Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Fredag 5. oktober, 2007
Tapte kampen om ettermælet
BAK SLOTTET: Johan Sebastian Welhaven er plassert bortgøymd i hovudstaden, sitjande, resignert. Men no tek Anne-Lise Seip 200-årsjubilanten fram i ljoset att.

Tapte kampen om ettermælet

Fredag 5. oktober, 2007

FAKTA

LES MER

«Welhaven blei ikkje overraskande skulda for å vere ein pedant med eit avgrensa talent»
Anne-Lise Seip, biograf
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Bortgøymd i hovudstaden sit ein Johan Sebastian Welhaven med hovudet i handa. I sentrum står ein stolt Henrik Wergeland. – Men vårt historiske minne må ha med Welhaven, seier biograf Anne-Lise Seip.

På veg til bibliotekbaren på Hotel Bristol i Oslo for å snakke med Klassekampen, gjekk historieprofessor Anne-Lise Seip forbi statuen av Henrik Wergeland i Studenterlunden.
Endå ein gong måtte ho bort og sjå på mannen, som står stolt og oppreist på sokkel i sentrum av Noregs hovudstad. Endå ein gong måtte ho smile over kontrasten mellom denne statuen, og statuen av Johan Sebastian Welhaven.
Meir bortgøymd i byen, bak slottet på Riddervolds plass, sit nemleg rivalen Welhaven, med hovudet i handa.
– Det er talande det der. Wergeland står oppreist nede i sentrum, medan Welhaven er plassert bortgøymd i byen, sitjande, resignert. Då dei i 1830-åra stod mot kvarandre, var det Welhaven som var den moderne og framoverskodande. Men han tapte altså kampen om ettermælet.
No gjer Anne-Lise Seip sitt for å løfte Welhaven fram att, med ein imponerande 540 siders biografi om 200-årsjubilanten.
– Kva har vi mista ved at Wergeland vann ettermælekampen?
– Wergeland må gjerne stå sentralt, men vi har jo mista Welhaven. Dei beste dikta hans er framifrå og vakre. Og vi har mista av synet den kulturinnsatsen han gjorde. Han gjorde ein enorm innsats for kunsten i Christiania, han var den kritikaren folk forheldt seg til. Han skapte rett og slett den norske kritikartradisjonen, han var den første store kritikaren, han grunnla institusjonen.
– Vi går dessutan glipp av eit heilskapsbilete. Vi må forstå korleis diktarar blir brukte som politiske reiskapar, det er interessant frå eit historisk synspunkt.

Rimfeide

Wergeland og Welhavens namn vil for alltid vere uløyseleg samanvovne. Det som byrja som ein liten og ganske underhaldande kunstteoretisk feide, er i ettertid blitt sjølve symbolstriden i kampen fram mot embetsmannsstatens fall.
Det visste dei lite om, då dei to parogtjueåringane skreiv små nidrim om einannan i Studentersamfundets blad, på tidleg 1830-tal.
– Striden mellom Welhaven og Wergeland byrja som ein estetisk strid, sjølv om Welhavens kunstteori samstundes var ein samfunnsteori. Welhaven heldt seg til den klassiske regelestetikken. Då Wergeland kom med sine skrifter gjekk Welhaven til felts mot geni-estetikken. Welhaven ynskte òg originalitet og friskheit, men han meinte det måtte vere grenser. Og Welhaven blei ikkje overraskande skulda for å vere ein pedant med eit avgrensa talent.
– Dessutan handla det om to danningsideal. For Welhaven var kunsten ein veg til foredling av mennesket og samfunnet. Og den litt rå tonen som Wergeland og hans folk kunne stå for i Studentersamfunnet, støytte Welhaven. Welhaven trudde på den personlege foredlinga.
– Wergeland og co drakk rett og slett for mykje?
– Ja, eller slik blei det i det minste framstilt. Men det var altså danna og begava menneske som omgav Wergeland òg.
– Er det ikkje underleg at ein slik estetisk strid kunne bli så hard?
– Eg veit ikkje det. Ser ein på diskusjonen om samtidskunsten i dag, med rotter på glas og anna, er det kanskje ein parallell debatt. Kva er kunst? Kva skal kunsten vere? Kunstdebatten beveger seg alltid innan desse to polane: harmoni og reglar på eine sida versus den frie utfaldinga og det sterke uttrykket på den andre.

Danoman

Debatten mellom Wergeland og Welhaven kom likevel snart til å handle om meir politiske spørsmål enn kunstteori:
– Welhaven gjekk til åtak på den patriotiske retorikken som han meinte var hol, og som han ironiserte over i diktet «Republikanerne». Det var ei grunnleggjande usemje mellom dei om korleis nasjonen skulle styrkast. Skulle vi bli ein sterk kulturnasjon ved å hente impulsar utanfrå, slik Welhaven og dei såkalla kosmopolittane ville, eller ved å vende oss innover, slik Wergeland og patriotane ville.
Henrik Wergelands far, den gamle Eidsvollsmannen Nicolai, hadde allereie laga omgrepet «danoman», om alle dei som etter 1814 heldt fram med å vende seg mot Danmark i kulturelle spørsmål. Danoman og kosmopolitt var difor utprega skjellsord i patriotiske munnar, og Welhaven fekk båe orda slyngd etter seg.
Debatten blei sjølvsagt ikkje mindre pikant av at medan Nicolai og Henrik Wergeland kjempa ein polemisk krig mot Johan Sebastian Welhaven, gjekk dottera og søstera, Camilla Wergeland – seinare Collett – av stad og forelska seg hovudstups i mannen:
– Det er ei ganske dramatisk kjærleikshistorie på det indre planet, for dei begge. Ho klarte aldri å gje slipp på han. Det er ei sår og tragisk historie.

Forsoning

Det var på 1830-talet frontane stod hardast. Utover 1840- og -50-talet, og etter Wergelands død i 1845, blei det ei slags forsoning, der dei to syna kunne møtast i nasjonalromantikkens gjennomslag.
– Samstundes som det nasjonale voks seg sterkare, voks det nordiske seg sterkare. Det var ingen motsetnad lenger. Ein meinte at det sant nasjonale berre kunne manifestere seg i møte med det ålmennkulturelle.
Og dette er ingen debatt vi gjorde oss ferdige med i 1850, minner Seip om:
– Debatten om kva som konstituerer det nasjonale, og forholdet mellom det heimlege og det framande er veldig aktuell i dag. Det er eit tap om ikkje Welhavens perspektiv er med i den debatten.

Gamal mann

Welhaven overlevde Wergeland med 28 år. Han fekk etter kvart ein tryggare posisjon, som universitetslektor og professor i filosofi, han forlét sitt ungdoms standpunkt om kunsten som einaste veg til menneskeleg forløysing, og erstatta kunsten med Gud. Og han blei rundare i kantane.
Der Wergeland døydde midt i kampen, fekk Welhaven bli gamal.
– Med tanke på ettermælet levde han kanskje for lenge?
– Ja, kanskje det, han var sjuk på slutten, han hadde Parkinson, og det gjorde at han var redusert frå byrjinga av 1860-åra. Det kan ha hatt ei betydning for ettermælet. Han gav ut si siste diktsamling i 1859, men klarte ikkje fornye seg. Han fekk kritikk frå Ibsen, Bjørnson og Vinje, men blei berre taus. Han sa at livet hans hadde blitt bestemt av at det byrja i strid og kamp, og at han på sine eldre dagar kjende seg framand overfor ting han hadde skrive som ung. Det kan ha vore eit teikn på at han var blitt fredsæl på sine gamle dagar, men det kan òg tyde på at han var blitt gamal og trøytt.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT