– Noko må vere grunnleggjande feil i Forlagsentralen, meiner forlagssjef i Spartacus Per Nordanger. No krev han kompensasjon etter kaoset i bokbransjen.
«Eg kan ikkje hugse ei einaste omlegging i Forlagsentralen som har gått smertefritt»
Per Nordanger, forlagssjef i Spartacus
LEI: Sjølv heilt trivielle ting maktar ikkje Forlagsentralen å handtere, det får ein til å ane at det er noko på systemnivå som er heilt feil, seier forlagssjef i Spartacus, Per Nordanger. FOTO: Agnes Lyche Melvær |
Reint logistisk har bokhausten 2007 vore katastrofal. Skuleelevar har måtta klare seg utan skulebøker og forventa bestseljarar som Henrik Langelands «Francis Meyers lidenskap» blei lansert i alle landets aviser, utan å dukke opp i sentrale bokhandlarar.
Ei hovudårsak til kaoset har vore omlegginga av den største bokdistributøren, Forlagsentralen, si verksemd. Sentralen har flytta frå det manuelle lageret og pakkeriet på Furuset, til eit heilt moderne heilautomatisert anlegg på Ski.
Men ikkje alt har gått som det skulle i flytteprosessen, og forlagssjef i Spartacus, Per Nordanger, er mellom dei som er i ferd med å miste tolmodet med distributøren:
– Eg kan ikkje hugse ei einaste omlegging i Forlagsentralen som har gått smertefritt. Allereie i juli kom det forvarsel om at dette kunne gå på trynet, så vi var budde på at det ikkje kom til å gå bra, men at det skulle gå så ille ante vi ikkje, seier Nordanger. No krev Spartacus økonomisk kompensasjon frå Forlagsentralen:
– Vi har tatt det opp med dei og avventar eit svar. Med Førde-biografien og to andre bøker som det var viktig for oss å få ut, hadde vi ein kampanje på forlaget der vi hadde dugnad og rigga oss til med masseutsending sjølv.
Systemfeil
Nordanger meiner noko må vere grunnleggjande feil i Forlagsentralen:
– Sjølv heilt trivielle ting maktar dei ikkje å handtere, det får ein til å ane at det er noko på systemnivå som er heilt feil. Midt i dette kaoset, fekk ein beskjed av ein telefonsvarar om at sentralbordet var stengd fordi ein ringte utanfor arbeidstida, sjølv om ein ringte innanfor arbeidstida. Og dette klarte dei ikkje å fikse på tre veker. Det høyrdest ut som dei var gått av nett for å sleppe unna klagemuren frå misnøgde forlag og bokhandlarar. Eg opplever det som ganske symptomatisk for stoda der i huset.
Nordanger meiner òg den interne informasjonsflyten umogleg kan vere bra nok:
– Snakkar du med tre forskjellige menneske, får du tre forskjellige svar. Det er veldig frustrerande. Mange av dei tilsette yter ein høg grad av service, men trass i dette framstår Forlagsentralen av og til nærmast som ei verna bedrift. Ansvaret for det ligg etter mitt skjønn hos leiinga.
Vurderer skifte
Det er Aschehoug og Gyldendal som eig Forlagsentralen, og det er bokvolumet frå desse to forlaga som gjer at Forlagsentralen framleis er Noregs største bokdistributør. Konkurrenten, Sentraldistribusjon, har det siste tiåret overtatt mange av Forlagsentralens tidlegare kundar.
– Vurderer Spartacus å skifte til Sentraldistribusjon?
– Vi har vurdert det løpande i fleire år, men opplever det som ein drastisk ting å gjere. Distribusjon er ryggraden i forretningsdrifta i eit forlag, det er ikkje noko ein endrar på over natta. Men misnøya er ein kronisk tilstand i forlagas forhold til Forlagsentralen. Sjølv eigarforlaga er rasande, trur eg.
Solum forlag er det førebels siste forlaget som har meldt overgang frå Forlagsentralen til Sentraldistribusjon. Men Knut Endre Solum, forlagssjef i Solum, vil helst sleppe å forklare bakgrunnen for valet:
– Vi har vore kunde i Forlagsentralen i 35 år, og eg vil ikkje seie anna enn at vi har vore ein nøgd kunde der i mange år, men at no har vi vald å inngå eit samarbeid med konkurrenten, seier Solum.
Ikkje berre forlaga, men òg bokhandlarane har tapt pengar på Forlagsentralens distribusjonsvanskar. Det stadfestar dagleg leiar i nettbokhandelen Haugen bok og styreleiar i Bokhandlarforeininga, Lars Ove Hammer:
– Ja, alle bokhandlarar har lidd under dette, i større eller mindre grad, seier Hammer.
– Vil de krevje kompensasjon?
– Eg høyrer rundt omkring at nokon tenkjer i dei baner, men eg har ikkje fått konkrete innspel.
– Er det aktuelt at Bokhandlarforeininga fremjar eit felles krav?
– Det er vanskeleg å seie, vi skal ha eit styremøte i neste veke og der blir dette ei av sakene.
– Synd
Administrerande direktør i Forlagsentralen, Einar J. Einarsson, skuldar på leverandøren av det nye anlegget når han skal forklare kva som er gått gale:
– Dette var ein flytteprosess som skulle gå over fire månader, men opptrappingstakta som vi fekk frå leverandøren viste seg å vere for optimistisk. Då måtte vi ta stilling til kor raskt vi skulle reversere prosessen og oppgradere den manuelle pakkinga på Furuset igjen.
– Og det burde de gjort før?
– Ja, sjølvsagt. Det er lett å vere etterpåklok. Men ein må hugse på at det har vore enormt store volum i år, på grunn av skulebøkene og godt sal av bøker generelt. Per dato har vi levert ni millionar bøker, som er godt over ein million fleire enn ved same dato i fjor.
– Var det feil å flytte midt i skulebokreforma?
– Alle tider er dumme tider, men det er klart at vi kunne ikkje ha treft verre. Vi hadde bestemt at vi ikkje skulle treffe korkje skulebokreforma eller sommarferien, men fekk forseinkingar frå leverandøren, og trefte begge delar.
– Kva seier du til Nordangers generelle inntrykk av Forlagsentralen?
– Eg forstår at kundane er dritleie, men vi har gjort alt vi har kunna. Sjølv har eg svart på alt som er kome av e-post og telefonar i absolutt heile sommar. Kundesenteret er oppgradert kraftig, dei har fått mykje kjeft, men har forsøkt å halde oppe humøret.