
Forsvarar krimarven etter Riverton
Torsdag 13. september, 2007
FAKTA
LES MER
Jon Michelet, president i Rivertonklubben
Krimforfattaren og pressemannen Sven Elvestad, betre kjend under forfattarpseudonymet Stein Riverton, har vore den mest folkekjære krimforfattaren vår. Då han døydde i 1934 hadde NRK to minutts stillheit til minne om han. I dag er kriminalforfattaranes eigen klubb, Rivertonklubben, kalla opp etter han, medan den beste krimboka kvart år blir heidra med Rivertonprisen. Og i heimbyen Halden blei han i 1999 sett på sokkel.
Men om vi held bøkene unna og ser på livet til mannen, er det absolutt ingen grunn til å heidre Riverton.
Riverton var ein tungt alkoholisert sjølvoppteken fascist og pedofil og storforbrukar av barneprostituerte, syner Bernt Rougthvedt i ein ny biografi, som kjem på Cappelen i desse dagar.
Jon Michelet, president i Riverton-klubben, kjenner til Rivertons mørkare sider, men ser ingen grunn til at Rivertonklubben bør leggjast ned eller skifte namn:
– Dette har vore kjend, både dokumentert og som rykte, men Rivertonklubben er kalla opp etter forfattarskapen hans. Og no er Rivertonklubben blitt si eiga greie, det er ikkje noko selskap for dyrking av Riverton, seier Michelet.
– Og dette var godt kjent for dei som starta klubben på 1970-talet, og det er godt kjent for oss som driv klubben i dag. Det er mange radikale og samfunnskritiske medlemmar og prisvinnarar hos oss.
Hamsun verre
– Men er ikkje krimsjangeren ein politisk sjanger som burde vere ekstra på vakt i slike spørsmål?
– Det hadde vore noko ganske anna om han var ein handlande nazi, om han hadde delteke i jødeutryddinga eller gjort verkelege brotsverk. Det er ein skugge ved Riverton, men ein slik skugge vil det vere ved mange forfattarar, det må ein leve med.
– Men var ikkje Rivertons innsats minst like ille som Hamsuns?
– Nei, det må eg seie, der går det eit skilje. Riverton var ikkje nazist under krigen, han levde ikkje lenge nok til å bli det. Men poenget mitt er at det alltid vil vere noko ved ein forfattar som er mørkt og ubehageleg, det er noko av det som skapar forfattarar.
– Trur du denne biografien kan skade Rivertonklubbens omdømme?
– Det trur eg ikkje. Vi har ein så klar standing på det vi gjer at dette ikkje skadar oss. Men vi skal merke oss det og ta det opp til debatt, slik som vi til dømes må diskutere om det er rett å gje ein revolver til prisvinnarane. Vi skal sjølvsagt følgje med, men slik eg ser det er Rivertonprisen blitt si eiga greie.
– Skal du lese biografien?
– Ja, det skal eg. Boka er undervegs til meg no.
Overraska
Den siste mottakaren av Rivertonklubbens gyldne revolver for beste kriminalroman i 2006, Tom Kristensen, er usikker på korleis han skal reagere konfrontert med opplysningane om Stein Riverton:
– Ja, kva skal eg seie. Eg rykka litt i stolen då eg las om dette, men eg veit nesten ikkje kva eg skal svare. Eg blei litt overraska over i kva grad han var ein avvikar. Men ein må vel leggje vekt på det positive, at han var ein av samtidas aller største krimforfattarar.
– Bør Rivertonklubben skifte namn?
– Absolutt ikkje, det vil eg ikkje seie. Som med Hamsun, kan ein ikkje ta frå desse forfattarane det dei hadde som forfattarar. Ein må sjå denne prisen i lys av at han var ein føregangsfigur på krimfronten i Noreg. At han hadde andre forferdelege eigenskapar, kan eg diverre ikkje gjere noko med. I alle fall ikkje no.
– Men Hamsuns nazisme er framleis traumatisk for mange?
– Ja, men å sitje slik i etterpåklokskapens lys og bedømme alle menneske på alt dei har gjort og ikkje gjort, det er å dra det litt for langt. Eg får berre håpe at han som har grave fram dette, har orda sine i behold.
Frode Grytten vann Rivertonprisen i fjor. Han har ikkje lese biografien, og ingen planar om å gjere det.
– Eg er mot biografiar, det er Se og Hør for intellektuelle, ler Grytten.
– Eg har ikkje satt meg inn i sjølve saka, men det er ikkje sikkert vi skal vite alt om alle. Når dei er døde må dei få lov å dø.
– Men bør Riverton-klubben skifte namn?
– Det må klubben sjølv finne ut av. Eg har den gyldne revolveren liggjande, men eg må kanskje gøyme han vekk til dette er over.










