
Klima på plakaten
Onsdag 29. august, 2007
FAKTA
LES MER
Hege Newth Nouri, festivalsjef
Klima er overskrifta for årets Bjørnson-festival. Det på trass av – eller kanskje på grunn av – at festivalsjef Hege Newth Nouri ikkje har lukkast i å finne fram relevant samtidslitteratur som tar opp temaet:
– Nei, eg har ikkje det, korkje i vaksenlitteraturen eller i barne- og ungdomslitteraturen. Med tanke på dei framtidsscenaria vi no har frå FNs klimapanel, undrar eg meg over at ikkje fleire forfattarar engasjerer seg i dette. Det rører jo ved heile kjenslespekteret vårt, frå frykt og redsla for å miste sine kjære til frykta for å miste heile verda. Kanskje forfattarane berre ville ha enda i apati om dei prøvde? Sjølv fryktar eg det, om eg tenkjer på barna mine og barnebarn og korleis dei vil få det. Eg orkar ikkje å forfølgje den tanken, seier Newth Nouri til Klassekampen.
– Men er det paradoksalt at ein litteraturfestival fokuserer på ein litteratur som ikkje finst?
– Nja, ikkje eigentleg. Både eg og det kunstnariske rådet mitt hadde forventa at det skulle vere tilstadeverande i litteraturen, ut frå tesen om at samtidslitteraturen speglar samfunnet. Men det gjer han altså ikkje i dette tilfellet. Tvert om tenderer samtidslitteraturen mot å bli sjølvsentrert og fokusert om einskildindividet og i stor grad om forfattaren sjølv. Det grensar mot å bli navleskodande. Om det er ei spegling av samfunnet, er det nedslåande. Men eg kjenner meg jo att.
Gjev håp
Festivalen opnar i dag og varer til og med søndag. Allereie under opninga i dag, vil årets tema bli uttrykkeleg presentert:
– Terje Isungset skal spele på ein istrompet, som smeltar medan han speler. Dessutan skal Kåre Willoch snakke som bekymra bestefar, medan nestleiar i Natur og Ungdom Ingeborg Gjærum skal halde den fyrste folketalen, fortel Newth Nouri.
Det største internasjonale namnet ved festivalen er den australske vitskapsmannen, forfattaren og klimaforkjemparen Tim Flannery, på norsk aktuell med 2006-boka «Værmakerne»:
– Tim Flannery er ein stor klimapersonlegdom internasjonalt. Han kjem til å bli endå tydelegare og større etter kvart, det er eg bombesikker på. Det han formidlar er heilt skrekkeleg, men han gjer det på ein forståeleg måte, og motsett James Lovelock til dømes, gjev han oss eit ørlite håp.
Bjørnsons ånd
– Kva skil Bjørnsonfestivalen frå dei andre litterære festivalane i Noreg?
– Ebba Haslund har sagt at vi er Noregs viktigaste internasjonale litteraturfestival. Og når Haslund har sagt det, då er vi vel det, ler Newth Nouri.
Meininga er sjølvsagt at festivalen kvart år skal vere i Bjørnstjerne Bjørnsons ånd:
– Det som prega Bjørnson var samfunnsengasjementet hans, mange vil meine at det var viktigare enn det litterære. Og sjølv om eg ikkje er samd i det, har vi alltid tatt utgangspunkt i Bjørnson som samfunnsdebattant og kosmopolitt på festivalen, og vi har alltid fokusert på store ålmenngyldige tema. Slik blir det i høgaste grad i år òg med klima som overskrift. Eg synest vi er den festivalen som har det absolutt mest komplette programmet. Vi har dessutan eit fokus på barn og unge.
Litteraturen med
I gårsdagens Aftenposten meinte kommentator Ingunn Økland at det var ein tendens ved dei store litteraturfestivalane, til at litteraturen kom i bakgrunnen medan aktuelle politiske tema tok merksemda.
Newth Nouri føler Bjørnsonfestivalen har sitt på det tørre:
– Det er fleire reine litterære programpostar kvar einaste dag. Og kva hadde Bjørnsonfestivalen vore utan eit ynske om å forandre noko?
– Men er det eit problem at òg Kapittelfestivalen i Stavanger skal handle om klima?
– Ja, skal han eigentleg det? Eg ser at dei òg skal ha Knut Nærum til å snakke om den nye klimaboka si, men elles er det lite klimafokus i miljøforstand. Eg trur dei bruker ordet i ei vidare tyding, mellom anna om det politiske klimaskifte i Latin-Amerika.
Dette er femtande året Bjørnsonfestivalen går av stabelen, for andre gong er det Hege Newth Nouri som er festivalsjef. I fjor hadde festivalen mellom 7000 og 10.000 besøkande, eit tal Newth Nouri håper å slå i år.










