Sosialhjelpa og trygdeordningane bør bli bytta ut med ei forsvarleg inntektssikring, sa forsker Karin Gustavsen Tvetene da ho i går innleia på fattigdomshøyringa.
– Avskaff sosialhjelpa og dei ulike trygdeordningane, og innfør i staden ei inntektssikring på nivå med forsvarleg livsopphald, seier Karin Gustavsen Tvetene, doktorgradsstipendiat ved Høgskolen i Vestfold. Ho var ei av innleiarane på fattigdomshøyringa som Velferdsalliansen, Kirkens bymisjon og Fellesorganisasjonen arrangerte på Youngstorget i går. – Det er eit paradoks i velferdsstaten at dei fleste fattige i Noreg mottar offentleg inntektssikring – anten berre sosialhjelp, eller sosialhjelp i kombinasjon med trygdeytingar. Desse ordningane er nett det som skulle hindra fattigdom, seier forskaren. Hennar skisse til oppfylla målsettinga i Soria Moria-erklæringa om å avskaffa fattigdommen går ut på å erstatta både sosialhjelpa og trygdeordningane med ei inntektssikring på nivå med det standarbudsjettet Statens institutt for forbruksforsking (Sifo) har utarbeidd.