Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Torsdag 9. august, 2007
Prisme for si samtid
SLUTTEN: Biograf Aldfred Fidjesøl framfor Torggata bad i Oslo. Bygget er nytt, men det var her, i det gamle Kristiania Bad, at Per Sivle skaut seg sjølv den 6. september 1904. Eit knapt år før unionsoppløysinga ? fullføringa av den nasjonale kampen som Sivle hadde vigd seg til.

Prisme for si samtid

Torsdag 9. august, 2007

FAKTA

LES MER

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
I diktaren og avisredaktøren Per Sivle samlast dei fleste trådane frå dei store politiske og kulturelle kampane på 1800-talet. Ved 150-årsjubileet for sin fødsel har Sivle no fått ein ny biografi.

Per Sivle vart berre 47 år gammal, men dei åra han levde – frå 1857 til 1904 – er nokre av dei mest dramatiske og legendariske i norsk historie.
– Det er det unike med Sivle som biografiobjekt, seier Alfred Fidjestøl. Klassekampen-journalisten gjev i dag ut boka «Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle» (Samlaget).
– I denne perioden får vi ein gradvis open debatt om kristendommen, det er ei litterær blømingstid med det moderne gjennombrotet, det er den kulturradikale Kristiania-bohemen sin epoke, det er folkerørslene si tid med ei arbeidarrørsle i emning og ei gryande kvinnerørsle, det er ein demokratisk kamp for røysterett og det storpolitiske spelet med innføringa av parlamentarismen og riksrettssaka står i desse åra. Alt går saman i kampen for nasjonal frigjering. Dels på slump blir livet til Sivle vikla inn i alle desse miljøa og problemstillingane, og han blir etter kvart ein viktig aktør i fleire av stridane, fortel Fidjestøl.

Polemikaren
Som politisk aktør var Sivle viktigare enn kva biografen hadde trudd då han starta skrivearbeidet.
– Sivle var svært synleg i samtida. Ikkje minst i tida han var redaktør i Kristianiaposten. Det var den einaste store Venstre-hovudstadsavisa som forsvarte statsminister Johan Sverdrup i den oppheita partistriden mellom dei kristelege, moderate «oftedølane» og dei urbane, radikale «europearane». Sivle, som sjølv hadde vore radikal redaktør i Buskerud Amtstidende, vart sett på som svikar.
Per Sivle freista ei kompromissline, men hadde eit altfor skarpt temperament til å vera nokon samlingsfigur.
– Det var ofte høgare temperatur enn substans. Han kom i ein personleg polemikk med Bjørnson, og Arne Garborg skreiv teaterstykket «Uforsonlige» mot regjeringsbrørne Johan og Jacob Sverdrup og «deira» redaktør Sivle.
Men Sivles politiske liv var noko vinglete.
– Når vi kjem til 1890-talet, er diktaren Sivle tilbake som radikal nasjonal frigjeringsskald.

Arbeidardiktar
Per Sivle forfatta berre ein roman. Dette er til gjengjeld den fyrste norske arbeidarromanen med den på alle vis klåre tittelen «Streik» frå 1891. Romanen var eit resultat av ei skakande oppleving Sivle hadde hatt ti år tidlegare, då arbeidarane ved Hotvedt dampsag i Drammen gjekk til ein militant streik. Streiken, som stod om ti øre timelønsauke, enda i eit blodig slagsmål på Bragernes Torg, der militærtroppar skaut og drap ein 17 åring.
– Korleis var eigentleg Sivle sitt tilhøve til den gryande arbeidarrørsla og sosialismen? – Då Sivle kom til Drammen hadde han kasta pietismen frå oppvekståra av seg. Han var open for ei ny sak, så å seie. Sivle var enno upolitisk, men nasjonalt innstilt, og det at norske soldatar drap ein norsk gut var dobbelt skakande for han, seier Fidjestøl.
– Samstundes: Livet gjennom nørte Sivle eit ideal om at diktinga måtte fylla ein funksjon. Han oppdaga no at han kunne bruka diktinga politisk. Noko som kom til uttrykk i ei rad skillingsviser som i stor grad har gått tapt.
Men livet kjem i vegen for romanforfattaren Sivle. Det tar ti år frå torgslaget til «Streik» kjem ut. På det tidspunktet er tendensromanar passé, samstundes som han er alt for langt føre si tid for den sosialrealistiske romanen. Mottakinga blir lunken. Boka vart seinare teken opp av 1970-talet sine revolusjonære ungdommar.
– Men Sivle var aldri revolusjonær. Han var og vart Venstre-mann, og det var alltid noko harmoniserande i botn av han. For Sivle gjekk likevel den nasjonale frigjeringa, demokratiseringa og arbeidsfolks rettar saman. Slik sett er han ein viktig figur for å forstå det nasjonale spørsmålet tida. Det var ikkje noko reaksjonært, men demokratisk.
Arbeidarrørsla trykte i alle fall Per Sivle til sitt bryst, og den største nekrologen over diktaren stod på trykk i Socialdemokraten, saman med Sivle-diktet «Heis os et rødt, et flammende Flag».

Tragedie
«Eit halvt liv» er ein idéhistorisk, ikkje ein litterær eller psykologiserande biografi. Ein finn ikkje noka samla vurdering av forfattarskapen til Sivle. Men Alfred Fidstøl hevdar publisisten Sivle var vel så interessant som forfattaren.
– At «Sogor» står att som dén kjende boka etter Sivle, fortel noko om kor synleg Sivle var i samtida. Dikta vart prenta på framståande plass i dei store avisene straks dei var klare, og dei vart raskt tonesette og sunge i dei nye ungdomslaga og songlaga. Alt var kjent når samlingane kom. Jamvel på høgda tente han aldri på bøkene.
Det personlege livet til Sivle var tragisk frå fødsel til grav. Ei lagnadstru på at han skulle ta sitt eige liv, prega han. Mora hadde freista drepa seg medan ho gjekk med Per og tvillingboren. Per var den einaste som levde opp av seks brør. Mora døydde i barselseng etter fleire daudfødslar då Per var to år. Per sjølv vart tidleg sjukleg og mot slutten bikka han mot sinnssjukdom. Etter mykje motgang skaut han seg hausten 1904.
– Sjukdommen var viktig, men kva han leid av, er ikkje så godt å seia, utanom at det låg ei somatisk liding i botn. Samtidas teoriar om sjukdomsarv prega sjølvmordstankane. Dette vart igjen styrkt av vener som dyrka den romantiske myten om den sensitive kunstnaren. Per Sivle var ein paradoksal mann. Han var pessimistisk og greidde å øydelegga for seg sjølv også når livet la seg til rette for han. Samstundes viser det han skreiv at han var ein stor humorist og empatikar, seier Alfred Fidjestøl.


Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT