Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Lørdag 22. september, 2007
Strammar opp nynorsken
? Ein viss stabilitet i norma er ein føresetnad for at eit skriftspråk kan utvikla seg som eit litterært medium, seier Helge Dyvik i Språkrådet. Her formann i Norsk Lytterforening Alf Nielsen i 1978 under oppteljinga av stemmesetlar mot for mykje nynorsk i NRK. foto: ntb arkiv, scanpix

Strammar opp nynorsken

Lørdag 22. september, 2007

FAKTA

LES MER

«Det same har skjedd på riksmålssida, 1800-talslitteraturen fortonar seg meir arkaisk i dag»
helge dyvik
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Ein ny nynorsknormal vil ikkje gjere nynorsken meir bokmålslik, meiner Helge Dyvik, leiar for Språkrådets normeringsråd.

Styret i Språkrådet vedtok nyleg å lage ein ny nynorsknormal som skal vere klar i 2009. Språkrådet har varsla ei enklare norm, «ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer». Og allereie før arbeidet er i gang, har det byrja å ulme i nynorskmiljøa.
Det er berre få år sidan Språkrådet freista det same, men den gongen gav rådet seg på grunn av motstanden som kom fram i høyringsrunden.
Det vil neppe skje denne gongen, trur professor Helge Dyvik, som er leiar for Språkrådets Fagråd for normering og språkobservasjon:
– Det gamle framlegget var gjenstand for ein høyringsrunde som hadde som resultat at dei fleste som uttalte seg gjekk mot, og det førte til at framlegget likevel ikkje blei vedtatt i Språkrådet. Men departementet og det noverande Språkrådet ynskjer nok denne reforma gjennomført likevel, og det vedtaket som no er gjort i Språkrådet legg som premiss at hovudlinjene i norma skal vere som i det gamle framlegget, nemleg at det skal vere ei stram norm utan klammeformer.
– Kvifor vil dei presse det gjennom no?
– Det nye Språkrådet har ein annan struktur enn det gamle. Det gamle Språkrådet var eit representativt organ, medan det nye nok inneber ei klårare styring.

Arkaisk litteratur

Helge Dyviks fagråd skal ikkje forfatte framlegget til ny norm. Det skal gjerast av ei eiga arbeidsgruppe som vil bli oppnemnd innan 15. desember.

– Skal gruppa berre flikke på det gamle framlegget?
– Det ligg allereie i vedtaket at det skal byggast på det grunnarbeidet som blei gjort i 2002, og det vil nok skje. Men det tyder ikkje at det ikkje vil bli gjort endringar.
– Og i-formene vil forsvinne?
– Eg kan ikkje gå inn på einskildting i reforma, men det er nok lite sannsynleg at i-formene blir ståande.
Omsetjar Johannes Gjerdåker fryktar i eit lesarbrev i dagens Klassekampen at den klassiske nynorsklitteraturen frå Aasen og Vinje, raskt vil bli oppfatta som arkaisk og utilgjengeleg under ei ny språknorm.
– Kva tenkjer du om det?
– Ein skal ikkje sjå bort frå at det kan vere noko i det. Men ein må og sjå på kva ei offisiell norm er. Norma regulerer ikkje korleis alle menneske skal skrive nynorsk, ho gjeld berre dei som er forplikta til å halde seg til ei offisiell norm. Og de facto har nynorsken samla seg om ei relativt einskapleg norm, slik òg bokmålet har gjort. Dels er det snakk om å kodifisere noko som allereie er eit faktum.
Dyvik meiner ein har sett det same skje med riksmålslitteraturen:
– Det same har skjedd på riksmålssida, 1800-talslitteraturen fortonar seg meir arkaisk i dag. Det er ikkje nokon uventa konsekvens.

SMS-språk

Nynorskprofessor Stephen Walton skriv òg om framlegget i dagens avis, og meiner det er paradoksalt at samstundes som talemålsnær skriving blømer i SMS-språket og andre stader, vil Språkrådet redusere registeret med talemålsformer i nynorsken.

Dyvik ser ikkje dette paradokset:
– Der er eg ikkje samd. SMS-språket er eit medvite avvik frå ei norm, det er nettopp poenget å skrive fritt og uavhengig av norma. På meg verkar det heller paradoksalt å skulle trekke det inn i norma. Det er ikkje alt som blir skrive som er ein fullgod indikasjon på korleis skriftspråket utviklar seg.

Ikkje bokmålsnært

– Men kva er hovudgrunngjevinga og ideologien bak det å skulle rydde opp i språknormeringa i det heile tatt?
– Det er eit stort spørsmål. Det er eit poeng at skriftspråket faktisk, både på bokmål og nynorsk, opererer innanfor ei relativt avgrensa norm, og språknormering bør då dreie seg om ei nennsam regulering av den faktisk operative norma i skriftspråket. Ein viss stabilitet i norma er òg ein føresetnad for at eit skriftspråk kan utvikla seg som eit litterært medium, med eit rikt repertoar av stilnivå og uttrykksnyansar.
– Men vil nynorsken bli meir bokmålsnær av dette?
– Nei, det ligg ingen slike føringar.
– Kan det likevel bli konsekvensen?
– Nei, eg ser ikkje det. Det er jo absolutt ikkje noko føremål at nynorsk og bokmål skal nærme seg einannan, det er eit uttrykkeleg mål at dei skal normerast kvar for seg.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT