Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Lørdag 29. september, 2007
Glossy anti-nærvær
? IKKJE FOR INTELLEKTUELLE: Samtiden har i over 100 år vore eit tidsskrift for intellektuell debatt. Det endra seg da Knut Olav Åmås overtok redaktøransvaret, meiner Iver B. Neumann. foto: janne lindgren

Glossy anti-nærvær

Lørdag 29. september, 2007

FAKTA

LES MER

«Det er ikkje noko tidsskrift for intellektuell debatt»
Iver B. Neumann, professor
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Knut Olav Åmås er den einskildpersonen som har påført den akademiske samtalen størst skade sidan 1970-talet, hevdar professor Iver B. Neumann, som meiner Samtiden under Åmås forlét det intellektuelle feltet.

I artikkelen «Norsk sosiologi» som Iver B. Neumann har på trykk i det siste nummeret av Nytt Norsk Tidsskrift, argumenterer han for at sosiologifaget har mist sin hegemoniske posisjon som overdisiplin innan samfunnsvitskapane, og som ein arena for kritisk og grunnleggjande samfunnsdebatt.
Dels har dette faginterne årsaker, som at faget har vendt seg mot kvantitative modeller, og oppfatta problemløysing som viktigare enn grunnlagsdebatt. Men dels skuldast det at vi i Noreg langt på veg manglar gode generelle tidsskrift, som stimulerer til denne type debatt.
Samtiden har i over 100 år vore eit slikt tidsskrift, påstår Neumann, heilt til Knut Olav Åmås overtok redaktøransvaret:
– Åmås tok eit heilt medvite val. Han ville ha fleire lesarar, kortare og meir overflatiske artiklar. Og dimed flytte han tidsskriftet frå det intellektuelle feltet og over til det journalistiske feltet. Åmås skrytte av dette sjølv, han var stolt over utviklinga av Samtiden. Og no har ein journalist tatt over som redaktør etter han. Det er eit brot med heile Samtiden-tradisjonen.
I artikkelen skriv Neumann om Åmås at «dermed ble han den enkeltperson i norsk historie siden AKP-(ml)s tid som har påført den akademiske samtalen størst skade».
– Det er ein sterk anklage?
– Ja, det er det, men den påstanden står til ein kan grave fram ein annan som har påført meir skade. Den einaste kandidaten eg kan kome på i farten er Øystein Djupedal.
– Du meiner Samtiden ikkje gjer anna enn det gode kvalitetsaviser kunne ha gjort?
– Ja, om vi hadde hatt ein danna avisflora, som ein ikkje skal lenger enn til Danmark for å finne, så ser ein det.

Trykt universitet

– Men Åmås sa sjølv at Samtiden skulle vere eit «universitet på trykk»?
– Ja, han brukte mange slike ord. I ein radiodebatt sa han at ein burde få forskingsrådspoeng for artiklar i Samtiden. Anten har han då ikkje tenkt gjennom kva han hadde sett på trykk, eller framstiller han det som akademiske artiklar mot betre vitande.
– Og du synest ikkje ting er blitt betre under dagens redaktør, Cathrine Sandnes?
– Eg må vere påpasseleg med å seie at Samtiden er eit utmerkt blad. Men det er ikkje noko tidsskrift for intellektuell debatt. Det er eit polemisk-politisk blad som fyller ein funksjon, og eg er glad for at det finst. Men det måtte ha vore mogleg å opprette eit slikt blad utan å drepe eitt av dei to tidsskrifta som hadde ein slik funksjon. Blodofferet blei for stort.
Det andre tidsskriftet Neumann siktar til, og altså no det einaste norske tidsskriftet som fyller ein slik funksjon, er nettopp Nytt Norsk Tidsskrift, tidsskriftet der Neumanns artikkel er publisert:
– Nytt Norsk Tidsskrift er førebiletleg. Som fagtidsskrift er det store problemet at det ikkje har fagfellevurdering. Men som guteklubbstidsskrift er det glitrande.
Neumann meiner denne type tidsskrift har spelt og bør spele ei sentral rolle i den tverrfaglege vitskaplege debatten:
– Eg trur desse tidsskrifta har vore viktige fordi dei vel ei form som ligg midt mellom faglitteraturen og kvalitetsavisene, dei gjev plass til å breie ut tema og til å gje argumenta tyngd ved å gje dei god plass. Dei aller fleste intellektuelle klarer berre å halde seg oppdaterte på ein liten del av faget sitt, og det dei veit om andre fag og andre delar av sitt eige fag enn sitt eige spesialfelt, har dei frå denne type tidsskrift.

Sjå til Danmark

Neumanns artikkel er basert på eit føredrag han heldt ved Sosiologisk Forenings årskonferanse, der han blei beden om å vurdere sosiologifaget sedd utanfrå. Neumanns konklusjon var at sosiologane har mist si tradisjonelle rolle som ein kritisk overdisiplin, og som premissleverandørar for den grunnleggjande samfunnsdebatten:
– Det skuldast at sosiologane har vore ekstremt opptatte av problemløysande vitskap. Eg er påpasseleg med å gjenta at eg er for det, vi treng det, det er bra. Men skal ein drive med det, føreset det at det finst eit tankegolv. Dei såkalla grunnlagsproblema må diskuterast. Det er ikkje lenger sosiologane som leverer dei generelle oppslaga til ein brei samfunnsdebatt. Dag Østerberg gjorde det, men etter han trekte seg attende frå sosiologien har ikkje sosiologane sett seg det som mål.
– Ville slik sosiologi blitt oppmuntra om det fanst fleire tidsskrift som kunne ta slike debattar?
– Ja, heilt openbert, det er berre å sjå på korleis situasjonen er i Danmark. Danskane har mange gode kvalitetsaviser og fleire gode generelle tidsskrift, samt ei nærare tilknyting til europeisk kontinental sosialteori. Og dimed er den danske offentlege debatten mykje rikare på teoritilfang, og ligg på eit mykje høgare nivå enn hos oss.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT