
– Svake argument
I gårsdagens Klassekampen fortalde Olav Duuns ferske biograf, Heming Gujord, om Duuns lefling med nazismen i 30-åra. Gujord skulda Duun for fleire ukloke val og naive haldningar andsynes det totalitære Tyskland.
Tidlegare har Gujord disputert til doktorgraden på ei avhandling som argumenterer for at denne type tankegods òg kan sporast i Duuns litteratur.
Nordiskprofessor og Duunforskar Otto Hageberg var i si tid sterkt kritisk til Gujords avhandling. Han har no lese biografien og ikkje late seg overtyde av denne heller:
– Eg har ikkje noko mot at Gujord skriv, men eg synest ikkje han har så veldig sterke argument. Dels har han brukt eksterne ting som at Duun tok i mot Steffens-prisen, dels gjer han mykje ut av ting som det ikkje var noko unormalt ved i 1930-åra, seier Hageberg.
Han synest likevel å sjå teikn til at Gujord har moderert nokre av skuldingane sidan sist:
– Han dementerer ikkje nett det han har skrive før, men det er opplagt at han ikkje har funne nye argument. Det viktigaste poenget hans er noko han skriv om at allereie i samtida meinte Henrik Rytter og Julis Bomholt at Duun ikkje var heilt påliteleg i diktinga si. Men om det skal ha noko å seie, må det vere fordi Gujord går god for tolkingane deira. Og eg synest ikkje tolkingane deira har dekking i Duuns tekstar i det heile tatt.
Liv og verk
Ei viktig innvending mot Duun har vore at han aksepterte å ta mot den nyoppretta Henrik Steffens-prisen i 1936, i eit nazifisert Tyskland. Otto Hageberg var den fyrste som skreiv om dette i ein artikkel i 1995.
– Eg var overraska sjølv då eg oppdaga dette, men 1930-åra var ei anna tid enn den tida vi lever i. Det var mange menneske som gjorde ting dei angra på etter krigen. Det kan godt vere at Duun som døydde i 1939, gjorde og sa ting som han gjerne skulle ha gjort annleis om han hadde levd på slutten av 40-talet. Kanskje han ville ha angra på at han tok mot Steffens-prisen. Det har eg ingen føresetnader for å uttale meg om.
Hageberg synest elles det er forholdet mellom liv og verk, og den biografiske bruken av skjønnlitterære kjelder, som er det mest problematiske ved Gujords biografi:
– Gujord bruker skjønnlitteraturen, dels som kjelde, men det er litt uklart korleis han gjer dette. Han bruker ei bok som «Samtid» som sanningsvitne på at Duun var udemokratisk, fordi hovudpersonen roper «stans prosessen!» om rettssaka mellom folk vest og aust i bygda. Gujord meiner at dette er ei antidemokratisk haldning fordi rettsvesen og prosessar er sjølve
raison d'être i eit demokratisk samfunn, medan dei lever utrygt i fascistiske samfunn. Men at det å ville stanse prosessen skulle vere udemokratisk, er ganske søkt, meiner eg.
– Kjem det fram noko nytt om Duuns eventuelle forhold til nazismen?
– Nei, ikkje noko nytt i forhold til ting Gujord har skrive før, trur eg, seier Hageberg, som forøvrig synest boka er litt keisam:
– Det er ikkje noko bok med ei klar og tydeleg forfattarstemme. Rolv Thesens bok frå 1942 er framleis meir biografi enn Gujords bok er det.
– Naivt
Hagebergs kollega, professor Vigdis Ystad, har ikkje fått lese biografien enno, men var i si tid opponent då Gujord disputerte.
Og opposisjonen står ho fast ved:
– Eg kjenner hovudsynspunkta hans og belegget hans, slik det kom fram i avhandlinga, og meiner at han har sett ting fullstendig på hovudet. Duun skreiv historiske romanar, han gjengav ein mentalitet og ein mentalitetsprosess, der han måtte ha med haldningar til marginale grupper, til samar og omstreifarar og andre. Dette var haldningar som fanst i den norske allmugen og som måtte vere med om han skulle skrive ein autentisk historisk roman. Men Gujord skil ikkje mellom dette og Duuns eiga overtyding.
– Han les Duun inn i romanpersonane. Det er veldig naivt. Han tar lite omsyn til ein tematikk som finst gjennomgåande i Duuns forfattarskap, nemleg eit menneskesyn som krev ansvar og ærlegdom. Eg synest det er trist at vi skal få slike sensasjonsprega framstillingar, det er veldig synd for Duun-interessa. Duun er Noregs største romanforfattar.
– Kva synest du om at Aschehoug bad nettopp Gujord skrive Duuns biografi?
– Det har forundra meg.
Forundrar
Ystad meiner Gujord i for liten grad har drege veksel på tidlegare Duun-forsking:
– Det er ein svakheit ved litteraturfaget i dag, at ein ikkje evnar å sjå at det òg er ein kumulativ vitskap. Det byggjer opp innsikter som ein må ta på alvor om ein skal kome vidare. Gujord tar ikkje den tidlegare Duunforskinga på alvor. Han har ein tendens til å latterleggjere og avfeie denne. Det er mange slike fotnotar i avhandlinga.
Ystad meiner Gujord burde lese både forskinga og Duuns bøker historisk:
– All forsking er bunde til si tid, men Gujord les både forskinga og Duun heilt ahistorisk. Gujord er ikkje i stand til å lese ut frå samtidspremissane. Nasjonal historie og framstellinga av ein nasjonal mentalitetshistorie, treng ikkje å vere nasjonalisme i fascismens betydning av ordet.
– Er det uttrykk for ei moderne framandgjering for det nasjonale prosjektet?
– Ja, det er heilt rett uttrykt. Det er veldig mykje Gujord ikkje forstår som forundrar min generasjon av forskarar.










