at Arvid Bryne hadde ein språkbruk som eg ante ville provosere. Historia om to menn som er forsona, er ei privat sak. Skal du ålmenngjere dette, er det etter mi oppfatting vanskeleg, fordi forsoning må ha eit reelt grunnlag. Og eg trur av og til ein må innsjå at det er store skilnader med omsyn til korleis ein oppfattar fortida. Det er ikkje alltid ein kan gjere noko med det. Eg har jobba mykje med landssvikdømde sjølv, og er opptatt av å forstå dei. Men det er noko anna enn den etiske sida ved forsoninga.
Svein Blindheim sa til Dagsavisen denne veka at «Frontkjemperne trodde de gjorde det rette. De var ikke landssvikere.»
– Kva seier du til det?
– Landssvik er trass alt ei juridisk beteikning, og dei er dømde. Det er ikkje vanskeleg å anerkjenne fedrelandskjærleiken til frontkjemparane. Men å gå frå det til å seie at dei var krigsheltar, er ei banalisering. Les du NS-avisa Fritt Folk, som var partiets offisielle, forpliktande organ, vil ein ved sidan av fedrelandskjærleiken kunne lese om ein rå og beinhard antisemittisme og om ei total forkasting av det politiske systemet. Eg kan vanskeleg sjå at alt dette kan forsonast bort.

Artikkelen er oppdatert: 22. november 2007 kl. 19.47
Torsdag 18. oktober 2018
Nasjonalmuseet burde heller kjøpt Marianne Heskes «Gjerdeløa» enn russisk konseptkunst, mener kunstner og kunstkritiker.
Onsdag 17. oktober 2018
To småforlag føler seg ført bak lyset av Kulturrådets innkjøpsordning. – Det føles som om de har rappa bøkene våre, sier forlegger Andreas Høy Knudsen.
Tirsdag 16. oktober 2018
To av tre menn er bekymret for feilaktige anklager om seksuell trakassering etter metoo.
Mandag 15. oktober 2018
Jo Strømgren Kompani styrer mot nedleggelse, og Verdensteatret kan måtte avlyse verdensturné. Snart vil Kulturrådet besegle skjebnen til to av landets fremste kompanier.
Lørdag 13. oktober 2018
Hver tredje unge mann er blitt mer forsiktig med hva han sier og gjør etter metoo, viser ny undersøkelse.
Fredag 12. oktober 2018
Frp-velgere flest er skeptiske til metoo-kampanjen, viser en ny meningsmåling. – Sunt, mener Silje Hjemdal, likestillingspolitisk talsperson i partiet.
Torsdag 11. oktober 2018
Regjeringens forslag om et lavterskeltilbud for saker om seksuell trakassering får stor oppslutning. Men arbeidsgivere frykter for de anklagedes rettssikkerhet.
Onsdag 10. oktober 2018
Mens regjeringen åpner lommeboka for nye museumsbygg, blir drifts­budsjettene kuttet for femte år på rad. Flere kulturbygg må stenge dørene.
Tirsdag 9. oktober 2018
Etter fem år med blåblå kulturpolitikk vil opposisjonen på Stortinget stanse regjeringens forsøk på å dreie kunst- og kultur­livet i en mer markedsliberal retning.
Mandag 8. oktober 2018
Gaveforsterkningsordningen blir videre­ført til neste år, selv om sterke aktører i kulturlivet mener den bør skrotes.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk