Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Kultur & medier
Onsdag 19. september, 2007
Med friske augo
INTERESSERT: Nasjonalmuseet avviste på byrjinga av 1990-talet tilbod om ein biletdonasjon av Aksel Waldemar Johannesens verk. Men i går opna den nye direktøren Allis Helleland ei utstilling av kunstnaren på Blomquist Kunsthandel.

Med friske augo

Onsdag 19. september, 2007

«Vi vurderer heile tida om det er hol i vår dekking av den nasjonale kunsthistoria»
Allis Helleland, direktør ved Nasjonalmuseet
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Aksel Waldemar Johannesens kunst er interessant, meiner Allis Helleland. I går opna direktøren for Nasjonalmuseet ei utstilling av den omstridde kunstnaren.

Det var ikkje Nasjonalgalleriet, men Blomquist Kunsthandel i Oslo som nok ein gong stilte sine salar til rådvelde for Aksel Waldemar Johannesens kunst i går. Blomquist stod for Johannesens debututstilling i 1923, dei stod for utstillinga av den gjenoppdaga Johannesen i 1992, og dei stiller han ut på nytt no, etter den heite debatten kring kunstnaren i sommar.
– Det er alltid interessant å oppdaga eit nytt kunstnarskap, sa Allis Helleland til Klassekampen då ho opna utstillinga i går.

Open

Nasjonalmuseet har vorte kraftig kritisert av Haakon Mehren, mannen som gjenoppdaga Johannessen sine bilete på slutten av 1980-talet, og som seinare har arbeidd for å gje han ein plass i norsk kunsthistorie. Mehren har fått i stand kritikarroste utstillingar av Johannessen i både Tyskland og Italia. Men då Nasjonalgalleriet fekk tilbod om ein biletdonasjon på byrjinga av 1990-talet, avviste dei tilbodet som uinteressant, og meinte Johannessens arbeider var berre til å kasta.
Den nye direktøren ved Nasjonalmuseet har stilt seg open for å sjå på kunsten med friske augo. Ho hadde sitt fyrste møte med kunstnarskapen på Kistefos-Museet på Jevnaker i sommar. Ho uttrykte i ettertid undring over ikkje å ha høyrt om Aksel Waldemar Johannessen tidlegare, og omtalte dei to utstilte Johannessen-bileta som «gode».
– Eg har gledd meg til å sjå denne utstillinga. No kan alle sjølv vurdera Aksel Waldemar Johanessens kunst, sa Allis Helleland i går.

Utrendy

Til Klassekampen hevda Helleland i går at årsaka til at Aksel Waldemar Johannessen ikkje fekk særleg merksemd på byrjinga av 1990-talet, var at symbolisme på den tida ikkje var interessant for kunsthistorikarar. Det var naturalismen som var i vinden.
– Kunsthistoria blir omskrive kontinuerleg. Kva som blir tatt opp og vurdert som interessant i eit nytt ljos, endrar seg til heile tida. I det siste ti året har symbolismen frå førre hundreårsskifte igjen vorte gjenstand for mykje ny forsking.
– I opningstalen la du stor vekt på Matisse-elevane sin dominans, og at Johannessens «tyske» kunst, med sin ulike koloritt og sine langt tyngre, samfunnsorienterte motiv, stod i motsetnad til deira ideal.
– Ja, slik har det jo vore i svært mange europeiske land. Også i Danmark. Franskmennene «vant». Paris vart kunstnarmetropolen, byen alle biletkunstnarar måtte studera i. Slik var det heilt fram til 1960-talet. Det er der kunstnarar frå heile Norden har lært korleis ein skal måla modernistisk.

Typisk

Allis Helleland meiner at Aksel Waldemar Johannessens kunst er meir tidstypisk enn atypisk.
– Desse bileta vart måla i ein tiårsperiode frå 1912 til 1922. Det var under 1. verdskrigen, og dette er typiske motiv frå krigstider.
Eit av ankepunkta mot Johannessens kunst frå notida sine kunstkjennarar, har vore at han flakkar mellom mange stilar og uttrykk.
– Dette er også heilt vanleg, hevdar Helleland.
– Mange kunstnarar i samtida prøvde seg fram. Jamvel ein så særmerkt kunstnar som Picasso hadde sin blå periode. Dette er ikkje noko nytt. Og Johannessen hadde høve til å sjå utstillingar med og bli påverka av mange av dei store i samtida og deira elevar nettopp her i Oslo, påpeikte Helleland.
Det er heller ikkje uvanleg i vår tid, meinte Helleland, at ein ikkje kan kjenna att arbeida til unge kunstnarar frå utstilling til utstilling: folk søker etter sitt uttrykk og prøver seg fram.
– Eg freistar å plassera Aksel Waldemar Johannessen kunsthistorisk, sa Allis Helleand, og skildra kunstnaren som eit barn av si tid.
Ho drog også fram det tidstypiske i Johannessens motivkrins.
– Ein kan kjenna at Hamsunds naturmystikk og -dyrking. Ein kan kjenna at Munchs og Vigelands vitalisme.
– Det som er uvanleg med Johannessen er at han fekk eit så kort liv. Han døydde alt før debututstillinga i 1923, og fekk ikkje som dei andre sjansen til å utvikla seg som vaksen, mogen kunstnar.
– Korleis vurderar du Haakon Mehrens kritikk av Nasjonalmuseet og kravet om innkjøp?
– Det finnes mange eldsjeler som har gjort ein formidabel innsats for å løfte oversette kunstnarar fram i ljoset. No er ikkje dette ei salsutstilling, så innkjøpsproblematikken er ikkje aktuell. Nasjonalmuseet følgjer alltid med kva som er ute på auksjonar og liknande, og vi vurderer heile tida om det er hol i vår dekking av den nasjonale kunsthistoria. Men vi skal hugsa at Aksel Waldemar Johannessen vart kjøpt inn av Nasjonalgalleriet frå utstillinga i 1923. Det var eit sjølvportrett. I dag ville vi kanskje ha vurdert eit anna bilete, men innkjøpet var ei viktig erkjenning av kunstnarskapen, og Aksel Waldemar Johannessen er lista opp i Norsk kunstnerleksikon. Han har ein plass i norsk kunsthistorie, slo Helleland fast.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT