Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Innenriks
Lørdag 25. august, 2007
– Avskaff sosialhjelpa!

– Avskaff sosialhjelpa!

Lørdag 25. august, 2007

FAKTA

LES MER

– Det er eit tankekors at den raudgrønne regjeringa bruker ein fattigdomsdefinisjon som gir langt færre fattige enn om vi hadde definert fattigdom slik EU gjer, Karin Gustavsen Tvetene, doktorgradsstipendiat ved Høgskolen i Vestfold
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Sosialhjelpa og trygdeordningane bør bli bytta ut med ei forsvarleg inntektssikring, sa forsker Karin Gustavsen Tvetene da ho i går innleia på fattigdomshøyringa.

– Avskaff sosialhjelpa og dei ulike trygdeordningane, og innfør i staden ei inntektssikring på nivå med forsvarleg livsopphald, seier Karin Gustavsen Tvetene, doktorgradsstipendiat ved Høgskolen i Vestfold. Ho var ei av innleiarane på fattigdomshøyringa som Velferdsalliansen, Kirkens bymisjon og Fellesorganisasjonen arrangerte på Youngstorget i går.
– Det er eit paradoks i velferdsstaten at dei fleste fattige i Noreg mottar offentleg inntektssikring – anten berre sosialhjelp, eller sosialhjelp i kombinasjon med trygdeytingar. Desse ordningane er nett det som skulle hindra fattigdom, seier forskaren.
Hennar skisse til oppfylla målsettinga i Soria Moria-erklæringa om å avskaffa fattigdommen går ut på å erstatta både sosialhjelpa og trygdeordningane med ei inntektssikring på nivå med det standarbudsjettet Statens institutt for forbruksforsking (Sifo) har utarbeidd.

– Nivået er for lågt

Arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen meiner den kvalifiseringsstønaden regjeringa no vil innføra, langt på veg vil vera i tråd med det Tvetene foreslår.
Kvalifiseringsstønaden skal sikra ei skattbar inntekt på om om lag 11.000 kroner i månaden for alle som deltar i kvalifiseringstiltak.
Men Tvetene deler ikkje denne vurderinga.
– Det at ein slår saman tre trygdeordningar til ei, er i beste fall ei lita forenkling. Det avgjerande er at ein hevar nivået på inntektssikringa slik at folk kan ha eit anstendig liv, og det ligg inga nivåheving i det regjeringa har gjort så langt, seier Tvetene til Klassekampen. Inntektssikringa meiner ho bør vera ei statleg ordning, medan kommunane kan ta hand om økonomisk rådgivingsteneste.
– Nivået på stønaden kan diskuterast, først må vi evaluera ordninga, seier Hanssen, som forsikrar at regjeringa si målsetting sjølvsagt er å avskaffa fattigdommen.
Det nye kvalifiseringsprogrammet skal behandlasta i Stortinget i haust, og kan ifølgje statsråden tidlegast komma i bruk i dei kommunane som har Nav-kontor i november.
Finansminister Kristin Halvorsen varsla i sitt innlegg at det kan vera aktuelt å innføra minstesatsar for sosialhjelp som forpliktar kommunane. I dag har ein rettleiande satsar.
– Ulik behandling i ulike kommunar er eit problem for rettstryggleiken, seier finansministeren, men lover inga endring med det aller første.

Individforklaringar

Tvetene peiker også på eit anna paradoks.
– Det er eit tankekors at den raudgrønne regjeringa bruker ein fattigdomsdefinisjon som gir langt færre fattige enn om vi hadde definert fattigdom slik EU gjer, seier ho.
Ut frå norsk reknemåte, som set fattigdomsgrensa til halvparten av medianinntekta, er det 30.000 fattige barn og 100.000 enkeltfattige i Noreg. Bruker ein EU-definisjonen, blir det dobbelt så mange fattige barn, og fire gonger så mange enkeltfattige.
Tvetene konstaterer at dess lågare talet på fattige er, dess lettare er det å leita etter individforklaringar på at folk er fattige. Dess høgare talet er, dess større grunn vil det vera til å sjå etter systemforklaringar.

Frykt eller tiltru

– Dersom forklaringane ligg i systemet, er det også systemet som må forandrast om ein vil gjera noko som monnar med fattigdommen. Ein kan velja om ein vil ha eit system som byggjer på tillit til folk, eller om ein vil ha eit system som byggjer på frykt og mistillit, seier ho, og viser til at det har vore uttalt frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) at ein er redd for at dei økonomiske stønadene skal bli så attraktive at folk skal velja trygd i staden for jobb.
– Det finst ikkje forsking eller annan dokumentasjon som kan underbyggja at folk blir mindre motiverte for å komma i arbeid om dei offentlege stønadene blir auka. Tvert om er det mykje forsking som dokumenterer at eit liv i fattigdom tar ifrå folk sjølvbiletet og sjølvtilliten. Dermed blir dei også dårlegare i stand til å kunna forsørgja seg sjølve med eige arbeid. Forsking viser også at det er ein klar samanheng mellom dårleg økonomi og dårleg helse. Det finst ingen rasjonelle grunnar til å halda dei økonomiske ytingane på eit minimumsnivå, seier ho.
– Kva vil det kosta å heva dei økonomiske ytingane slik du foreslår?
– På kort sikt vil det krevja noko større utbetalingar. Men greier ein å gi folk eit verdig liv, gir det ei heilt anna tru på eigne evner og vil gjera at langt fleire både vil få betre helse og livskvalitet, og bli betre i stand til å forsørgja seg sjølve.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT