Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Kultur & medier
Torsdag 23. august, 2007
– Gjer Operaen kul

– Gjer Operaen kul

Torsdag 23. august, 2007

«Eg trur dette er ein gjennomtenkt strategi for å gjere Operaen kul»
Erling Dokk Holm:«Det er greitt i forhold til ideen om at opera skal vere fattigfornemt»
Karl Fredrik Tangen
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
– Sofistikert marknadsføring, seier Erling Dokk Holm om at Den Norske Opera tilbyr rikfolk billettar til opningsshowet og namneplakett for 250.000 kroner.

Den Norske Opera er på jakt etter såkalla mesenar, det vil seie rikfolk som er viljuge til å betale kroner 250.000 for to billettar til opningsshowet og for å få namnet sitt inngravert på ein plakett inne i operabygget.
Kommersiell sjef ved Operaen Martin Biehl understrekar likevel at Operaen ikkje ynskjer å framstå som ein rikmannsklubb. Alle som vil kan bli mesen, presiserer Biehl overfor NTB.
Stipendiat ved Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo, Erling Dokk Holm, trur tiltaket paradoksalt nok kan vere med å gjere Operaen folkeleg:
– Tiltaket kan vere med å folkeleggjere Operaen. Ein ser det same med båtracet i Oslofjorden. Personleg får eg avsmak og ein kan kalle det ein rikmannssport, men det er populært. Det eksklusive og dyre ved det trekkjer folk. Dei som blir mesenar for Operaen er ikkje å betrakte som konvensjonelle publikummarar, men som del av Operaens mediestrategi. Operaen ynskjer å få inn nye pengar og samstundes får dei merksemd gjennom kjendisane.
Det politiske og ideologiske klimaet er dessutan modent for ein slik tenkemåte, trur Dokk Holm:
– Alle motkulturar i Noreg, som til dømes dei lågkyrkjelege, ville bli fråstøytte av dette og tenkt at dette var uttrykk for ein umusikalsk måte å syne rikdomen sin på. Men desse motkulturane er jo ingenting verde om dagen. Eg trur dette er ein gjennomtenkt strategi for å gjere Operaen kul. Om John Fredriksen betaler 250.000, og eg kan gå der for 280 kroner, så føler eg at eg er litt med.
– Er dette rett og slett den luraste måten å gjere Operaen folkeleg?
– Om dette er den luraste måten å gjere det på, veit eg ikkje, men det er ganske sofistikert fordi det kombinerer marknadsføring og inntekter. Og det er ein modell som blir brukt i andre land med hell. Det fungerer i «vi elskar dei rike»-kulturar. Kva eg personleg meiner om dette er uinteressant, spørsmålet ditt er om det fungerer, og det trur eg kanskje det gjer.

Fattigfornemt

Høgskulelektor ved Oslo Marknadshøgskule, Karl Fredrik Tangen, trur òg dette kan vere eit paradoksalt lurt trekk frå operaleiinga:
– Eg utelukkar ikkje at dette er lurt. For vanlege folk er det å gå i opera ein smak av det høge livet. Dette tiltaket er i strid med ambisjonen om at Operaen skal vere levande for folket, og passar dårleg med ideen om å rive operaen ned frå parnasset, men det er greitt i forhold til ideen om at opera skal vere fattigfornemt. Det ville ha vore mykje vanskelegare om folk skulle få faktisk kunnskap om operatradisjonen og musikken og alt det der, enn å byggje på dei klisjéprega tankane om opera som noko opphøgd.
– Så ein folkeleg opera er urealistisk?
– Det er i alle fall eit mykje større brot med førestellinga av opera som noko dei fine går på.
Tangen trur likevel ikkje det blir lett å finne rikfolk som vil bla opp 250.000:
– Eg trur ikkje det blir ein lett jobb. Det er heller ikkje så lurt å satse på bidrag frå einskildpersonar reint skattemessig, det hadde vore enklare om dei kunne gjort det gjennom firmaa sine over marknadsførings- eller velferdsbudsjettet.

Representasjon

Professor i teatervitskap, Jon Nygaard, berre ler når han blir konfrontert med Biehls påstand om at Operaen ikkje vil oppfattast som ein rikmannsklubb:
– Det er klart at dette naudsynleg må oppfattast som ein rikmannsklubb, ein kan ikkje late som om dette er folkeoperaen. Men det er pengar dei er ute etter, og då må dei gå der pengane er, seier Nygaard
– Kunne ein tenkt seg eit meir inkluderande opplegg?
– Då måtte ein ha vore sikker på at ein hadde eit stort og entusiastisk operapublikum. Ein måtte hatt tusen gonger så mange bidragsytarar om ein skulle gå ned i 250 kroner, og så mange operaentusiastar finst ikkje i Noreg. Dette er med på å markere at Operaen kostar mykje pengar og er for dei med mykje pengar.
– Er norske rikfolk viljuge til å finansiere slikt?
– Ikkje i voldsam grad. Eg trur ikkje Røkke har mykje interesse av Operaen. Kanskje Spetalen og Stordalen lèt seg lure til opninga med bilane sine, men eg trur ikkje det er ein stor marknad.
Nygaard meiner at denne type storslagne operabygg primært blir sette opp som nasjonale representasjonsbygg, ikkje av omsyn til innhaldet:
– I dette tilfellet er det heilt opplagt. Snøhetta skal bygge eit fantastisk bygg, og kva som er inni er det ingen som har brydd seg med. Det er sjølve bygget og Bjørvika som den nye fasjonable bydelen i Oslo som er viktig. Som i Sydney er poenget operaen som blikkfang. Desse mesenane og namneplakettane inngår i dette. Det er ein måte å markere seg sjølv og det er ein måte å markere bygget.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT