Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Fredag 17. august, 2007
Sa opp i protest
SLUTTA: ? Det er forsøkt innført eit totalitært regime over ein sjølvstendig redaktør, seier Mari Toft, også kjend som Syphilia Morgenstierne. Ho sluttar som redaktør i bladet Bok og Bibliotek etter berre eit halvt år. foto: per helge berrefjord

Sa opp i protest

Fredag 17. august, 2007

FAKTA

LES MER

«Eg har redigert blad sidan eg var 23 år og eg har aldri opplevd noko liknande»
mari toft
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Mari Toft går av som redaktør for bransjebladet Bok og Bibliotek. – Styret er inkompetent, hevdar Toft.

Mari Toft, betre kjend under pseudonymet Syphilia Morgenstierne, går av som redaktør i Bok og Bibliotek, etter at det halve året med prøvetid no er over. I eit uvanleg krast oppseiingsbrev, som blei offentleggjort på heimesidene til Norsk Bibliotekforeining i går, karakteriserer ho eigarselskapet, ABM-Media som «et uvanlig amatørmessig selskap uten selv de mest grunnleggende kvalifikasjoner innen både medievirksomhet, ledelse, organisasjon og generell næringsvirksomhet».
– Parallelt med at styret ikkje har noko kompetanse, er det forsøkt innført eit totalitært regime over ein sjølvstendig redaktør. Eg har redigert blad sidan eg var 23 år og eg har aldri opplevd noko liknande, utdjupar Toft overfor Klassekampen.

Ny modell
Tidsskriftet Bok og Bibliotek var opphavleg eigd og drive av ABM-Utvikling, Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. Den førre redaktøren Chris Erichsen opplevde fleire konfliktar vedrørande den redaksjonelle uavhengigheita, og ABM-Utvikling var openbert ubekveme med både å vere eit statleg organ og utgjevar av eit blad som blei drive etter redaktørplakaten.
For å omgå dette problemet blei det skipa eit nytt selskap ABM-Media, med dekanus ved Høgskulen i Oslo Øivind Frisvold som styreleiar, som skulle vere driftsselskapet bak både Bok og Bibliotek og Museumsnytt, medan ABM-Utvikling ikkje gjorde anna enn å overføre pengar.
Dessutan blei den profilerte tidsskriftredaktøren Mari Toft tilsett som redaktør.
Men etter berre eit halvår som redaktør er det slutt. Tilsetjinga av ein dagleg leiar var dropen for Toft:
– Styreleiar sette inn stillinga si på å ha ei bestemt dame som dagleg leiar, som var heilt utan kompetanse. Både eg og den andre redaksjonelle medarbeidaren har forsøkt å forklare Frisvold at dette var ei dødslinje, men han har vendt det andre øyret til. Vi trong ingen dagleg leiar, lova krev det heller ikkje, det er berre tull.
– Eg har budsjettansvar som redaktør, men fekk ikkje innsyn i rekneskapen. Dagleg leiar og styreleiar kunne bruke så mykje pengar dei ville av mitt budsjett, eg hadde ansvar for eit budsjett eg ikkje rådde over.

Feil folk
– Er det konkrete ting du har skrive som styret har reagert på?
– Nei, eg har ikkje opplevd avgrensingar på det redaksjonelle, berre på det administrative planet. Styret har ikkje forstått kva ei mediebedrift er.
– Var modellen med det nye selskapet ABM-Media ugjennomtenkt?
– Ja, det var veldig ugjennomtenkt, men dette er personavhengig. Om du ikkje er innstilt på å vere profesjonell og å lytte til andre, hjelper det ikkje med ein god modell. Forgjengaren min Chris Erichsen var skeptisk til modellen, eg er skeptisk til menneska uavhengig av modellen.
– Trur du Bok og Bibliotek kan miste tingarar av bråket?
– Ja, det trur eg. Ein skal vere varsam med å spå eit blads undergang berre fordi ein går sjølv, men eg ynskte å bygge opp eit moralsk og intellektuelt kraftsentrum i bibliotekmiljøet, og eg kan ikkje sjå at ein seriøs redaktør kan ynskje å gjere ein jobb under slike vilkår.

Trekkjer seg òg
Klassekampen har ikkje lukkast å kome i kontakt med styreleiar Øivind Frisvold, men til Norsk Bibliotekforeining uttalar Frisvold at han beklagar avgangen, og at redaktør av tidsskriftet Museumsnytt, Inger Anne Hovland, vil fungere som redaktør i ein overgangsperiode.
Det er eit vikariat Toft reagerer på:
– Eg synest det er ukollegialt og uklokt av henne. Kanskje veit ho ikkje kvifor eg sluttar, men ho hadde hatt høve til å finne det ut.
Når Klassekampen konfronterer Hovland med Tofts reaksjon, ber ho om tenkepause for å snakke direkte med Toft.
Deretter ringer Hovland attende og opplyser at ho ikkje vil ta på seg oppdraget som overgangsredaktør:
– Eg har no snakka med Mari, og det er heilt uaktuelt for meg å ta denne jobben. Eg visste ikkje at ho kjende seg krenka, og eg forstår henne godt. Eg har lagt igjen beskjed på svararen til Frisvold om at eg ikkje er interessert i oppdraget.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT