Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Mandag 1. oktober, 2007
Ut av guteklubben
SLÅR TILBAKE: ? Neumanns påstandar er disrespektfulle overfor alle dei kollegaene hans som har skrive fagleg botnsolide artiklar utan å få eit einaste publiseringspoeng, seier Knut Olav Åmås. foto: janne lindgren

Ut av guteklubben

Mandag 1. oktober, 2007

FAKTA

LES MER

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
– Vegen til betre offentlegheiter går ikkje gjennom Neumanns ynske om å kommunisere innad i guteklubbar, seier Knut Olav Åmås, til Iver B. Neumanns kritikk av Samtiden.

I laurdagens Klassekampen hevda Iver B. Neumann at ingen einskildperson har gjort større skade på den akademiske samtalen enn Knut Olav Åmås, fordi han i si redaktørtid førte Samtiden ut av det intellektuelle, og inn i det journalistiske feltet.
Åmås meiner derimot at tidsskriftet heldt fram med å vere fyrst og fremst intellektuelt og kunnskapsbasert, men at han ynskte å gjere tidsskriftet politisk viktigare:
– Mitt mål som Samtiden-redaktør var å gjere tidsskriftet relevant for fleire enn nokre få spesielt interesserte. Det er nok det stikk motsette av å lage eit «guteklubbstidsskrift», som Neumann kallar sitt ideal og sin kanal, Nytt Norsk Tidsskrift. Motsett Neumann ser eg det heller ikkje slik at «intellektuell debatt» berre er den som universitetsfolk fører seg imellom. Tvert imot, seier Åmås.
– Mange av Noregs skarpaste intellektuelle finst heilt andre stader. Stein Lillevolden har ofte betre analysar av Noreg enn sosiologiprofessorar. Vegen til betre offentlegheiter går ikkje gjennom Neumanns ynske om å kommunisere innad i guteklubbar. Det er ein invitasjon til kulturelt sjølvmord.
Åmås viser dessutan til at universitetstilsette var overrepresenterte i Samtiden i hans redaktørtid:
– Universitets- og høgskuleforskarar har vore den viktigaste gruppa av skribentar i Samtiden i mine fem år. Neumanns påstandar er disrespektfulle overfor alle dei kollegaene hans som har skrive fagleg botnsolide artiklar utan å få eit einaste publiseringspoeng, slik ein får i fagtidsskrifta. Her kunne eg liste opp hundre namn. Det er skuffande at Neumann støttar det absurde teljekantsystemet. Det undergrev ålmenntidsskrifta.

– Ikkje kortare

Og Åmås nektar for at Samtiden ikkje skal ha innehalde bidrag til akademisk tverrfaglegheit i hans redaktørtid:

– Viss Neumann ikkje har kunna finne, gjennom over 300 artiklar og meir enn 3000 sider, interessante oppspel til det han kallar «den akademiske fleirfaglege samtalen», har han eit problem. Men det er hans eige.
Neumann latterleggjorde Åmås sin ambisjon om at Samtiden skulle vere eit universitet på trykk.
Men Åmås står inne for ambisjonen:
– Eg har kalla Samtiden eit universitet på trykk i stoltheit over å få publisere kunnskapsmetta, velskrivne artiklar som nådde lesarar i mange ulike miljø. Det er universitetet på sitt beste og mest samfunnsvende.
Neumanns haldningar er snarare det motsette, meiner Åmås:
– Neumanns haldningar er eit uttrykk for universitetet på sitt verste og mest innadvende. Han ser det kanskje slik at han er ute etter å styrke det avgjerande feltet mellom faglitteraturen og avisene ved å postulere at Samtiden ikkje lenger finst der. I staden svekkjer han det. Kven treng fiendar når ein har slike vener, spør Åmås, og minnar om at Iver B. Neumann var redaksjonsrådsmedlem i Samtiden i Thomas Hylland Eriksens redaktørtid, og at artiklane blei lengre, ikkje kortare, då Åmås overtok etter Hylland Eriksen.

– Uinformert

Dagens redaktør Cathrine Sandnes synest kritikken frå Neumann er uinformert:
– Heilt frå grunnlegginga har tidsskriftet lege i skjeringspunktet mellom forsking og media. Og om Neumann heng seg opp i lengde, og innbiller seg at det er eit kvalitetskriterium, kan ein gå attende til 1920-talet og sjå at dagens artiklar er både lengre og minst like grundige. Ein må ha litt kjennskap til kva «før» er, særleg om ein etterlyser ein informert og danna debatt.
Sandnes synest dessutan at utspelet frå Neumann er overraskande personorientert:
– Eg har eit mål om at Samtiden skal drive formidling med saka i fokus, og ikkje personen. Personåtaka må aldri stå i vegen for saksdiskusjonen, slik eg opplever Neumann eksponerer i intervjuet i Klassekampen. Om ein ynskjer å bruke tabloid som eit skjellsord, er det rart å møte ein så tabloid kritikk.
– Og ser ein på kven som har skrive i Samtiden det siste året, vil ein sjå at det er ganske likt fordelt mellom forskarar, politiske aktørar, journalistar og forfattarar. Om ikkje det er ein tverrfagleg intellektuell samtale, må eg spørje korleis Neumann definerer denne.

Ulike prosjekt

Åmås sin forgjengar, Thomas Hylland Eriksen, meiner at alle dei siste redaktørane har prega tidsskriftet på kvar sin måte:
– På 1980-talet handla Samtiden mykje om ideologikritikk og var sterkt prega av sosiologisk tenking. Då Trond Berg Eriksen overtok var prosjektet hans eit europeisk danningsprosjekt. Så kom eg i 1993 og prosjektet mitt var å få eit transnasjonalt blikk på verda. Medan då Åmås tiltrådde i 2001, sa han eksplisitt at han ville setje premissar for den norske debatten. Og dimed vende Samtiden heim i ein viss forstand og avstanden til pressa blei igjen kortare.
Men Hylland Eriksen synest det berre er flott at redaktørane har prega tidsskriftet ulikt:
– Eg trur desse endringane har med tidsånda å gjere. Eg trur Samtiden har tatt pulsen på samtida heile tida. Eg er samd i Neumanns diagnose av sosiologifaget, at faget ikkje har greidd å oppdatere seg og er blitt mindre relevant, men det har ikkje noko med tidsskriftet Samtiden å gjere.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT