Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Onsdag 26. september, 2007
Attende til 1989
HISTORIA GJENTEK SEG: Miljøvårane 1989 og 2007 liknar kvarandre, meiner forskarar. Her er ein ung Fredric Hauge nokre år før miljøsaka verkeleg tok av, i Titania-demonstrasjonen i Jøssingfjorden hausten 1983. Foto: NTB/SCANPIX

Attende til 1989

Onsdag 26. september, 2007

FAKTA

LES MER

«Miljørørlsa må løyve seg sjølv litt intelligens»
Erling Dokk Holm, forskar
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
– Dei som har drive motpropaganda mot klimaforskinga har eit enormt ansvar, meiner Erling Dokk Holm som har samanlikna miljøåra 1989 og 2007.

«Resirkulert klimadebatt» er tittelen på artikkelen stipendiat ved Arkitekthøgskulen Erling Dokk Holm har på trykk i siste nummer av Samtiden. Dokk Holm har samanlikna dei to store miljøvårane, 1989 og 2007, og sett på korleis miljøengasjementet så raskt kunne slå gjennom politisk, kvifor det forsvann like fort i åra etter 1989 og kva vi eventuelt kan lære av det no.
Og fellesnemnaren for dei to miljøvårane var internasjonale rapportar som dokumenterte alvoret i situasjonen, i kombinasjon med merkeleg mildt vêr:
– Ja, eg trur det var desse to faktorane som forsterka einannan. 1989 var det året vinteren ikkje kom, og det gjorde at den naturvitskaplege dokumentasjonen av klimaendringane plutseleg kjendest relevant. Og då tok det veldig kort tid før det var brei semje i det politiske miljøet om at dette var alvorleg, seier Dokk Holm.
– Var debatten meir naiv i 1989?
– Ja, i den forstand at ein trudde det var ganske lett å redusere CO2-utsleppa. Ein trudde verdsøkonomien var inne i ein stagnasjon og at det tradisjonelle sambandet mellom vekst i energiforbruket og vekst i økonomien, var i ferd med å losne.

Motpropaganda

I 1989 fatta Stortinget eit vedtak om at dei norske CO2-utsleppa skulle stabiliserast på 1989-nivå innan år 2010. Deretter kom 1990-talet, miljøengasjementet forsvann, og utsleppa gjekk – bokstavleg talt – rett til himmels:
– Det som øydela for Noreg var at ein sette i verk ei rekkje nye olje- og gassutvinningar i Nordsjøen som auka utsleppa våre. Politikarane skjønte etter kvart at dei hadde vedtatt ting dei ikkje var i stand til å følgje opp, men det var ikkje éin politikar som var modig nok til å seie at vi då ikkje kunne byggje ut nye olje- og gassfelt.
– Forsvann miljøbølgja like raskt som ho kom?
– Ja, nesten. Næringsinteressene mobiliserte, og dei mobiliserte kraftig, seier Dokk Holm som i 1995 leverte ei hovudfagsoppgåve i statsvitskap om nettopp næringsengasjementet mot klimatiltak.
Dokk Holm legg dessutan mykje av ansvaret og skulda på dei han kallar «tvilens apostlar»:
– Det er gjort mange undersøkingar som dokumenterer korleis pressas ynskje om å vere balansert gjer at om det var 100 overtydde og ein tvilar, så fekk dei omlag like mykje spalteplass i media. Alle desse som har drive denne motpropagandaen har eit enormt ansvar.
Dokk Holm peiker ut fleire andre årsaker, som at Miljøverndepartementet aldri har blitt eit mektig og sektorovergripande departement, samt ei generell endring i synet på forbruk:
– Det tradisjonelle marxistiske og protestantiske skjemaet for å forstå forholdet mellom produksjon og konsum braut saman. Forbruk blei sedd på som bra i seg sjølv, det blei ei realisering av individet, og problemet med at nokre ikkje har like mykje pengar som andre til å realisere seg sjølve, kunne løysast gjennom omfordeling. Med denne måten å tenkje på, blei det umogleg å seie at handlingar er feil, det du og eg gjer betyr ikkje noko.
– Det er tidsånda på 90-tallet du snakkar om?
– Ja, vi fekk ein meir hedonistisk kultur. Hedonismen som kultur matchar så godt økonomiske oppgangstider. Dei herskande tankar er dei herskandes tankar, og tidsånda reflekterer dette.

Større krav

Dokk Holm meiner miljørørsla blir for smålåten i møte med dei apokalyptiske utfordringane, i 1989 som i 2007:
– Miljørørsla kombinerer iherdig kritikk av regjeringa på nokre punkt som eg synest det er vanskelig å kritisere ho på, med forsøk og framlegg som dels er ubetydelege. Kvifor skal vi elektrifisere sokkelen, når plattformene likevel skal ut av produksjon om 10–20 år.
Dokk-Holm meiner ein heller bør krevje stans i all norsk oljeutvinning:
– Om vi verkeleg meiner at vi står overfor ein så komplisert situasjon og spør offensivt kva Noreg som eit rikt oljeproduserande land kunne gjere for å få ned utsleppa, så meiner eg at vi bør stenge kranene for all norsk oljeutvinning. Effekten ville bli at det blei mindre olje på verdsmarknaden, prisane ville stige og den alternative energien ville få betre konkurransevilkår.
– Du meiner altså at om vi skal lære noko av 1989 i 2007, må det vere å fremje meir radikale krav enn den gongen?
– Ja, miljørørlsa må løyve seg sjølv litt intelligens. Dei har større oppgåver enn retorisk å sable ned Helen Bjørnøy.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT